Ny sesong står for døra

Share

I dag sat eg i sola i Valle utanfor Valle Handel. Då kom Olav Kn. Rike og slo seg ned. Han hadde funne opptak frå 1997 som han lurte på om vi kunne bruke i Valle Radio no ved 10-års jubileet. Vi snakka litt saman og fann ut at vi skulle bruke det i Open sending onsdag 22. august. Deretter skulle vi snakke saman om fisketuren han og ein kamerat skulle på i Ljosådalen i dag. Kanskje vi også kunne ringe til kameraten, som ikkje kom til å vere i Valle i neste veke.

Seinare på dagen fekk eg ein prat med Torjus Uppstad. Etter litt diskusjon vart vi samde om at han skulle få med seg unge som har vore med på VAFA sitt fiskeprosjekt i radioen frå 20 og utover. Siste del av timen fram mot klokka 21 skulle vi prøve å få med folk som kunne fortelje om korleis ein steller heiefisk.

Det vert altså mykje om fisk og fjell siste delen av sendinga til onsdag. Det verkar som om folk no gleder seg til vi skal kome i gang att. Programmet Kommunen informerer klokka 19 vil handle om valet. Jorunn Tveiten står for det organisastoriske i Valle, og ho ville gjerne kome og svare på spørsmål og snakke om aktuelle ting i samband med valet.

Men den store valsendinga blir truleg torsdag 6. september, merk dagen, vi flytter sendinga til torsdag fordi fleire politikarar var opptekne onsdagskvelden. Då vert det debatt i kommunestyresalen, og sendinga, som Ørnulf har ansvaret for, vil gå derifrå heile kvelden, etter det eg skjønar, truleg med Sigurd Haugsgjerd som medspelar. Snart kjem det epostadresse der du kan sende inn spørsmål til programmet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *