60 år

Share

Eg sat på skulen i ettermiddag om lag halv seks då det tok til å ringe i mobilen. Då det ofte er vanskeleg å finne han før han sluttar å ringe, rota eg febrilsk i lomma, og så var Torleif Harstad på tråden.
-Du må kome sør og få litt kake.

Det stod i avisa fredag at han fylte 60 i dag, men eg hadde heilt gløymt det att. Når du les avisa i Mandal, går det litt fortare enn når du rotar for å finne stoff til nyhetstimen. No står Øyvind Jacob for det, så eg kan slappe av.

-Takk for det sa eg, eg vil gjerne kome. Men eg må gå til halv åtte, for eg har tillyst ope hus i radioen i kveld. Om nokon kjem innnom, må eg vere der.

-Greit, svara Torleif, og då eg kom ut, var det bare eg som var gjest til å begynne med. Men så kom Kjetil Kyrvestad og Pål Nomeland, så det vart ei hyggeleg stund og vi røda om litt av kvart. Mykje om sauer, men og om kvernhusa i Gryte og gjester som hadde vore innom i går.

Å feire 60 er ein milepel. Torleif gjekk på Birkeland saman med Reidun før eg kjende Reidun, så kontakten har vore der mellom oss heilt frå eg kom til Valle i 1991. Praten gjekk lett og greitt om laust og fast den gode timen eg fekk vere der. Suppe og eplekake, bløtkake, ostekake, med god hjelp av Sissa diska han opp av det beste ein kunne ønske seg.

Reidun hadde bursdag 12. mai, då reiste vi til Danmark og gjekk i hageanlegget i Jesperhus. Men borna vil stå for eit eller anna midt på sommaren, vi veit ikkje kva dei planlegg, men det vert midt mellom Reidun sin dag og min dag. 60 år kan vere ein flott dag å feire.

**Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta!** heiter det i Salme 90, 12. Sjå http://bibelen.no/ Den visdommen skulle eg ønske eg hadde meir av.

Program for veke 23, 2007

Share

**Tysdag 5. juni 1007**
Ansvarleg: Harald Haugland
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Engelsk gospel
20:00 Vatn i Valle
20:15 Dagens Grieg
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 06. juni 2007**
Keldsansvarleg: Øyvind Jacob,
Teknisk ansvarleg: Torhild Sandnes
Telefon: Bjørg Ragnhild Jansen
Tema for kvelden: HISTORIE

18.00 Aktuell time. Arkeologi i Setesdal og Valle. Vi får besøk av ein arkeolog i studio.
19.00 Kommunen informerer
19.30 Tankar frå Bibelen:Torleif B. Harstad
20.00 Øyvind presenterer eit stort aktuellt genforskningsprosjekt:
«National Genographic Project»
21.00 Open sending med spørsmål og rebusar : Øyvind og Leonhard

Lyarane ringer inn svar og helsingar på telf:37937577.
E-postadr: post@ valleradio.com

Måndagskveldane

Share

På årsmøtet var det snakk om å få til meir samarbeid og idedugnad, særleg for programleiarane. Dette vart og teke opp i styret. Det er jo ikkje meir enn to onsdagskveldar att før lista er tom og vi tek sommarferie. Men eg føreslo på styremøtet at vi prøver å ha ope hus i radioen måndagskveldane om nokon vil kome innom.

For å prøve ut dette, vert det ope i radioen frå 1930 i morgon kveld, og like eins neste måndag om alt fungerer greitt. Ingen treng kome, men kjem du, kan vi ha ein hyggeleg prat om aktuelle spørsmål relatert til det vi held på med. Kanskje kan vi begynne på ei liste om ansvar til hausten og. Eg ser i alle fall at det er ein grunn til å kome saman og hjelpe kvarandre med å få ein betre radio, så eg vil vere der desse kveldane. Men om sola steikjer, skjøner eg godt at du ikkje kjem, og om ingen kjem, kan eg skrive på bloggen og wikipedia og kose meg aleine.

Det blir bare desse to gongene før skulen sluttar, men så prøver vi å dra det i gang att til hausten. Sjølv om du ikkje er programleiar, er du velkomen. I grunnen gjeld dette alle som har noko dei vil snakke om relatert til radioen. Flott om du kjem innom.

Vinnaren Valle

Share

Gårsdagens artikkel i Fædrelandsvennen om salet av aksjer i Agder Energi var interessant å lese. Det står at Valle kommune eig 1,13% av selskapet. Dette var verd 129 millionar i 1001 og er verd 283 millionar i 2007. Auken er over 100 prosent, 154 millionar i verdiauke på 6 år.

-De som sa at Agder Energi-salget var å selge arvesølvet på billigsalg, har i ettertid fått rett, seier økonomiprofessor Sigbjørn Sødal til Fædrelandsvennen. Om du ikkje har avisa, bør du ta turen ut og kjøpe den i dag, laurdagsavisa kan du også få i dag. Om du er nøgd med nettutgåva, har du lenkene her:
http://www.fvn.no/nyheter/kristiansand/article481203.ece Milliarder har gått tapt på aksjesalg
http://www.fvn.no/nyheter/kristiansand/article481204.ece Arvesølv på billigsalg

Avisa har og intervjua Erling Valvik om saka. Han har andre perspektiv på saka: Om Stortinget hadde bestemt at verdiane frå Agder Energi skulle trekkjast inn, ville ein ikkje fått Sørlandets Kompetansefond og Cultiva i det heile, er hans konklusjon.

