Programma i veke 13

Share

For skuld arkiv legg eg ut programma for inneverande veke, sjølv om dei alt er sende. På grunn av at Internett var nede tysdag, fekk eg ikkje lagt ut programma før sendingane.

Tysdag 27. mars
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har funne Mariamusikk
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 28. mars
Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Kommunestyremøte

Påskesendingar

Share

No går planlegginga av påskesendingane for fullt. Både tysdag og torsdag kveld har det vore samling i radioen. Helge Dahle skal ha ansvaret, og han har med seg William Viki i studio. Helge Homme og Ørnulf Hasla har vore saman med Helge for å gå gjennom opplegget og sjå til at alt kjem på plass. Sjølv om eg ikkje skal vere her i påska, vonar eg å få til å skrive litt omkring sendingane, som du kan høyre over internatt. Lenka er http://159.171.56.7/ValleRadio Legg den inn i spelaren din (windows media player) så kan du høyre programmet. I instruksjonen på heimesida til radioen står det:
Start opp Windows MediaPlayer, trykk Fil og trykk Opne URL-adresse. Lim inn frå minnet adressa og trykk Enter.

Sendingane er altså skjærtorsdag og 1. påskedag om kvelden frå klokka 19. I påskeveka har eg ikkje tysdagssending, men eg er tilbake tysdag etter påske.

Etter at Helge, Helge og Ørnulf var ferdige med planlegginga i kveld, vart eg og Ørnulf sitjande og prate litt saman. Den praten enda opp med at eg skreiv ein artikkel om Hasla Setesdalssylv på Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hasla_Setesdalssylv
Eg har skrive om Hasla på bloggen, bruk søkefeltet på toppen for å finne artiklane.

Heilage stader

Share

Tysdag hadde eg dette kåseriet i Valle radio som innleiing til programmet Salmekveld klokka 19:30:

-Eit lokalsamfunn skal ha ein heilag stad. Det var biskop Olav Skjevesland som sa det til til Aftenposten i ein artikkel siste dagen i februar. Ei kyrkje til nedfalls fylte det meste av førstesida under overskrifa: Tvunget til å pusse opp for 750.000 kroner. Ingen bruker den. Kommunen ville selge.

Så blar eg rundt og finn bilete av 18 kyrkjer på side 2 og 3 i avisa. Under er ein artikkel om Hvilke kirker skal ut. I samband med den seier biskopen vidare: -Vi har lært i religionsforskningen at lokalsamfunnene trenger det. Når det ikke er der, er det noe som mangler. Det holder det lokale samfunnet intakt, seier Olav Skjevesland.

Det er over 1600 kyrkjer i Norge. Fem av dei ligg i Valle og Bykle. Særprega gudshus som har vore ramme om sorg og glede i mange år.

I artikkelen i Aftenposten les eg vidare om kyrkja i Dønnesfjord i Hasvik kommune i Finnmark. Den står på ei nes på ei øy der ingen bur lenger. Det er bare gudsteneste ein gong om året, midt på sommaren. Då prest og kommune vurderte å selje kyrkja for ei krone, sa Riksantikvaren i Oslo nei. Kyrkja der er det einaste byggverket som stod att då tyskarane brende alle hus i kommunen. Dei rørte ikkje kyrkja. Midt i krigen var det ein heilag plass dei ikkje fekk seg til å rasere. Riksantikvaren ville frede kyrkja, og det vart laga eit spleiselag som skaffa pengane til å pusse henne opp. No står ho på biletet, nymåla med skodder framfor vindauge og dør og klokkegluggar på neset mot Ishavet.

I den same reportasjen er det 17 andre kyrkjer, gamle og nye, store og små. Frå Kong Oscar IIs kapell i Finnmark til Immanuelkirken i Østfold fortel dei om det biskopen minner oss om: Eit lokalsamfunn treng heilage hus. I år skal det vere oppussing i Hylestad kyrkje. 1838 til til 2008, ein høveleg alder for eit vakkert gudshus. Men ho treng stell, og i vår skjer det. Så får det bli ein pause i bruken inntil vidare.

Du finn meir stoff om Dønnesfjord kapell på wikipedia, sjå

http://no.wikipedia.org/wiki/Dønnesfjord_kapell

Mykje nytt denne veka

Share

**Tysdag 20. mars**
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Grieg
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 21. mars**
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Sosial og arbeid
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Musikktime med noko attåt
21:00 Open sending ved Britta Lise Homme

Ørnulf fortel at han har nyhende som ikkje er kome i Setesdølen enno, men som han vil presentere i Valle radio i den aktuelle timen. Set på Valle radio klokka 18 og få med deg noko for hjarta og noko for tanken.

Det vart litt improvisering i kveld, for det var ikkje signal frå mikrofonen. Difor måtte eg gå i studio for å snakke medan Jørund Georg Jore kom for å finne løysing på problemet. Ettersom det var barnehagen i dag, hadde eg fått Liv Tanche-Larsen til å kome i studio og slik markere dagen ved å fortelje om livet i barnehagen.

Etter kvart fekk Jørund skifta ut utstyret slik at eg kunne gå over til sjølvkjør att, og så kunne programmet gå etter planen.

Dag Jørund Lønning vert ny bygdedirektør

Share

Hugsar du at eg hadde intervju med Dag Jørund Lønning i Valle radio i vår. Her er lenke til intervjuet, som eg skreiv av og la ut på bloggen:
Del 1: http://valleradio.blogs.no/2006/06/08/bygdeutvikling_pa_mange_matar~864086
Del 2
http://valleradio.blogs.no/2006/06/12/bygdeutvikling_pa_mange_matar~874018

No les eg i media at han er tilsett som leiar for Norsk senter for bygdeforsking og skal ta over der etter sommarferien. Her er lenker:
Avisa Sunnhordland
http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070316/NYHENDE/103160004/-1/forside
TA (TelemarksAisa)
http://www.ta.no/nyheter/midt-telemark/article2657296.ece
Vest-Telemark Blad
http://www.vtb.no/visartikkel.php?id=3203
Forskning.no
http://www.forskning.no/Artikler/2007/mars/1174043026.72
Dag og Tid
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=666
I tillegg har http://www.vafa.no oppslaget i Dag og Tid 16. mars. Då må du gå på filarkiv på venstre sida og så sjå under artiklar. Det er ei pdf-fil med kopi av sidene frå Dag og Tid.

Dag Jørund Lønning er ein ressursperson som framleis vil hjelpe Vafa med å realisere bygdeutvikling i Valle.

Stor aktivitet

Share

Denne veka er det stor kulturaktivitet i Valle og Bykle. Sjå på dette:

Torsdag: Konsert med folka frå Beat for Beat. Årsmøte i Valle sogelag på Setesdalsmuseet
Fredag: To basarar: Hylestad bedehus og Guteklubben i Oveinang. «Han innante» var på Hovden
Laurdag: Konsert med Bjarne Stølen i Hylestad kyrkje
Sundag: Barneteaterframsyning i Storstoga

Eg nemnde dette og meir til i sendinga onsdagskvelden som ein del av den aktuelle timen.

Der snakka eg og med banksjef Vidar Homme om rekneskapen til Valle Sparebank for 2006. Sjølv om året ikkje hadde så godt resultat som fjoråret, har ein hatt ein stor auke i aktiviteten, mellom anna med å etablere kontor i Kristiansand. Dette har ført til mange nye kundar, og banken har no ein forvaltningskapital på nesten ein milliard. Truleg vil dei nå det i inneverande år. Tap på fordringar var minimalt også i året som gjekk.

I sendinga snakka eg om med Olav Mandt, som var leiar for det store skirennet på Hovden sist helg. Han fortalde om stor dugnadsinnsats og vel nøgde deltakarar og trudde at det nok ikkje vert siste gong ein arrangerer eit slikt eller eit liknande stemne.

Rebusar og songarar

Share

I Open sending onsdagskvelden var det igjen songarar som stod på lista. Rebus og plate og spørsmål: Kven syng. Det ser ut til at folk likar det, så vi prøvde det også denne onsdagen. Her er lista over songarar og kven som kom inn i studio:

1 Mahalia Jackson – Niklos K. Besteland Vann Kalkulator
2 Ole Ivars – Torhild Lunden Vann DVD Great raids of WW 2
3 Emmilou Harris – Torbjørg Harstad
4 Willie Nelson – Ingebjørg Vegestog Vann Voltmeter
5 Simon and Garfunkel – Angjerd Mosdøl
6 Hans Theessink Ingen telefonar
7 Abba – Signe Lund Vann Pilleeske med alarm
8 Johnny Cash – Torleif Harstad
9 Fleetwood Mac – Tor Salvesen
10 Metallica – Tone Dahle
11 Åsmund Åmli – Ingebjørg Lauvstad

Torjus Uppstad vann Valle Radios Krus
Angjerd Mosdøl vann Valle Radios Ryggsekk

Fire dager, åtte år

Share

Dette er ein roman av Line Baugstø. Den kom ut i 2006 og handlar mellom anna om det som skjedde då Fædrelandsvennen vart sprengd i lufta i februar 1972. Det er alt blitt 25 år sidan, og for mange av oss hadde det nok gått i gløymeboka. Men Line Baugstø, som var 11 år då det skjedde, hugsar det. Ho vart fødd i Kristiansand, men bur no på Ski i Akershus.

**Lenker**
Her er lenke til eit intervju med henne i Fædrelandsvennen då boka vart nominert: http://www.fvn.no/kulturpuls/litteratur/article448380.ece
Og denne lenka fører deg til omtale av boka Dødvinkel, som var nominert til Sørlandets litteraturpris for eit par år sidan.
http://www.bt.no/kultur/litteratur/article25051.ece
Og her er lenka til artikkel om henne på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Line_Baugst%C3%B8 Der er og lenke til omtale av denne romanen. Til slutt tek eg med lenke til Sørlandets litteraturpris, der du kan stemme på boka.

**Om boka**
Boka handlar om folk som på ulike måtar er knytt til avisa. Sigurd er journalist, aleinemora Kristine har arbeidd som korrekturlesar der for lenge sidan og sonen Tor Arne på 15 er avisbud. Då han vert henta på skulen av politiet, vert mora redd at han kan ha vore innblanda i saka, ho synest at ho har mista den gamle kontakten med sonen.

Hendinga skakar ikkje bare opp byen, men også desse personane må på ulike måtar tenkje gjennom livet sitt.

Setesdal er så vidt med i boka, for Kristine vart skild frå mannen sin etter at han hadde vore på hyttetur til Hovden med ei anna kvinne. Dette vart kjent då dei snødde inne og ikkje kom heim att til avtalt tid. I åtte år sidan dette hende har ho kjempa for å halde heimen saman for seg og sonen, men ho føler at han veks frå henne. I si naud tek ho kontakt med Sigurd, som ho var kjærast med før ho gifte seg. Han står midt oppe i alt arbeidet som eksplosjonen førte med seg for dei tilsette i avisa, men tek seg til til å prøve å hjelpe henne.

Lån romanen på Valle folkebibliotek og les han. Han er lett å lese og det er interessant å få friska opp hendingane frå ei svunnen tid. Samstundes syner Baugstø at det er råd å skrive ein roman der personane held ut i dei samanhengane dei er i, utan å bryte ut frå dei. Kristine finn til og med plass for omtanke for familien til gjerningsmannen midt i alt det ho strevar med.

Eit halvt tusen

Share

No runda eg 500 artiklar på bloggen. Eg starta å skrive 1. november 2005, det er 499 dagar sidan. På denne tida har eg skrive 500 innlegg på bloggen. Ikkje alle har vore like lange, ikkje alle har det vore så mykje arbeid å lage. Til dømes har eg ganske mange artiklar i gruppa Program, dei er stort sett oversikt over programmet denne veka. Andre har nok kravd litt meir arbeid.

I snitt har det altså blitt ein artikkel pr. dag i denne tida, sommar som vinter, anten vi har sending eller ikkje. Det syner seg at om eg har innlegg dagleg, så vil folk kome innom å sjå på det eg skriv. Eg nærmar meg 60.000 sidevisningar. Det eg har skrive, har spegla livet i bygda og i radioen og syner mange fasettar. Ofte vil ein ikkje tru at det kan vere så rikt i ei lita bygd. Etter kvart som eg har skrive, har eg oppdaga at eg bare har vore innom ein lite flik av alt stoffet eg kunne ha skrive om. Men slik vel det vel vere.

Eg takkar deg som har lese og gjeve oppmuntring og kommentarar. Du kan og abonnere på bloggen og få melding heim i e-postkassa di når det er nytt innlegg. Ennå er det ikkje så mange som har gjort det, men du er velkomen til å verte med på lista.

Fastebetraktning som kåseri tysdag 13. mars

Share

Jeg så en mann, forpint og slått,
på vei til Golgata.
Hans vandring var så pinefull,
et kors de på ham la.

Slik syng Åge Samuelsen, og i og med at det er fastetid, spelte eg songen i Valle radio i kveld i ein versjon av Jon Petter og Arnfinn Nordbø. For det er ei av sidene med fasteperioden, at ein skal fylgje Jesus på vegen opp til Jerusalem, til Golgata. The Passion of the Christ er ein film som for nokre år sidan leverte dette som ein svært sterk bodskap i tida før påske. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/The_Passion_of_the_Christ Filmen fekk ein del reaksjonar, det er lettare å distansere seg frå volden som ligg i påskebodskapen om ein les den eller høyrer den. Å sjå det på film vart for sterkt for mange.

Fastetida er tida då ein skulle renonsere på noko og heller leggje det i fastebøssa til Kirkens Nødhjelp sin Brød for verda-aksjon. Konfirmantane skal kome rundt i Valle og hente bøssene 28. mars. Det er å håpe på fulle bøsser denne dagen, vi har det så godt, og akkurat no har vi fått løn, så det skulle vere lett å leggje til sides noko. Kirkens Nødhjelp starta sitt første langsiktige utviklingsprosjekt i Abakaliki i Nigeria i 1961, det er snart 50 år sidan. I alle åra etterpå har dei prøvd å lindre naud og å hjelpe folk som lid. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Abakaliki

Det er ikkje bare hjelp å få. No syng Jon Petter og Arnfinn Nordbø I dag er det nåde å få.