Takk for kommentarar

Share

Valle Radio sin blogg har ikkje hatt så mange kommentarar. Av og til har det kome spam, og nokre kommentarar har eg sletta fordi dei ikkje har vore relevante i høve til bloggen sitt føremål. Men no i jola vil eg nytte høvet til å takke for dei to siste kommentarane og oppfordre lesarane av bloggen til å lese kommentarane. Ros er alltid triveleg å få, og me treng det også.

Eg har mange gonger undra meg over at det har vore så få kommentarar til det eg skriv på bloggen. Eg har vald å tolke det slik at det eg skriv er dekkande for det som har vore oppe i radioen når eg skriv om programma i radioen, og at lesarane ikkje finn så store feil i det eg skriv, at dei tek seg bryet med å korrigere meg. Eg veit jo og at barrieren for å skrive ein kommentar til eit innlegg på ein blogg, er ganske høg. Det ser eg på meg sjølv, som av og til surfar innom andre bloggar og les, men ikkje legg att kommentarar sjølv. Difor har eg slått meg til ro med at denne bloggen nok skal vere ein blogg der eg skriv og andre les. I romjola har eg hatt over 40 lesarar ein av dagane, i går var det 29 som las på 426 sider, og talet har auka mykje dei siste månadane.

Mange lurer og på korleis eg kan klare å finne på nye ting å skrive om eller lage radio om. Kan det skje så mykje i ei lita bygd som Valle? seier dei. Men du ser det sjølv, det stoppar ikkje opp. Før denne artikkelen var det 430 innlegg på bloggen, og i det nye året vil det kome fleire.

Eg har hatt som mål å skrive eit innlegg kvar dag no i desember, og det ser ut til at eg klarer det. Når dette er ferdig, har eg bare ein dag att, så er månaden full. Dei som høyrer på radioen, veit at eg får ikkje med meg alle tema her, men, som Vidar H seier det, om ein ikkje fekk høyre på radioen ein onsdagskveld, vil ein tur innom bloggen mange gonger gje eit bilete av kva som var oppe. Eg høyrer ikkje sjølv alle programma, men når det høver, prøver eg å gje eit bilete av det her.

Men bloggen min er jo utan bilete, i alle fall har den vore det til no. Ein seier at eit bilete fortel meir enn tusen ord, men eg har til no halde meg til dei tusen orda. 😀 Det høver best i radio, og det er meir styr med bilete.

Så langt i kveld. Takk for at du les på bloggen. Ta gjerne kontakt med tips og idear til program og innlegg her. Vi speglar bygda vår på denne måten.

One thought on “Takk for kommentarar”

  1. Hei, Hei! Jeg er stadig innom og leser hos deg i bloggen din, men jeg er desverre ikke flink til å legge igjen kommentarer.
    Du skriver godt og om mange intresante ting, og jeg håper du vil fortsette med det!!

    Ønsker deg og dine en riktig fin nyttårskveld!!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *