To gonger i nyhetene

Share

To dagar etter kvarandre har Setesdal vore i nyhetene. Fyrst var det Jan Olsen sitt Cuba-prosjekt i går, i dag var det mindre hyggeleg, for dei leita etter gruppe tyske speidarar som ikkje kom fram dit dei skulle. Heldigvis synte det seg at dei hadde gått til ei hytte og var i god behald, men det var mange som var ute og leita etter dei før det vart konstatert at dei ikkje leid noko naud.

Fjellet er flott om vinteren, og folk køyrer i tusental frå Kristiansand til Hovden, og no etter kvart og til Brokke, for å gå på ski. Men om uveret kjem, er det ikkje til å spøkje med. Mange er det som har late livet i norsk vinter på fjellet. Difor er det godt at nokon vil ta den tøffe jobben det er med å rykkje ut og leite. Heldigvis er det lettare no, snøscooter gjer nyttig arbeid for alle som vil fram.

Lokalkunnskap er viktig. Difor er det naudsynt at folk i bygdene får høve til å halde den ved like. No når ein ikkje i like stor grad som før nyttar heia, er det lett for at denne kunnskapen døyr ut om ein ikkje på ulike måtar finn høve til å halde den ved like.

For nokre år sidan fortalde Knut O. Nomeland i Valle radio om korleis dei slo høy langt oppe på fjellet og la det i små høybuer. Når vinterføret kom, var det å dra innover med hesten for å hente høyet. Lange dagar i fjellet gav stor kunnskap om fjellet og stor respekt for naturkreftene. Dei som brukte heia på denne måten er snart ikkje mellom oss lenger. Margit Hovet fortalde i ein telefonsamtale på Open sending om korleis ho var på støylen ved Bossbu. Det er klart at dei som har slik erfaring veit mykje om fjellet både i godver og uver. Truleg er det uråd å bringe den kunnskapen vidare til nye generasjonar, for den kan ein ikkje få ved å lese, om dei no hadde skrive det dei veit. Den må ein lære ved å erfare det som ein kan erfare når ein opplever det.

Kor vil eg med det eg skriv no? Jo, eg meiner at jo mindre bygdefolk får kjøre i heia om vinteren (snøscooter), jo vanskelegare er det å halde oppe kunnskap som kan vere livsviktig når uhellet er ute og skigåande turistar ikkje kjem fram dit dei skal. Det er ein av grunnane til at politikken ein fører på dette området, ikkje er populær hjå bygdefolk. Nyttekøyring og faste løyper er vel og bra, men heia er mykje større og ein treng å vere kjent andre stader enn i dei faste løypene.

Så får eg gå ned av såpekassen min for i kveld. God natt til alle lesarar.

Jan Olsen på laurdagsrevyen

Share

Eg sat på loftet og førebudde program for neste veke då det kom eit rop frå stova nede: Jan Olsen er på TV, kom og sjå. Eg sprang ned tids nok til å høyre ein lokal person lovprise arbeidet Jan gjer og sjå to blinde på tandem. Her er sida til Jan: http://home.no.net/jaol2/startside.htm

Og her er den nye sida med blogg: http://www.syklertilcuba.org/

Bjørgulv T. Berg var til Cuba på ferie i slutten av januar, og då besøkt han Jan. Han fortel at dei var med Jan rundt og delte ut noko ein dag. Bjørgulv var imponert over arbeidet og dei mange som fekk noko å glede seg over gjennom Jan sitt engasjement. -Jan er pragmatisk og finn ei løysing på det meste, fortalde Bjørgulv då vi prata om det sist veke. Det er eit strålande arbeid han gjer.

Annbjørg og Sigrun var jo også til Cuba for å sjå korleis det gjekk med syklane Valle skule hadde samla inn. Dei hadde program i Valle radio då dei kom heim att og var fulle av lovord over prosjektet.

