Gratulasjon til Bjarne Tveiten

Share

I Setesdølen i går stod det at Bjarne Tveiten har fått Bykle kommune sin kulturpris under 17.-maifeiringa i år. Det var vel fortent for redaktøren av radioen vår. I og med at han er redaktør for Bykle radio, er han og redaktør for det som vert sendt frå Valle Radio. Det er Bykle Radio som har konsesjonen for å sende radio i Øvre Setesdal.

Bjarne har ein allsidig innsats for kulturlivet i Bykle gjennom arbeidet med radioen. Han fekk mykje positiv respons for boka Underet i Breive som kom til jol i fjor og som truleg alt er utseld i fyrste opplaget. Vi går og gleder oss til fleire bøker frå Bjarne sitt skrivebord. Om han tek for seg alle teikningane som Egil Torin Næsheim har laga på Hovden Fjellstoge, vert det 20 bøker. Han må truleg skrive meir enn ei kvart år framover og vil ha pensjonistlivet fullt av prosjekt i lang tid.

Her vil eg også peike på Bjarne Tveiten sitt store kulturarbeid som lærar i ungdomsskulen i Bykle. Der hadde han ansvaret for norskopplæringa for alle tre ungdomsskuleklassane i mange år. Eg hadde gleda av å vere sensor når vi hadde prøvemunnleg i norsk og let meg kvart år imponere over alt elevane hans kunne. Kunnskap så vel om språk som litteratur var formidla til elevane så stoffet sat til eksamen. Det syner at kultur ikkje bare er fritidssyssel, men målmedvite arbeid også i skulen for å formidle språk og litteratur så vel som andre fag. At han i tillegg finn tid til å vere bokmeldar i Fædrelandsvennen, syner noko av det same engasjementet.

Bjarne Tveiten har vore ei inspirasjonskjelde for meg i mitt radioarbeid. Eg saknar fredagskveldane med Bjarne på lufta, men tenkjer tilbake på kvelden i vinter saman med Theis i Valle Radio med glede. Bjarne ber med seg det beste frå kulturen i Bykle og formidlar det vidare på mange måtar.

Gratulasjon til Bjarne Tveiten!

Ingen folkehøgskule i år

Share

Det vert ikkje oppstart av folkehøgskule i Valle i år. Ei stund var signala gode på at ein kanskje kunne få til oppstart alt i 2007, men i sendinga onsdag 16. mai hadde Ørnulf Hasla ein prat med prosjektleiar Lene Dyrkorn som kunne fortelje at alle søkjarane hadde fått avslag om å kome i gang i år.

Lene, som nyleg fekk ungdommens kulturpris i heimekommunen Hobøl i Østfold for sitt engasjement og resultata ho har nådd innan trial-sporten, deppa ikkje så mykje om svaret på første søknaden var negativt. Ho fortalde at dei eigentleg ikkje hadde tekt å søkje om å få starte før i 2008, og ny søknad er alt sendt, det skjedde pr. 1. april, kunne ho fortelje.

Utfordringa no vert å halde engasjementet varmt. Målet er å få til ein folkehøgskule med 35 elevar fyrste året og så auke etter kvart. Skulen skal ha vekt på motorsport og ingen andre folkehøgskular har eit tilsvarande opplegg. Når ein veit kor mange som er interesserte i dette, burde det vere mogleg å rekruttere elevar til eit slikt opplegg.

Til Setesdølen tysdag fortalde Lene at ein måte å halde ideen varm på kunne vere å få til eit tilbod med trial som valfag for 10. klasse ved Valle skule. Men ein må og arbeide for å skaffe meir pengar til folkehøgskolebudsjettet i departementet, slik at det vert råd å starte opp ein ny skule. Ein grunn til at det ikkje gjekk i år, var at då ville det verte mindre pengar til dei som alt driv folkehøgskular. Lene meiner difor at ein må finne eit system med friske pengar når det startar ein ny skule. Det fekk dei ikkje til denne gongen, og det er jo til sjuande og sist eit politisk spørsmål. Difor heldt ho seg unna då Ørnulf utfordra henne på det politiske og sende det over til ordførar og andre politikarar, som nok må ta saken opp i dei rette kanalane om prosjektet skal lukkast.

