Eg har inntrykk av at minnet vert kortare og kortare. Truleg er det fordi så mykje skjer heile tida. For meg har det ført til at eg har nokre knaggar i livet som eg hugsar, til dømes at eg kom til Valle i 1991. Men mykje av det som har skjedd både før og sidan er gått over i gløymeboka.
Men kva skjedde i 1997. Eg veit om tre ting som er ganske nært, to av dei skuldast reklame:
*Joker-kjeden vart etablert. Det vert eg minna om kvar gong eg går innom i butikken til Hans Petter i Valle sentrum. Han har hengt opp store plakater som minner oss på det, og reklamen hans seier at tilboda skal vere ekstra gode i år.
*Hydro-Texaco starta med gratis kaffe heile året om du kjøpte ein spesiell kopp. Det vert eg minna om når eg ser på lokket til den kaffikoppen eg pleier å fylle når eg kjem til Evje og er kaffityrst.
*Den tredje tingen skuldast ikkje reklame, men at eg har bladd i gjestebøkene her i Valle Radio. Det var at vi hadde vår fyrste sending på ettersommaren 1997, etter at det hadde vore ei prøvesending i mai. Eg vonar at vi får høve til å bla litt i minneboka i løpet av hausten og sjå litt kva vi sende den fyrste tida vi var på lufta.
Men kva anna som hende i 1997, det hadde eg ikkje peiling på. Difor gjekk eg til wikipedia for å finne ut meir om det som skjedde i 1997. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/1997 for å finne ut litt av det. Sjå også http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:1997 om du vil finne ut meir.
Difor ynskjer vi velkommen til ein ny sesong, jubileumssesong kallast det. Eg vonar at vi får mange fine kveldar ved radioen i året som ligg framom.