Aani Aanisson Rysstad

Share

I går spurde Helge Haugland (son min) om det hadde vore nokon stortingsrepresentant frå Valle. Eg måtte tenkje meg litt om, for Osmund Faremo var fødd i Hylestad, men er elles kjend frå Bygland, der han jo var ordførar eit par periodar. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Osmund_Faremo

Men så hugsa eg at Aani Rysstad hadde vore på eit arrangement på Soknehuset og fortalt om far sin, Aani Aanisson Rysstad, som hadde vore stortingsmann. Dermed kunne eg seie at det var ein. Ikkje lenge etter kom det ein ny artikkel på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Aani_Aanisson_Rysstad , så no er det 49 artiklar med tema frå Valle. Men framleis er lenka til Rysstad raud, det vil seie at det ikkje er nokon artikkel om Rysstad enno. Vi må kanskje gjere noko med det snart.

Vesthei og Wikipedia

Share

I den aktuelle timen onsdag 7. februar hadde Bjørgulv T. Berg fått med seg **Tarjei Haugen** til ein prat om Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. http://tinyurl.com/3946c6 er lenka som hjelper deg her.
Tarjei vart tilsett som leiar for sekretariatet frå 1. februar, og dei hadde ein interessant samtale om verdiane som ligg i dette området og om korleis ein kan nytte dei lokalt.

Deretter kom *Rune Mikkelsen** i studio for å diskutere med ordførar **Steinar Kyrvestad** (som var med på telefon) vedtaket som fylket har gjort i høve til søknaden frå Brokke Utvikling om å få køyre med 4-hjuling i området som dei disponerer. Planen er å køyre med eit slikt køyrety for å gjere naudsynleg arbeid i området, arbeid som ein ikkje kan gjere om vinteren og nytte snøscooter.

Så hadde Bjørgulv ein telefonprat med **Signe Sollien Haugå** om seminar/ studium i styrearbeid som Setesdal Regionråd set i gang. Bakgrunnen var ein annonse i avisa, og Bjørgulv ville vite meir om prosjektet.

Til slutt fekk **Harald Haugland** høve til å fortelje litt om Wikipedia, som i går hadde 48 artiklar om Valle mellom dei snart 100.000 artiklane i leksikonet. Ein reknar med at dette dugnadsleksikonet rundar 100.000 artiklar i løpet av februar. http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside Alle kan redigere på Wikipedia, og ekspertane på Valle bur ikkje i Oslo. Difor kan like gjerne folk her skrive i dette leksikonet, og om noko er feil, vert det retta opp av ein av dei mange som brukar det.

Med det var timen slutt og **Jorunn Tveiten** kom i studio for å ha Kommunen informerer. Etter kveldens andakt, som var ved **Håvard Viki**, kom **Roar Tveit** i studio for å prate med Bjørgulv og spele plater. Like før den opne sendinga gjekk på lufta, var **Helge Dahle** innom og fortalde om revyen Galskapen lenge leve, som dei skal ha på Valle Motell komande helg.

No har eg vore teknikar på Open sending

Share

Det var Rolf Erik Homme som hadde ansvaret for Open sending onsdag 7. februar. Han hadde Jorunn Lund Harstad med seg i studio, Torbjørg Hoftuft og Harald Haugland tok telefonane, medan Gudrun Rysstad var teknikar. Siste timen overtok Harald som teknikar, så Gudrun kunne få fri litt tidleg.

Rebusane var basert på Setesdølen frå 6. februar 2007

Lisbeth Dalquist Homme fekk sekken.
Torill Lunden fekk kruset.

Dei andre premiane gjekk til

Borgny Karlsen: Lampe
Annbjørg Trydal Jansen: Skål, gåve frå Gyro Homme
Ingebjørg Vegestog: To lommelykter
Gyro Trydal: Radiopenn
Margit Hovet: Kalkulator

Premiane kan hentast på Statoil, Rysstad og Esso, Valle

Nytt design

Share

Leverandøren av bloggen har laga eit opplegg som gjer at det gamle designet for bloggen ikkje lenger kan brukast. Eg streva litt med å få ting til å fungere att, for det var nokså kaotisk ei stund.

Ein av funksjonane som gjorde at eg oppretta det nye systemet, var at du no kan abonnere på bloggen min og få han tilsendt som epost. Om det vil føre til at eg får færre besøk i statistikken, veit eg ikkje. Kanskje vert det slik at eg får ei liste over dei som kjem til sidene og ei anna liste over dei som får det eg skriv tilsendt på epost.

Uansett synest eg at det nye tilbodet leverandøren har, bør brukast. Difor har eg teke det i bruk. Vonar at du finn det greitt.

