Ny prest til Valle

Share

Arne Skare heiter den nye presten i Valle. Sist sundag vart han innsett i tenesta både i Valle og Bykle. I Valle var det messe klokka 11 og etterpå var det suppe på Menighetshuset med helsingar både frå sokneråd, prost og ordførar.

Dette fortalde han då han var med i Valle Radio i kveld. Det var i nyhetstimen, han var fyrste gjest i jubileumssesongen.

Arne Skare hadde gjort mykje før han tok presteutdanning, til gjengjeld tok han den på fire og eit halvt år. Han hadde vore gravar i fleire år, hadde vore kyrkjetenar og lærar og hadde bak seg teneste i NORBATT i Libanon, der han i nokre månader og arbeidde i radioen, ein radio som kunne høyrast heilt til Kypros, men som var retta inn mot dei om lag 600 soldatane som hadde teneste i Libanon.

Han såg fyrste utlysinga og hadde lyst til å søke då, men tenkte at det ville vere fåfengt, ettersom mange prestar kjem frå Agder. Men då han såg andre utlysinga, skjøna han at han kunne prøve, og prosessen som leia han til Valle, starta alt i februar. Så var han her i høve tilsetting og sidan i høve at borna skulle bli kjent med klassen dei no har begynt i. Og 1. august var han så på plass i Valle. I dag hadde han møte med konfirmantane, og etter kvart vil dei andre faste tinga kome på plass på kalenderen.

Velkommen til Valle!