Odd Dubland

Share

Odd Dubland er ein predikant som har gjeve ut fleire plater og skrive eit par bøker. Eg likar songane hans, i radioen har vi ei av platene der han og dottera Oddrun Helene syng. I går oppdaga eg at han har teke til å skrive på wikipedia, han og. Her er artikkelen om han: http://no.wikipedia.org/wiki/Odd_Dubland

Ein av dei artiklane han starta, var artikkelen Oppbyggelse, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Oppbyggelse Det er jo eit sentralt omgrep i kristen tenkning, og på wikipedia prøver vi å dekke det meste. Difor fekk eg ei utfordring om å gjere starten hans meir leksikalsk etter måten ein skriv på i wikipedia, og det gjorde eg.

I samband med det oppdaga eg at oppbyggelse i teologisk samanheng ikkje er ganske det same som vi gjerne tenkjer: At det skal vere godt og lærerikt å høyre på. I bibelsk språkbruk er det tale om det som byggjer kyrkja, med andre ord, det som får dei levande steinane i kyrkjebyggverket til å praktisere trua.

Det som jo gjorde dette litt spesielt på 17. mai, var at ein av tekstane for dagen var frå Salme 127.1-2, der det heiter at Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes. Dette er også eit tema i fedrelandssalma Gud signe vårt dyre fedreland, kor det heiter Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.

Då eg ville skrive om dette på bloggen i går, var systemet nede for vedlikehald. Det førte til at eg heller ikkje denne månaden får ein tekst for kvar dag. Eg får leve i håpet, det vonar eg at du og gjer.

Open sending 16. mai

Share

I kveld vart det Harald Haugland som måtte ha Open sending, i lista over kven som skal delta i program i eit semester, var Theis Salvesen sett opp, men han hadde siste sending fyrste fredag i mai og hadde ikkje fått med seg at han stod på lista denne kvelden.

Eg nytta difor høvet til å ha ein kveld med fuglar som tema, i radioen har vi fire plater med fuglelydar, og det var jo greitt å få bruke dei litt. Eg valde desse fuglane til rebusane i kveld, og informasjon fann eg på wikipedia:

1. Hubro
http://no.wikipedia.org/wiki/Hubro
2. Gjøk
http://no.wikipedia.org/wiki/Gjøk
3. Linerle
http://no.wikipedia.org/wiki/Linerle
4. Låvesvale
http://no.wikipedia.org/wiki/Låvesvale
5. Gråspurv
http://no.wikipedia.org/wiki/Gråspurv
6. Vipe
http://no.wikipedia.org/wiki/Vipe
7. Grågås
http://no.wikipedia.org/wiki/Grågås
8. Ringdue
http://no.wikipedia.org/wiki/Ringdue

Premiane gjekk til
Anne Lise Harstad – Valle Radio-sekk
Tor Haugum – Valle Radio-krus
Jan Oddvar Pedersen – Lampe
Birgit Rike Lund – Glassbyggesett
Margit Hovet – 5 skinkeboksar, gåve frå Gyro K. Homme
Helene Holsen – Stålbestikk til 6

Alle premiane kan hentast på Esso i Valle 18. mai. Inga Flateland vil leggje dei inn der om morgonen 18. mai.

Ørekyte i Valle

Share

I serien Vatn i Valle brukte eg i dag stoff frå Tom Arild Homme sin rapport til VAFA nr. 2-2005 Prosjekt ørekyte i Øvre Otra. Eg las opp det som han har skrive i innleiinga. Her tek eg med noko av det, tilpassa til bloggen av meg. (Ettersom det er Adobe Acrobat-format og eg ikkje har program til å klyppe og lime frå dette på ein god måte :-))

Ørekyte vart innført til øvre Otra på slutten av 70-talet. Truleg vart fisken sett ut fleire stader, i alle fall veit ein om Sæsvatn på Bjåen og Storetjønn i Bossvassåi. Frå desse stadene spreidde ørekyte seg vidare nedover Otravassdraget, og rundt 1990 var det påvist ørekyte i Valle. No har det blitt ein stabil bestand heilt sør til utløpet av Brokke kraftstasjon. Nedstrøms Brokke er det gjort nokre få observasjonar, men fram til 2004 var det ikkje funne ørekyte i Byglandsfjord.

Sidan tidleg på 90-talet har det vore fiska etter ørekyte med såkalla Geiloruser, og i 1998 vart det kjøpt inn 200 ruser, noko som intensiverte oppfiskinga. Men det er ikkje datamateriale som dokumenterer ein økologisk effekt av oppfiskinga i Øvre Setesdal. Det er gjort få andre undersøkingar av dette i Noreg, og det er vanskeleg å finnen nokon trend. Ein reknar likevel med at det har ein negativ effekt på aureproduksjon å introdusere ørekyte i artsfattige vatn. Sjølv om ørekyte er eit vanleg innslag i dietten til auren i Otra, så varierer det mykje frå plass til plass.

Ein har og funne ut at i små og grunne vatn, vil oppfisking vere eit effektivt verkemiddel for å kome ørekyte til livs. Det overordna målet med prosjektet er å betre villkåra for auren. Difor må ein finne ut meir om auren parallellt med at ein fiskar opp ørekyte.

Her finn du meir om ørekyte på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Ørekyte
Og her finn du meir om aure:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Aure
Sjå på lenkene til venstre for artikkelen og, der finn du stoff på andre språk enn det artikkelen har.

Sæsvatn: http://no.wikipedia.org/wiki/Sæsvatn
Brokke kraftverk: http://no.wikipedia.org/wiki/Brokke_kraftverk
VAFA: http://www.vafa.no/

Program for veke 20-2007

Share

Her fylgjer programma for veke 20.

**Tysdag 15. mai**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Vatn i Valle
20:15 Dagens Grieg
20:30 Niklos K. Besteland presenterer musikk av Dietrich Buxtehude til minne om at det er 300 år sidan han gjekk bort. http://no.wikipedia.org/wiki/Dietrich_Buxtehude
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 16. mai**
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad

18:00 Valle Radio tek 17.-mai-førebuingane på pulsen ved utereportar Helge Dahle. Intervju med Hotell Cesar-stjerna Tor Åmli.
19:00 Kommunen informerer ved kommunelege Hanne Straume
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Fjosrunde i lamminga ved Britta Lise Homme
20:30 Musikk eg likar ved Ørnulf
21:00 Open sending ved Harald Haugland

Det er makt i de foldede hender

Share

Denne sundagen er det tema om bøn i kyrkjene landet over. Ein av dei songane som handlar om det, har same tittel som dagens innlegg på bloggen. Songen er skriven av Trygve Bjerkrheim, tidlegare redaktør av Utsyn og ein av dei som har skrive flest kristne dikt og songar i Noreg.

Bakgrunnen for songen er ein tale som Jon Berg heldt i Misjonssalen i Oslo der Trygve Bjerkrheim var til stades. Jon Berg, som var frå Berg i Hylestad, var knytt til Norsk Luthersk Misjonssamband i mange år og var ein avhalden talar, som og hadde vore misjonær. Sonen Øystein har no overteke slektsgarden etter onkelen sin. Jon Berg var busett på Lunde i Telemark dei siste åra av livet sitt og døydde der for få år sidan.

Meir om denne historia vil du få tysdag kveld i Valle radio. Då vert det salmekveld att klokka halv åtte. Songen er ein av dei mest spelte i Ønskekonserten for år tilbake, og eg må sjå om eg finn ei innspeling som kan brukast til dette programmet. Enno er det ikkje nokon artikkel om Trygve Bjerkrheim på wikipedia, heller ikkje om songen. Truleg vil det kome noko der og når eg kjem attende til Noreg.

