Stev og musikk og litt til

Share

I Kommunen informerer snakka Øyvind og Leonhard om **Stev for dagen** etter at ein hadde presentert dagens stev frå samlinga til Kirsten Bråten Berg og Astrid Rysstad. Stevkulturen er levande og Kirsten si tolking er flott og slåande. Akvarellane av Kari Rolfsen er av høg kvalitet og Øyvind beundrar det som ho lagar og dei kan ein kjøpe.

Utstillinga av Torvald Moseid sine kunstverk på Setesdalsmuseet er ei strålande samling ikkje bare av broderia hans, men av treskjering og porselensarbeid. Teppet er 62 meter langt, og museet måtte ta ned dei andre utstillingane for å få plass til det. Det vert samanlikna med Bayeux-teppet, som er over 900 år gamalt. http://no.wikipedia.org/wiki/Bayeux-teppet

I Rjukan laga han og ni glasmåleri, sju på den eine sida, to på den andre. Dette var Leonhard i Rjukan og fotograferte, og så laga dei plakatar som dei har på museet for å ha med på utstillinga. http://www.setesdalsmuseet.no/

Leonhard samlar og inn stoff til jubileumsbok om Fjellgardane kyrkje og ville gjerne ha bilete frå folk som måtte ha noko.

Arkeologi i Hylestad

Share

Øyvind Jacob hadde med seg Leonhard Jansen i studio ved starten av sendinga onsdag. Leonhard kunne fortelje at det ikkje hadde vore særleg mange arkeologiske utgravingar i Setesdal. Men ein har funne spor etter menneskeleg aktivitet (pollen frå korn) på Breive tilbake til 2800 før Kristus. Sidan er det spor tilbake til folkevandringstida, om lag 200 til 400 år etter Kristus. Men det er først utover mot vikingtida at det er mange spor etter busetnad i Setesdal.

Han kunne og fortelje at ein kan ta prøver ved å stikke ei stang ned i ei myr og få opp jordprøver. Ettersom ein har tabellar for kor mykje ei myr veks, kan ein rekne ut alder på pollen som ein finn i slike lag.

Dei snakka og om utgravingane på Hovet og Bjørgum. Øyvind hadde vore bortom og snakka med folka som held på der. Leonhard fortalde om då dei skulle bygge huset i svingen på Hovet, då fann dei fleire ting. I området der er det både gravrøyser (steinfylte haugar) og gravhaugar (jordfylte).

Øyvind fortalte også at han skulle etablere eit boligfelt på sin eiendom, og at han måtte ha ein kontroll i høve til fornminne. Dei reflekterte litt over korleis det var for 25 år sidan då Leonhard var på utgraving. Då var det ingen satelittfoto, dei nytta luftfoto som dei sette knappenåler på for å marker kor dei grov.

Lars Linderot

Share

Salmen **Ingen vinner frem til den evige ro** er skriven av den svenske presten Lars Linderot. Melodien som vi brukar er ein norsk folketone. Ved starten av sendinga i går, spelte eg den i ein versjon av Sigvart Dagsland, slik han har den på plata Det er makt i de foldede hender.

Linderot levde frå 1761 til 1811. Han var fødd i Jörlanda sokn i Båhuslen og vart ordinert til prest i 1787 og verka som prest i Göteborg og distriktet rundt. Han skreiv fleire dikt, men det er bare denne vi har i Norsk Salmebok, der vi finn salma på nr. 108. I salmeboka er ho på tre vers, men Linderot hadde fem vers i si utgåve.

Her er lenke til artikkel om han og om salma på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Lars_Linderot
http://no.wikipedia.org/wiki/Ingen_vinner_frem_til_den_evige_ro