Ny rekord

Share

Det er ny rekord denne månaden. I juli månad har eg klart å skrive på bloggen alle dagar. I dag, som er siste dag i juli, klarar eg å skrive to innlegg. Eg måtte bare gjere det, det er den fyrste månaden eg har klart å skrive noko alle dagar.

Samstundes har det vore ein månad som mange har vore inne på bloggen og lese det eg skriv. Etter det eg ser av statistikken, kjem eg til å sprengje grenser for både besøk og sidevisningar, det vert truleg ein rekord som vil vere vanskeleg å slå. Tross alt er det grenser for kor mange som vil lese ein blogg med tema Valle Radio.

Eg vil gjerne takke kvar og ein som er innom og les på bloggen. Tema som eg skriv om, varierer mykje, dei skal spegle eit mangfald som det vi finn i Valle Radio. Sjølv om radioen no held sommarferie, er det litt av kvart å skrive om. Det lesarar er og ganske tålmodige og finn dykk i ulike krumspring.

I morgon vil eg kome tilbake til meir statistikk for besøk på bloggen.

Folkemusikk

Share

Det stundar til Setesdalskappleiken, les eg i avisa. Konsert til minne om Knut Jonsson Heddi fredagskvelden. I same avisa les eg at Hallvard T. Bjørgum har nye planar etter ein lang pause der han ikkje har halde konsertar. I sommar har han halde konsertar på Sylvartun. Vidare les eg at Bjørgulv Straume si plate frå ætt til ætt no kjem ut på Grappa Musikkforlag.

Det var sanneleg mange gode folkemusikkmeldingar på ein gong.

Avisene melder og at det er fleire unge som engasjerer seg i folkemusikk. Landskappleiken synte at det og gjeld Setesdal, der Knut Kjetilson Jore fekk 3. plass i Vokal folkemusikk klasse C med seks deltakarar og syster hans, Sigrid Kjetilsdotter Jore fekk ein 8. plass i Vokal folkemusikk klasse B med 21 deltakarar.

Kim André Rysstad fekk fjerdeplass i Vokal folkemusikk klasse A der sju konkurrentar tevla om plassene. Birgit Anette og Tor Espen Helle dansa Setesdalsgangar i skarp konkurranse med 15 andre par i klasse B og kom på 10. plass.

Så må det nemnast at Tor Hoslemo drog det lengste strået i Hardingfelespel klasse C. Denne klassen hadde 21 deltakarar, og Tor gjekk av med sigeren.

Endeleg finn eg og Sigurd Brokke på resultatlista. Av årets åtte deltakarar i klasse for eldre folkemusikkinstrument fekk han ein andreplass, og Kjetil Carolis Jore fekk ein sjuandeplass.

Dei som representerte Setesdal Spelemannslag gjorde det så godt at det lovar godt for kappleiken til helga.

Fuglar i aust og vest 2

Share

I dag sender eg ei venleg helsing og takk til Øyvind Jacob for kommentaren han gav på bloggpostinga mi fredag. Der viste eg til ein artikkel på wikipedia om bengalhubro, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Bengalhubro
Han meinte at det måtte vere feil at vingespenn på fuglen, som er over ein halv meter lang, ikkje var meir enn 36 til 42 cm, og det hadde han heilt rett i. Difor gjekk eg i dag inn og retta det til ein vingelengde, det er noko anna, for då blir vingespenn meir enn dobbelt så stort.

Dette førte til at eg måtte registrere meg på tysk wikipedia for å skrive ei melding til dei om feilen. Det hadde eg ikkje tenkt å gjere, men no har eg gjort det. Eg skreiv det på diskusjonssida til artikkelen, eg retta ikkje i artikkelen. Eg burde kanskje ha gjort det, for dei har ikkje retta det. Men eg tykkjer nok det er eit steg lenger å skrive i eit tysk leksikon enn å gjere dei merksame på feil.

På denne måten vert det synleg korleis wikipedia fungerer. Den som veit noko, legg det inn. Diverre er det folk som likar betre å lage trollskap enn kunnskap, det vil seie at dei legg inn tull og tøys. Men det aller meste av stoffet i wikipedia kan ein stole på. Det er sikkert nærare hundre personar som nesten til ei kvar tid kontrollerer det som vert skrive, sjølv har eg over 600 artiklar på overvakingslista mi. Når nokon skriv på dei, får eg melding med det same. I tillegg er det folk som fylgjer med på kvar einaste retting.

Du kan jo ta deg ein tur på artiklane om Valle og sjå om du finn feil. Anten kan du gå inn og rette sjølv, eller du kan sende ein kommentar til meg, så skal eg fikse det. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle

Quiz 5

Share

Sjølv om det ikkje kom svar på quiz tidlegare i sommar, prøver eg ein gong til. Framleis er premien ein refleksvest. I dag kjem quiz nr. 5. Den er forma som fem rebusar og hentar svarord frå stader i Rogaland:

1. Turt gras + ikkje hav
2. Ikkje land + straum + belegg + artikkel
3. Bukt + hev + elv
4. Ikkje fjern + nr. 12 + fugl
5. Kant + tysk men + tone

Fem stader i Rogaland. Send svar på epost til harhaugl at gmail.com innan 1. august.

