Snø i august

Share

Noreg er eit vakkert land, men sommaren i år har ikkje gjeve dei varme opplevingane ein kan ha år om anna. I går la vi i veg til Sunnmøre for å feire bryllup 1. september. Vel framme på Voss lurte eg på om vi skulle stoppe og overnatte, klokka var blitt over seks, og det var kanskje på tide å finne ein stad å bu.

Vi valde å ta turen over Vikafjellet til Vik i Sogn. Då vi kom ut gjennom tunnellen og såg ned i bygda frå høgt oppe på eggen, var det fire grader, så stoppen vart kort.

Overnatting fekk vi i Vik, Hopstock er eit hotell med eit vakkert namn og vi vart godt mottekne av ein venleg resepsjonist som hadde ledige rom. Då vi kom til frokost i dag til morgonen, låg snøen kvit der vi køyrde i går og vi var glade for at vi hadde teke den ekstra timen i bilen og slapp å skli på sommardekk i snøen på fjelltoppen.

Trollstigen var stengd med 30 cm snø kunne vi lese på tekst-tv denne dagen.

Oddvar Skaiaa i Valle Radio

Share

Tysdag 28. august var fylkesordførar Oddvar Skaiaa i Valle. Han hadde stand saman med lokale KrF-politikarar i Valle frå klokka 15 til 16, så drog dei til Rysstad og hadde tilsvarande opplegg der. Etterpå var dei på Sylvgarden til omvisning og mat.

19:40 kom han så tilbake til Valle for eit intervju i Valle Radio. Det var improvisert, hadde ikkje plass i programmet som var trykt i avisa. Men det er jo ikkje kvar dag eit slikt høve byr seg.

Praten vår gjekk både om vervet han har hatt i åtte år og vonar å få attval til å ha i to år til, han reknar med at då vert Aust- og Vest-Agder slått saman. Dermed vonar han at samarbeidskonstellasjonen som har stått bak han no, kan få fornya tillit inn i neste periode.
http://no.wikipedia.org/wiki/Oddvar_Skaiaa

Skaiaa svara på spørsmål om programmet for Aust-Agder Kristeleg Folkeparti og kunne utvide det som stod der. I går var det ein aktuell debatt om snøscooter i NRK og fylkesordføraren var klar på at ein ikkje måtte ta bort høvet for folk til å bruke scooter for å kome seg på hyttene sine, å tvinge alle til å bruke taxi vert for rigid. Men det er naturleg med hovudtrasear og avkjøringar til den einskilde hytta. Omsynet til dyreliv er viktig, men han kunne knapt tenkje seg kva for eit ramaskrik det skulle blitt om ein tok bort retten til å ha båt ved kysten.

Skaiaa har hatt som mål medan han har vore fylkesordførar at han skulle svare ja til å hjelpe like gjerne øvst i Setesdal som ved kysten der han bur. Det har blitt ein del kontakt til Setesdal, mellom anna knytt til Riksveg 9, til Kristen Vidaregåande Skule på Bygland, Setesdal Regionråd og andre aktuelle saker. Ein av desse er arbeidet for å få til folkehøgskule i Valle. Det syner seg at ofte må fylket på banen for å tale saka til departement og rikspolitikarar, dei seier at dei kan ikkje høyre på 435 ordførarar, http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_n%C3%A5v%C3%A6rende_ordf%C3%B8rere_i_Norge men dei 20 fylkesordførarane kan dei høyre på, fortalde Skaiaa.

Skaiaa, som har vore lærar og rektor på Drottningborg før han vart politikar, har vore oppteken av politikk det meste av livet, heilt sidan han var med i ei studiegruppe og vart engasjert for Kristeleg Folkeparti. Han gledde seg over at Helene Horverak i Bykle står høgt på lista og trudde at det skulle vere mogleg for henne å få plass i fylkestinget.

Då vi var ferdige med praten, takka han for at til ei forandring han hadde fått ein lengre samtale i radio om politikk, -som oftast blir det bare eit minutt eller to, sa han.

Vi kvitterte med å gje han ein refleksvest frå Valle Radio og mana til arbeid for å få fleire sykkelstiar langs vegane i Aust-Agder.

Kommunestyremøte denne veka

Share

Program:

Tysdag 28. august
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Sangprogram
20:00 Vatn i Valle
20:15 Open post
20:30 Postludium. Birgit Wildeman spelar på Arp Schnitger-orgelet i Alte Kirche, Pellworm
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. august
Teknikar: Torhild Sandnes
18:00 Kommunestyremøte

Før møtet startar vert det fotografering. Difor vert det musikk frå starten av sendinga.

Valleutstillinga

Share

Det vart ein interessant kveld då Karin Bøe kom i radioen og var med under open sending for å fortelje om Valleutstillinga. Med rebusar av kunstnarnamna var det fleire som fann fram dei fargelagde programma og rota gjennom for å finne namnet til dei som var kunstnarar i år.

Karin kunne fortelje at det var over 30 utstillarar, dei hadde ope i sju veker og omsetninga vart på over 370.000 med vel 3000 gjester. Jubileumsutstilling, 20 år, kommunen hadde gjeve bidrag til den fine brosjyra, det var program kvar sundag og auke både i besøk og omsetning.

Denne kvelden konkurrerte vi med fotballkamp mellom Noreg og Argentina, så det var ikkje nokon telefonstorm, akkurat. Nydeleg sommarver gjorde nok og sitt til at folk ikkje engasjerte seg så veldig i programmet. Dei som ringte inn, hadde mykje interessant å fortelje. Mellom anna fortalde Anne Lise Harstad at den fyrste Valleutstillinga for 20 år sida var det handelsstanden som tok initiativet til. Den var i huset nær Valle sentrum der Bjørgulv Sverdrup Lund no bur. Det stod tomt på den tid, så dei fekk bruke ein del av huset til utstilling. Men sidan flytta dei opp til Tveitetunet, der dei har vore etterpå.

http://setesdal.com/index.php?m=produkt&m_action=vis_prod&id=73&parent=10&spraakSet=no er ei lenke som fører deg til meir informasjon om Valleutstillinga.

Vinnarane denne kvelden vart
Jorunn Lund Harstad – gryteklutar, gåve frå Gyro K. Homme
Torhild Lunden – medisinskap
Kjellaug Rysstad – Valle Radio-ryggsekk

Ny prest til Valle

Share

Arne Skare heiter den nye presten i Valle. Sist sundag vart han innsett i tenesta både i Valle og Bykle. I Valle var det messe klokka 11 og etterpå var det suppe på Menighetshuset med helsingar både frå sokneråd, prost og ordførar.

Dette fortalde han då han var med i Valle Radio i kveld. Det var i nyhetstimen, han var fyrste gjest i jubileumssesongen.

Arne Skare hadde gjort mykje før han tok presteutdanning, til gjengjeld tok han den på fire og eit halvt år. Han hadde vore gravar i fleire år, hadde vore kyrkjetenar og lærar og hadde bak seg teneste i NORBATT i Libanon, der han i nokre månader og arbeidde i radioen, ein radio som kunne høyrast heilt til Kypros, men som var retta inn mot dei om lag 600 soldatane som hadde teneste i Libanon.

Han såg fyrste utlysinga og hadde lyst til å søke då, men tenkte at det ville vere fåfengt, ettersom mange prestar kjem frå Agder. Men då han såg andre utlysinga, skjøna han at han kunne prøve, og prosessen som leia han til Valle, starta alt i februar. Så var han her i høve tilsetting og sidan i høve at borna skulle bli kjent med klassen dei no har begynt i. Og 1. august var han så på plass i Valle. I dag hadde han møte med konfirmantane, og etter kvart vil dei andre faste tinga kome på plass på kalenderen.

Velkommen til Valle!

10 år

Share

Eg har inntrykk av at minnet vert kortare og kortare. Truleg er det fordi så mykje skjer heile tida. For meg har det ført til at eg har nokre knaggar i livet som eg hugsar, til dømes at eg kom til Valle i 1991. Men mykje av det som har skjedd både før og sidan er gått over i gløymeboka.

Men kva skjedde i 1997. Eg veit om tre ting som er ganske nært, to av dei skuldast reklame:

*Joker-kjeden vart etablert. Det vert eg minna om kvar gong eg går innom i butikken til Hans Petter i Valle sentrum. Han har hengt opp store plakater som minner oss på det, og reklamen hans seier at tilboda skal vere ekstra gode i år.

*Hydro-Texaco starta med gratis kaffe heile året om du kjøpte ein spesiell kopp. Det vert eg minna om når eg ser på lokket til den kaffikoppen eg pleier å fylle når eg kjem til Evje og er kaffityrst.

*Den tredje tingen skuldast ikkje reklame, men at eg har bladd i gjestebøkene her i Valle Radio. Det var at vi hadde vår fyrste sending på ettersommaren 1997, etter at det hadde vore ei prøvesending i mai. Eg vonar at vi får høve til å bla litt i minneboka i løpet av hausten og sjå litt kva vi sende den fyrste tida vi var på lufta.

Men kva anna som hende i 1997, det hadde eg ikkje peiling på. Difor gjekk eg til wikipedia for å finne ut meir om det som skjedde i 1997. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/1997 for å finne ut litt av det. Sjå også http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:1997 om du vil finne ut meir.

Difor ynskjer vi velkommen til ein ny sesong, jubileumssesong kallast det. Eg vonar at vi får mange fine kveldar ved radioen i året som ligg framom.

Ein ny blogg: Tregdeveien

Share

Laurdag starta eg ein ny blogg. Du finn han her:
http://tregdeveien.blogspot.com/

Den bloggen gjeld ein smal veg i Mandal, vegen frå Ime til Tregde og vidare rundt halvøya der, heilt til Harkmark. Vegen var bygd i 1947, då var det ikkje mange bilar. Men gjennom 60 år har området blitt bygd ut, først med mange hytter, så med hus. Etter kvart har det kome eit stort feriesenter som brukar vegen.

Det er bare dei første 500-600 meter som har sykkelsti. Resten av vegen er smal og svingete. Det gjer at ein ikkje kan halde stor fart, men det er eit problem at vegen er sykkelrute. Det blir mange mjuke trafikantar langs ein slik veg.

Vi var saman tidleg i sommar og kom til å snakke om denne strekningen, nokre av oss som har sett litt av problema med trafikken der. Då lova eg at eg skulle sjå om eg ikkje kunne starte ein blogg om vegen. No er det gjort. Eg vil prøve å halde han ved like på same måten som eg skriv på denne bloggen.

Eg vonar at du som les dette tek turen innom, du skal vere hjarteleg velkomen til det.

Nye rebusar – Quiz 5

Share

Fleire har etterlyst nye rebusar på bloggen. Dei hadde kost seg med å løyse ein eller fleire og kunne godt tenke seg at det kom nye rebusar her. Det har og vorte peika på at eg hadde lova å kome med nye rebusar utan at dei er komne. Men her kjem dei, som vanleg med nøkkelord og svar på bokmål:

Etter å ha feira 60 år lenge og vel, (takk for alle hyggelege helsingar), gjev eg meg i dag ut i kakeverda. Inspirasjonen til det fekk eg frå driftssjef Ingvar Nes, som kom med kake og blomar i lunsjpausen på skulen i dag. Tusen takk til Valle kommune. Her kjem fem kakerebusar, og eg trekkjer i open sending onsdag. Premien er ein Valle Radio-refleksvest.

1. Ikke hard + kilo + skli
2. Stjele (engelsk) + skinnreim + tone + engelsk preposisjon + riste
3. Smile + tone + kikke
4. Pust – nr. 11 + bakende + vektenhet + ergre
5. Par + nr. 19 + omtrent + spørreord + tusen + feilmelding på kalkulatoren

Send svar til harhaugl @ gmail.com innan onsdag klokka19.00

Veke 34

Share

Så startar vi att med sendingar i Valle Radio. I denne fyrste veka etter ferien vil vi og markere at det er 10 år sidan vi starta sendingar i Valle Radio. Onsdagskvelden kjem Olav Kn. Rike i studio under open sending. Han har med eit opptak som vart gjort då han var med Hallvard Kjelleberg i radioen i 1997. Det vil vi høyre på. I tillegg vil han fortelje om ein og fleire fisketurar mellom rebusane denne kvelden.

I veke 34 har vi desse sendingane:

**Tysdag 21. august**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Mannssambandet
20:00 Vatn i Valle
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 22. august**
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer om valget. Jorunn Tveiten
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Fisk og fiskemat. Aktuelt frå VAFA
21:00 Open sending. Gjest: Olav Kn. Rike

Du kan abonnere på bloggen: http://valleradio.blogs.no og få brev til e-postkassa di kvar gong bloggen vert oppdatert.

Så har eg runda 60

Share

Det vart eit stort oppslag i Setesdølen i går, og eg vil gjerne takke redaktør Sigurd Haugsgjerd for hyggeleg omtale i høve dagen. Det vart ein prat om mange ting i høve dagen, men han fekk jo fram det meste av det som eg er engasjert i, sjølv om bloggen ikkje vart med i samtalen vår. Med opp mot 200 lesarar kvar dag i august har det etter kvart blitt ein viktig del av det eg held på med, og eg vil takke dykk alle for at de les. Utan lesarar hadde det vore lite inspirerande å skrive.

Hyggeleg var det også at Sigurd fekk med samarbeidet med Niklos. Niklos har vore ein inspirator for meg i arbeidet i Valle radio, og det har blitt mange telefonsamtalar mellom oss om programma han skal ha. Etter kvart har vi fått ein modell for samarbeidet der han annankvar veke finn fram orgel- og kyrkjemusikk til tysdagskveldens Postludium. Det er ikkje plass til så mykje meir enn 15 til 17 minutt med musikk, det skal jo vere noko samtale og. Den ramma er ikkje lett å halde seg innanfor, men vi får det som oftast til. Eg har lært mykje om denne musikken av programma vi har hatt i lag og er imponert over det kontaktnettet han har og den kunnskapen han har om stoffet. Når han tysdag kjem med nytt program, ser det ut til at det er musikk av Johannes Brahms som står på lista hans, så du har noko å gle deg til.

Elles skreiv Sigurd om engasjementet mitt på wikipedia. Eg skriv på bokmålsversjonen, som har 125.000 artiklar, nynorsk har 25.000, og eg skriv litt der og. Vi burde nok hatt fleire artiklar frå Valle, Bykle og Setesdal, men det kjem vel etter kvart. Framleis har eg ikkje kome til å skrive om Rysstad, det er ei utfordring. Ta deg gjerne ein tur innom http://no.wikipedia.org/wiki/Valle og sjå om du finn noko du kan skrive om eller gje utfyllande kommentarar til.

Eg vil takke for helsingar og gode ord frå alle kantar av landet og sender tilbake ønske om velsigning og gode dagar til dykk alle.