Medan eg er her på Jylland, er det naturleg å nemne kva Pontoppidan seier om bøn: **Bøn er at tale enfoldigt med Gud i sitt hjerte.** Å bruke søndagen til det, kan vere ei fin øving. Her er lenke til presten: http://no.wikipedia.org/wiki/Erik_Pontoppidan Og her er lenke til forklaringa han skreiv: http://no.wikipedia.org/wiki/Pontoppidans_forklaring_til_Luthers_katekisme

Ha ein fin sundag!

Jesperhus

Share

Jesperhus er ein blomepark på Mors i Danmark. Vi tok turen attende dit i dag etter å ha sove godt i Skive. http://www.jesperhus.dk

Å kome dit på denne tida av året er nok enklare enn sommarstid, for det var lett å finne parkering og kort kø for å kome inn. I år gjeld billetten som årskort, så har ein først kjøpt billett for ein dags visitt, kan ein kome inn seinare gratis.

Snart kunne vi gå og sjå på blomar i alle variantar. Tulipanar og narcissar var på hell, men fargestrålande likevel. Vi såg på korleis dei heldt på å plante ut nye blomar, små planter som skal vekse seg store og flotte i løpet av nokre veker. Blomeskulpturar hadde dei og, motivet for parken er ein sommarfugl, så det var blomesommarfugl-skulptur og ei rekke andre ting å la auga kvile på. Godt med plass for å kvile kroppen var det og, anten ein bare ville nyte synet av folk og blomar, eller ein ville ha is og kaffe til avslapping. Eit tog likt City-Train i Kristiansand tok folk med på ein rundtur i parken. Det var jo greitt for å skaffe seg oversyn.

Då vi kom var det turnande barn som synte seg fram for gjestene. De hoppa og spratt i rytmisk sportsgymnastikk så det var ein fryd å sjå.

Det som overraska meg mest, var nok alle dyra. Eg tenkte at her ville barnebarnet mitt, Håkon, likt å vore, for han elskar dyr. Surikattar og lemurar, ja visst, men skilpadder og slanger og firfisler og til og med eit par levande alligatorar var der. Ein person heldt foredrag om slangen og synte han fram, heldt han i armane medan han fortalde. Eg ville ikkje ha bytt plass med han, slangar er best bak glass.

Og så var det fuglar av alle slag i dei tropiske husa i parken. Det var interessant å sjå papegøyar og fuglar eg ikkje hadde høyrt om før. Geiter var det og, eit par jenter ville inn til dei, men då den eine geita tok til å ete på skjørtet til jenta, slo ho geita på mulen i staden for å klappe dyret, og så gjekk ho ut att.

Det var også mange aktivitetar for barn der: Elektrisk bil, båt, karusellar av ulike slag. Ein tur i parken var altså ikkje bare for dei vaksne, men minst like mykje for born. H.C. Andersens eventyrhage synte eventyrfigurar i blomar, der var både den lille havfrue og prinsessen på erten.

I parken var det ei rekke vassdrag, skapte av menneske, men vatn fascinerer alle og skapar eit godt klima, så det var flott å gå og sjå på rennande vatn i fleire fasongar. Inne i tropehuset låg ein plastkrokodille og når nokre kom nært nok, dei hoppa på steinar i eit vatnløp der, brølte den og kom setjande ut av hola. Borna sto på steinane med skrekkblanda fryd og vatnet spruta.

Turen gav mange idear til ein vakker hage, til korleis ein kan framheve blomar og bruke dei til å pynte med og skape vakre uterom. Den gav også grunnlag for ein artikkel på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jesperhus

Har du vore på Jesperhus? Skriv ein kommentar til dette innlegget!

