Ny rekord

Share

Det er ny rekord denne månaden. I juli månad har eg klart å skrive på bloggen alle dagar. I dag, som er siste dag i juli, klarar eg å skrive to innlegg. Eg måtte bare gjere det, det er den fyrste månaden eg har klart å skrive noko alle dagar.

Samstundes har det vore ein månad som mange har vore inne på bloggen og lese det eg skriv. Etter det eg ser av statistikken, kjem eg til å sprengje grenser for både besøk og sidevisningar, det vert truleg ein rekord som vil vere vanskeleg å slå. Tross alt er det grenser for kor mange som vil lese ein blogg med tema Valle Radio.

Eg vil gjerne takke kvar og ein som er innom og les på bloggen. Tema som eg skriv om, varierer mykje, dei skal spegle eit mangfald som det vi finn i Valle Radio. Sjølv om radioen no held sommarferie, er det litt av kvart å skrive om. Det lesarar er og ganske tålmodige og finn dykk i ulike krumspring.

I morgon vil eg kome tilbake til meir statistikk for besøk på bloggen.

Folkemusikk

Share

Det stundar til Setesdalskappleiken, les eg i avisa. Konsert til minne om Knut Jonsson Heddi fredagskvelden. I same avisa les eg at Hallvard T. Bjørgum har nye planar etter ein lang pause der han ikkje har halde konsertar. I sommar har han halde konsertar på Sylvartun. Vidare les eg at Bjørgulv Straume si plate frå ætt til ætt no kjem ut på Grappa Musikkforlag.

Det var sanneleg mange gode folkemusikkmeldingar på ein gong.

Avisene melder og at det er fleire unge som engasjerer seg i folkemusikk. Landskappleiken synte at det og gjeld Setesdal, der Knut Kjetilson Jore fekk 3. plass i Vokal folkemusikk klasse C med seks deltakarar og syster hans, Sigrid Kjetilsdotter Jore fekk ein 8. plass i Vokal folkemusikk klasse B med 21 deltakarar.

Kim André Rysstad fekk fjerdeplass i Vokal folkemusikk klasse A der sju konkurrentar tevla om plassene. Birgit Anette og Tor Espen Helle dansa Setesdalsgangar i skarp konkurranse med 15 andre par i klasse B og kom på 10. plass.

Så må det nemnast at Tor Hoslemo drog det lengste strået i Hardingfelespel klasse C. Denne klassen hadde 21 deltakarar, og Tor gjekk av med sigeren.

Endeleg finn eg og Sigurd Brokke på resultatlista. Av årets åtte deltakarar i klasse for eldre folkemusikkinstrument fekk han ein andreplass, og Kjetil Carolis Jore fekk ein sjuandeplass.

Dei som representerte Setesdal Spelemannslag gjorde det så godt at det lovar godt for kappleiken til helga.