Roger Normann meiner det er betenkeleg at desse pengane, som var underlagt demokratisk kontroll, no er ute av slik kontroll, i tillegg til at verdiane hadde utvikla seg betre om pengane hadde blitt ståande i Agder Energi. Normann si avhandling ligg ikkje ute på nettet enno, så ein kan ikkje lese det han skriv. Vonleg blir den lagt ut etter kvart. Doktoravhandlingane frå NTNU i 2007 finn du her:
http://www.diva-portal.org/ntnu/theses/index.xsql?lang=no Du må sjølv skrive årstall eller andre søkekriterier på denne sida.

Normann har vore med i eit forskningsprogram som Agderforskning har stått for. Eg skreiv om ein annan forskar 21. mai, sjå http://valleradio.blogs.no/2007/05/21/hia_vert_universitet~2311094

Det er hyggeleg å sjå at Valle er ein vinnar denne gongen. Lat oss samarbeide for at det kan skje på mange andre felt og.

Å få bukt med ørekyte

Share

I tillegg til å fiske med ruser med bollar og kveitebrød i, har VAFA stått for fiske med elektrisk fiskeapparat fleire stader i Otra. Ein har plukka ut ei rekke viktige gyte og oppvekstområde for aure i Valle og Bykle kommunar og prøvd å finne ut korleis tilhøvet er mellom aure og ørekyte. Som referanseplass brukte dei Homsåne. Det vart fanga mest ørekyte pr. arealeining ved Gryte (Harstadbassenget) og ved ein bekk på Sandnes (Flåne).

Dette er resultata for 2004 med tal for 2003 og 2002 i parentes:

Fanga ørekyter pr. 100 kvadratmeter:
Nordibø: ikkje fiska (51 og 501)
Gryte: 480 (1543 og 285)
Motellet: 130 ( 294 og 164)
Sandnes: 292 ( 98 og 37)
Hommsåne: 80 ( 155 og 25)
Bykil: 25 ( 13 og 3)
Kvernebekken: 38 ( 15 og 12)
Storetjønnbekk: 105 ( 0 og 67)
-«- os: 10 ( 2 og 2)

Dette syner at det varierer frå år til år på dei ulike lokalitetane, men Tom Arild Homme har samanlikna tala med kor mykje aure ein fekk ved denne metoden. Det syner seg då at i forhold til aure er det meir ørekyte no enn tidlegare. I sesongen har ein hatt fangst av ørekyte på over 2 kg per hektar alle stader med unntak av Bykil. Dette kallar han betydelege mengder. Han rår difor til at ein må satse vidare på dette, særleg lengst sør i området for å hindre at ørekyte spreier seg nedover i Otra-vassdraget.

Utløpet frå Brokke kraftverk er ein naturleg barriere for vidare spreiing, men ved driftstans i kraftverket kan denne bli borte. Det var i ein slik situasjon at ein innbyggjar på Rysstad såg det som truleg var ein liten stim av ørekyte i 2004.

Målet med å fiske opp mest muleg ørekyte er å få betre kvalitet på aurebestanden i Otra. Når det vert meir aure og han vert større, vil resultatet verte nådd. Men framleis er det turvande med ein innsats for å få bukt med ørekyte, skreiv Tom Arild Homme våren 2005 i rapporten etter aktivitetane i 2004.

Låsar og slikt

Share

Når det er alarm i eit hus, bør ein ta litt omsyn. I Valle Radio har vi alarm, og vi er nokre som har opplev hyla når vi ikkje har teke omsyn til alarmen, eller ikkje hugsa at han var på. Hylet der er ikkje hyggeleg å få over seg om ein har svært så reint mjøl i posen.

Ein medarbeidar i radioen fortalde at han var inne og heldt på med noko, men så måtte han ein kort tur ut. Då sette han ikkje på alarmen, han skulle jo kome inn att om ein augneblenk. Medan han var ute, kom teknisk sjef Jørund Georg Jore innom, og han tenkte ikkje at det var nokon der, døra var låst og alt, så han slo koden av gammal vane. Men då sette han jo på alarmen, og då han sprang inn i teknikarromet, sette det i gang å hyle.

I går bytta vi alarm i radioen. Ein bør gjere det med jamne mellomrom, men vi har nok slurva litt med det, så den gamle koden har vore gyldig ganske lenge. Men i går var det slutt. Så skulle vi ha styremøte, og Inga Flateland var den fyrste som kom. Ho hadde ikkje fått melding om at vi hadde fått ny kode, så ho prøvde tre gonger utan å få slått av alarmen. Då tenkte ho at ho fekk vente ute til nokre andre kom, og det gjorde ho lurt i, for koden var altså ny.

Det gjekk bra denne gongen, vi kom oss inn og den nye koden fungerte slik vi hadde venta. No heng det ein lapp, vonleg løyser den problema om du kjem inn og ikkje har fått med deg ny kode. Då kan du ringe eit nummer, så får du informasjon.

Styret vedtok i går å endre noko på låssystemet, for vi har ikkje nøklar til nye medarbeidarar. Det vil kome i løpet av sommaren, og då vil medarbeidarane få ny orientering. Det eg har skrive her, får gjelde inntil vidare.