Reiselyst

Share

Gunvor Salvesen og Monica Helle var med meg i studio i kveld. Dei har vore fem månader på reisefot i Sentral- og Sør-Amerika og hadde mykje å fortelje. Vi merka på dei som ringde inn at det var eit tema som slo an hjå lyttarane. 45 telefonar kom inn denne kvelden.

Premiar gjekk til
1. Cuba **Tor Haugum**
2. Mexico **Torleiv Harstad**
3. Jamaica **Ingebjørg Vegestog Homme**
4. Belice **Torhild Lunden**
5. Guatemala **Marit Salvesen** Valle Radio-sekk
6. Honduras **Margit Hovet** Genser frå Gyro K. Homme
7. Nicaragua **Angjerd Mosdøl** Bok frå Setesdalsforlaget
8. Panama **Kjellaug Rysstad** CD
9. Costa Rica **Ole Morten Egeland** Bok frå Setesdalsforlaget

I tillegg delte vi ut Valle Radio-refleksvest til alle som kom inn i studio. Det vart ein stimulerande kveld, fleire av dei vi hadde på tråden fortalde om eigne reiseopplevingar i denne delen av verda.

Gunvor og Monica var saman med to vener på turen. Det vart skrive ein blogg frå reisa. Den finn du på http://storeallverden.blogspot.com Ta turen innom og finn ut meir om fem månader på reisefot…

Valleutstillinga 2007

Share

I nyhetstimen i kveld var Karin Bøe, som er leiar i Valleutstillinga, og fortalde om programmet for sommaren. Valleutstillinga på Tveitetunet har 20 års jubileum i år og har lagt opp eit flott program.

Gjesteutstillar er May Lis Flateland, som stiller med rosemåla ting, både store og små.

Elles er det ei rekke utstillarar, både innan vev, toving, silkemaling, måleri, litografi, trearbeid, munnharper, keramikk, nåleputer, knivar og sylv. I denne posten fører det for langt å ta med namn på alle utstillarane.

Utstillinga opnar sundag 24. juni klokka 14. Då vert det stevtonar og gitar ved Helga Jacobsen og Trym Bjønnes. Vidare dansar Birgit Anette og Tor Espen Helle Setesdalsgangar til felepel av Knut Arne Rysstad. Utstillinga vert formelt opna av fylkeskultursjef i Aust-Agder, Per Nordstrøm.

Sundag 1. juli klokka 15 vert det friluftsgudsteneste på Tveitetunet. Tysdag 3. juli er det barna sin dag.
Sundag 15. juli er det stakkesetting.
Sundag 22. juli er det handverksdagar.
Sundag 29. juli kåserer Hallgrim Berg klokka 14.
Sundag 5. august er det Tveitetunstemne klokka 14 til 17.
Sundag 12. august er siste dagen for utstillinga.

Inngongspris er 20 kroner. Sal av vaflar og kaffe. Fredag og laurdag er det baking av flatbraud og lefse.

Valle Radio ønskjer Karin Bøe og dei 33 andre utstillarane lukke til og vonar det blir plass til alle i det rekordstore feltet av handverkarar som er med på utstillinga i år. Alle må vere med som vakt eit par dagar i løpet av sommaren, men som leiar blir det nok ein del ekstra på Karin for å få det heile til å fungere.