I Danmark att

Share

Som eg skreiv i går, reiste vi til Danmark i dag. No sit eg på Best Western i Skive, midt i Skive sentrum og skriv på bloggen. Eg var heldig og fann eit hotell som stiller PC til rådvelde for gjestene.

Turen over Skagerak var ikkje så roleg som sist eg reiste med Master Cat, og det var fleire som gjekk ut og stod på dekk under overfarten. Båten har Atlanterhavets Blå Bånd (den båten som har gått fortast over Atlanterhavet. Les om Master Cat her
http://no.wikipedia.org/wiki/Master_Cat På denne sida finn du og lenke til Blå Bånd.

Då vi var komne på fjorden, kom det melding frå styrmannen at ein måtte attende og hente 15 bilar som hadde blitt hindra i å kome om bord på grunn av alle trailerane og containerane som var i hamna. Dermed vart vi ein halv time forsinka.

Deretter venta ein nydeleg tur over Jylland i kveldssol. Gule rapsåkrar lyste mot oss, i vegkanten var det kløver og nokre stader raps. Vi svingte av frå hovudvegen, og snart var vi utan andre turistar frå ferja, dei drog mot motorvegen, såg det ut til. Vi tok til Thisted, deretter Oddesundvegen til vi kom til vegen som går over Mors. Fire mil seinare var vi i framme i Skive.

Hyggeleg med vidt utsyn. Danmark er særprega. Vi snakka saman i bilen om at dei visst ikkje er redde for vindmøller her og lurte på om nokre av dei vi såg var støypte i former fra Valle Modellverkstad på Rysstad.

No skal vi kose oss ei helg på Jylland. Kva vi finn på, vil syne seg etter kvart.

Å feire runde dagar

Share

Om du høyrde Open sending i går, gjekk det ei helsing til Lisbeth D. Homme, som fyller 60 laurdag 12. mai. Slik sett er ho tvilling med kona mi, sjølv om det var mange mil mellom dei då dei vart fødde.

Å feire åremålsdagar er ikkje alltid det lettaste ein gjer. Eg hadde ein stor 50-årsdag, feira i to rundar sommaren 1997. Det er eit høgdepunkt i livet mitt, Pieter Leebeek spela på orgelkonsert og deretter var det fest på soknehuset. Vener og kjende møttest og hadde det triveleg saman.

Eg spurde Lisbeth korleis ho skulle feire dagen. Ho hadde tenkt å vere heime og sjode kaffi om nokon kom innom. Så ville ho ta seg fri i neste veke og reise til Bergen i samband med 17. mai-feiringa. Ho kjem til å få ei stor oppleving, få kan feire 17. mai som bergensarane. Eg sender ei stor gratulasjonshelsing til Lisbeth.

Lisbeth har vore ein trufast medarbeider i Valle radio. I fleire år har vi hatt bokprogram kvar tysdag klokka 20. Det lagar vi på den måten at eg tysdag mellom 13 og 14 tek opp eit intervju med henne. Ho seier at tysdagskvelden er den einaste kvelden i veka som ho kjem heim før klokka 19, så ho vil ikkje kome på direkten. Men opptak fungerer fint. Vi har hatt mange interessante samtalar, og truleg har vi medverka til at Kjetil Brottveit og Annemor Sundbø fekk Sørlandets Litteraturpris gjennom programma våre, vi var ivrige i å promotere bøkene deira. Slå opp denne lenka, så ser du lenke til begge to:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sørlandets_litteraturpris

Reidun har valt å feire dagen på tur. Det heiter bortreist på dagen. For oss blir det ope hus til sommaren ein gong. I staden tek vi ferja til Danmark i morgon kveld og møter våren i nabolandet i sør. Eg vonar å få ta ein tur i ei kyrkje eller tre, kanskje sjå litt kunst og smake god mat på bursdagen hennar. Om vi finn ein datamaskin der, kan det godt hende at eg bloggar litt, men elles ser vi kva som skjer i Skive og Viborg ei helg i mai.