Hellige skrifter og herlege bøker

Share

I bokaktuelt i kveld fortel biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme om samlinga av heilage bøker dei har på biblioteket. Her finn du bøker frå mange religionar, shintoisme, inuittane, islam og buddhisme for å nemne nokre. Fleire er nemnde i programmet. Du finn bøkene ved å søke på Verdens hellige skrifter på biblioteket si søkeside. Den finn du ved å gå til http://www.valle.kommune.no/ og så i høgre marg gå til “Søking i biblioteket sine bøker”.

I programmet snakkar vi og om Alexander McCall Smith. Han er ein skotsk forfattar som har fått mykje ros dei siste åra. Professor i jus som skriv barnebøker og bøker for vaksne i stort tempo. Sjå meir om han her: http://tinyurl.com/yuyzpt Der er det og lenke til andre nettstader med informasjon om forfattaren.

Lisbeth har to bøker av han på biblioteket. Det er Damenes detektivbyrå nr. 1 og Sjiraffens tårer. På norsk er det av han i 2006 kome ut to bøker til, som ho skal kjøpe inn: Moral for vakre piker og Skrivemaskinskurs for menn.

Til slutt snakka vi litt om A Million Penguins, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/A_Million_Penguins , eit romanprosjekt som alle kan redigere, etter modell av wikipedia, som er eit leksikon alle kan redigere.

Program for veke 6

Share

**Tysdag 6. februar**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 7. februar**
Kveldsansvarleg: Bjørgulv T.Berg/ Rolf Erik Homme

18.00 Aktuell time
19.00 Kommunen informerer
19.30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20.00 Bjørgulvs time med gjester
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Karènfolket

Share

Om du ikkje alt har kasta Setesdølen frå fredag 2. januar, bør du lese på side 2 ein gong til. Der skriv prostidiakon Per Emanuelsen om Karènfolket i Burma. Heile folket står på lista over truga folkegrupper. Her er informasjon frå engelsk wikipedia om dette folket: http://en.wikipedia.org/wiki/Karen_people

Det var eit tankevekkande innlegg Per Emanuelsen skreiv om dette folket. I artikkelen fortel han at det er 5-8 millionar av denne folkegruppa. Det er meir enn det er nordmenn, i den engelske artikkelen står det 7,4 millionar. Dei fleste lever i Myanmar, som landet no heiter. Dei fleste er kristne, fortel diakon Per, som opplevde dåp med 170 som vart døypte då han og Tore Ljøkjel var i Thailand fyrst i januar.

Ingen ny rekord i januar

Share

Eg har av og til skrive om sidevisning og besøkstal her på bloggen. Det vart ingen ny rekord i januar, det skulle også noko til, i desember var det 1000 besøk og talet på sidevisningar var 11.332. I januar vart det 8.323 sidevisningar og 961 besøk. Men sjølv om det var 3000 færre sidevisningar, var det bare 39 færre besøk. Det tykkjer eg er godt. Eit besøkstal på om lag 30 kvar dag er greitt nok for denne bloggen, som ikkje tek sikte på sensasjonar, men som heller vil spegle livet rundt Valle radio.

Diverre har eg ikkje fått høyre dei to siste sendingane. Sist onsdag var eg i London og fredagssendinga 2. februar hadde eg heller ikkje høve til å få med meg. Difor vert det ikkje nokon store referat frå desse sendingane med mindre andre skriv noko og sender meg. Då kan eg leggje det ut på bloggen.

Det er mange som spør om korleis det går med Valle radio når vi kjem i prat. Det er ikkje til å stikke under ein stol at vi saknar Hallvard Kjelleberg som inspirator og leiar, men etter mi meining fungerer det framleis å lage radio. Mange lurer på korleis det er mogleg å finne noko å lage radio om i ei så lita bygd som Valle. Men det ser ikkje ut til at kjelda med emne ein kan ha som grunnlag for program, kjem til å tryta. Nye vinklingar og nye idear dukkar opp når ein minst ventar det.

Av og til kan det vere slik at idear til kva eg skal skrive på bloggen ikkje kjem av seg sjølv. Men som regel finn eg eit tema. No nærmar det seg 500 artiklar i alt. Talet på sidevisningar er passert 50.000