Pilegrimar

Share

Hovden Fjellstoge har funne seg ei nisje som har lagt grunn for mykje aktivitet siste året. Det starta med boka til Bjarne Tveiten om Underet i Breive. Deretter kom tilsetjing av Birte Løvåsen som pilegrimsprest i eit samarbeid mellom Hovden Fjellstoge, Agder Bispedømmeråd og Bykle kommune. I Setesdølen for i går hadde Sigurd Haugsgjerd ei heilside med tittelen Over 100 gjekk pilegrimstur.

Om pilegrimar finn du og på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Pilegrim
Frå denne sida kan du gå til wikipedia på andre språk og sjå kva dei har skrive. På bokmål finst det liste over pilgrimsmål. Der er Røldal med, men det er enno ikkje nokon artikkel om pilgrimsturar til Røldal. Ved å leite med utgangspunkt i desse sidene på wikipedia, kan ein finne mykje om pilegrimstradisjonen i alle kulturar og religionar.

Når Bjørnar Mørenskog vurderer opplegget, seier han at det har vore over all forventning. Å få over 100 personar til å melde seg på for å gå pilgrimstur frå Breive til Røldal er langt meir enn han hadde våga å håpe på då dei bestemte seg for å gå i gang med dette, seier han til Setesdølen.

Avisa kan fortelje at det ikkje bare er sjølve turen. Før turen startar er det ein kulturkveld på Hovden Fjellstoge. Morgonen etter er det gudsteneste i Fjellgardane kyrkje, så i sommar har det vore fire kulturkveldar og fire ekstra gudstenester i kyrkja på Hovden. I tillegg til lokale deltakarar har folk frå store deler av Sør-Noreg vore med på turane.

Strekninga er 80 km i fjellet, siste dagen er etappen 23 km. Då er det godt å kome fram til stavkyrkja i Røldal. http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8ldal_stavkirke

I fjellet har det vore mykje snø, så det har ikkje vore lette turar. Det fortel prostidiakon Per Emanuelsen i eit innlegg i same avisa. Han fortel at dei fyrste dagen gjekk til Sloaroshytta. http://no.wikipedia.org/wiki/Sloaros

Sidan overnatta dei på Holmevassbu og i oppsette lavvoar ved Kaldevassrustene før dei etter 23 km siste dagen kom fram til Røldal. Der var det så avslutningsgudsteneste.

Pilegrimane som gjekk i sommar var ikkje så opptekne av om krusifikset i stavkyrkja
sveitta, det var turen som var målet, ikkje lækjedom for sjukdom på underfull vis. Men naturen si kraft til å skape fellesskap gjennom felles slit og arbeid, det fekk dei alle oppleve.

Ved desse reportasjane fyller Setesdølen ut det vi har hatt fleire program om i Valle Radio i vinter. Det er hyggeleg at det lukkast for satsinga på dette for Hovden Fjellstoge.

I ein forstand er vi alle pilegrimar. Det er kanskje grunnen til at songar med pilegrimsmotiv framleis vert sungne og skapar atterklang i sinna våre.

Fuglar i aust og vest

Share

I går og i dag har eg skrive om fuglar på wikipedia. Det er utruleg kva ein kjem bort i når ein går på Internett, og ikkje minst når ein er på wikipedia.

Det hadde seg slik at ein brukar på wikipedia lurte på om han kunne legge ut nokre fuglestubbar han hadde laga. Han hadde bilete og lenker til andre språk, men sjølve artiklane var korte, og han ville ikkje sjølv utvide dei, for han heldt på med andre oppgåver.

Eg sa ja, han kunne det, så skulle eg sjå kva eg kunne gjere. Dermed la han ut 20 artiklar om ugler. Det er korte saker, du kan sjå på dei blå lenkene i artikkelen om ugler: http://no.wikipedia.org/wiki/Ugler

To av artiklane i gruppa for hubro la eg inn desse dagane. Det gjeld Bengalhubro, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Bengalhubro som held til i India. Og i dag har eg skrive om http://no.wikipedia.org/wiki/Amerikahubro, som held til både i Nord- og Sør-Amerika. Ingen av dei er utryddingstrua, tvert imot, dei lever i beste velgåande kvar på sitt kontinent. Aldri har dei møtt kvarandre heller.

Av og til er det interessant å halde på med noko ein ikkje visste så mykje om frå før. Det har eg fått gjere i arbeidet med desse artiklane. Men eg har jo hatt om fuglar i Valle Radio, seinast i vår hadde vi ei open sending der eg trur at vi og hadde med hubroen sine ho ho hoo. Fuglar er fascinerande skapningar og ornitologi eit spennande studium. Eg hugsar ein klassekamerat på gymnaset som var hekta på fuglar. Han fekk høve til å jobbe med det seinare og har stått på for å formidle kunnskap om fuglar gjennom forskning mellom anna.

Naturen vert fattigare når fuglane forsvinn.

Torleif og Sissa

Share

Det er ikkje bare eg som går frå den eine festen til den andre. Eg las i Setesdølen tysdag at laurdag 28. juli giftar Torleif B. Harstad og Sissa seg. Frå Valle Radio vil vi gratulere så mykje. Det er to gode medarbeidarar i radioen som no giftar seg.

Torleif stiller opp ein gong i månaden med Tankar frå Bibelen. Det har han gjort i mange år. I tillegg er han svært viljug til å bidra når vi spør om konkrete ting som han har greie på. Då kjem han i studio og fortel viljug om det aktuelle emnet.

Sissa har ikkje eit fast engasjement for radioen. Men når vi treng informasjon om aktivitet i kyrkja, stiller ho opp så sant som ho har høve til det. Om vi gjekk gjennom gjesteboka vår, ville vi finne namnet hennar svært mange gonger.

No slår dei seg saman. Vi gleder oss saman med dei og helsar til lukke.

Nutevatn

Share

Eg lasta ned kartet for Vatn i Valle som ein kan fiske i for å finne ut kor Nutevatn var. Langt inne nord i Setesdal Vesthei ligg det, innanfor Bossbu og Bossvatn, mellom Roskrepp og Rjuven.

Der inne i Setesdal Vesthei får ein stor og fin aure. På heimesida til VAFA fortel Torjus Uppstad at både Tom Arild Homme og Peter Hermansen (SNO) har fått mykje fin fisk der inne i år.

Når ein tenkjer på korleis situasjonen var då kalkingsarbeidet starta, er det mest som eit eventyr. Det har blitt kalka for ein kvart million kroner årleg, og arbeidet er ikkje slutt enno. Sjølvsagt burde det og vore pengar til å få tilbake ei lokal fiskestamme, men det har det vore vanskeleg å finansiere.

Sjå meir om dette på http://vafa.no/

VAFA har nytt stoff

Share

VAFA skriv mykje interessant på heimesidene for ein som er interessert i Vatn i Valle, som jo har vore ein programserie eg har hatt i vår, og som eg nok vil prøve å halde liv i og til hausten. Sjå http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=82&Itemid=2 der får du ei oppdatering på fiskeprosjektet til VAFA i sommar.

Eg rekk ikkje å skrive meir i kveld, skal kome attende til noko av dette i morgon.

I dag gjekk eika

Share

I tunet vårt i Mandal har vi hatt ei eik. http://no.wikipedia.org/wiki/Eik

Eg brukar har hatt når eg skriv i dag, for i dag tok vi henne ned. Stamma gav ein del ved, men der ho deler seg i greiner var ho så vanskeleg å behandle at vi køyrde heile stykket på søppelplassen. Brennevinsmyra søppelplass for Mandalsregionen ligg ganske nær garden vår, så det var ein kort veg å få bort både greiner og anna då vi fyrst hadde fått henne ned.

Ho har stått i alle år, Reidun har bilete av seg sjølv då ho var lita ved sida av treet. Vi prøvde å telje årringane, det var i alle fall 110, noko som tyder at ho har sett heile nittenhundretalet utfalda seg på Sørlandet. Men ho var 50 år gamal då dei bygde vegen forbi huset vårt i 1947. Ho såg at dei sprengde seg gjennom fjellknausen og steinen som nesten landa i vogna der Reidun låg sommaren 1947. Ho såg og at ved alle sprengningane etterpå kom ein av vegarbeidarane og køyrde vogna i hus før salven gjekk av.

Eika har sett mang ein flaum, der Fidja vår har stått under vatn, ikkje bare no i sumar. Sjølv har ho stått turt og gått delvis på ein stein, så ingen flaum har nådd henne. Ho har sett elg og rådyr i hagen vår og sett både Reidun og far hennar mor hans stelle med blomar i hagen. Ho fylgde med på bygging av huset vårt midt på 50-talet og utvidinga ved årtusenskiftet. Då hadde det fyrste huset på garden vore nede i mange år. Eika såg og då dei bygde låven vår med material frå ei seilskute som vart sett på land i stranda ein kilometer frå huset vårt og kor dei køyrde tømmer på vinterføre til byggeplassen og fekk sett opp ein etter måten stor låve til garden.

I mange år såg ho og sommarselskap i hagen på svigerfars geburtsdag 9. juli. Då hadde gjerne store deler av slekta vore heime og hjelpt i høyonna. Mitt minne er at det som oftast var solskin 9. juli, som regel fall 9. juli på ein sundag, men mitt minne er ikkje til å stole på.

Livet har rulla forbi eika, ho har gjeve skugge på varme sommardagar. Men dei siste åra vart det meir mose og lav enn blad på greinene. Vi skjøna at i år kom til å verte siste sumaren for eika. Ho kjem nok til å gje varme nokre kalde vinterdagar, men så er ho bare eit minne. Noko av treet var rote og, så ikkje alt kunne brukast til ved.

Ein nabo kom innom og såg på medan vi heldt på, han hadde og mange minne frå garden vår og eika som no er borte. Vi prata litt saman om at det ikkje var meir å gjere med henne no.

Det var ei spesiell eik, så spesiell at ho fekk ein nekrolog på bloggen min.