Pleie og omsorg

Share

Unn Merethe Nordby er pleie- og omsorgssjef i Valle kommune. Den jobben har ho hatt vel eitt år. Ho bur på Breive, så ho har lang køyreveg for å kome på jobb, men trivst i jobben. -Sjølv om det er litt langt, slepp eg å stå i kø, seier ho.

Onsdag 13. desember var ho gjest hos Bjørgulv T. Berg i programmet Kommunen informerer. Det var første gongen ho var i radioen, så ho var litt nervøs. Som pleie- og omsorgssjef er ho oppteken av at brukarane, anten dei får heimebasert omsorg eller får tenester på Valle Alders- og Sjukeheim (VASH) skal oppleve at tenesteytarane samarbeider. -Vi må hugse at vi er her for brukarane våre, sa ho.

Ho skrytte og av situasjonen i Valle, der det er nærleik til brukarane og ikkje lange avstander mellom dei som yter tenestene og brukarane. Elles fortalde ho at det er blitt mykje større krav til dokumentasjon i sjukepleietenesta. På VASH har dei lagt om til datajournal, og omlegginga har teke mykje tid i starten, men etter kvart går det betre, ikkje minst fordi folk hjelper kvarandre.

VASH skal innføre Miljøfyrtårn i 2007, der alle tilsette skal ta ansvar for miljøet. Det gjeld avfall, som skal kjeldesorterast, det gjeld vaskemiddel og det gjeld arbeidsmiljøet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.