Valget i Valle 3 Kvifor?

Share

Dagen derpå i Valle i dag, Arbeiderpartiet og Senterpartiet slikkar såra, Kristeleg Folkeparti er nøgd og Høgre jublar i solskinet. Det spørs kor lang tid det går før dei kjenner nordavinden frå alle kantar, i dag er det nok særleg Steinar Kyrvestad og Olaf Henrik Homme som merkar den.

Etter mi meining er det fleire grunnar til at valget i Valle fekk det resultatet vi ser i dag. Svaret på det spørsmålet er sett saman av mange faktorar.

**1. Listene**
I ei lita bygd der alle kjenner alle, er det viktig å setje saman ei god liste. Pål Dale var fyrst til å presentere lista i Valle Radio, og Kristeleg Folkeparti hadde ei fornying av lista som det er sjeldan ein ser. Dei hadde fått ei rekke unge med til å stå på lista. Same kvelden presenterte Torleif B. Harstad Senterpartiet sin nominasjonskomite sitt forslag til liste. Det vart ganske sterkt endra fram til den endelege lista. Også Senterpartiet fann fleire svært unge som ikkje hadde vore med før til å stå på lista.

Arbeiderpartiet si liste hadde ikkje denne fornyinga. Yngste på lista der er fødd i 1975 (32 år), og dei har med 12 av 19 som er over 60 år. Høgre har klart å få til ei balansert liste med ein veteran, dei andre er godt vaksne, bare ein er under 28 år. Truleg betyr det og mykje at det er god spreiing mellom Rysstad og Valle og mellom kvinner og menn på denne lista.

**2. Personlege tilhøve**
Ettersom dei fleste vedtaka i kommunestyret siste perioden har vore samrøystes, har det ikkje vore lett å sjå skilnad på partia når det gjeld saker. Heller ikkje i valmateriellet har det vore lett å finne store skiljeliner. Då vert det til slutt personlege tilhøve. Valet vart etter kvart fokusert som eit ordførarval. Steinar Kyrvestad sa sjølv at han meinte at Senterpartiet sine folk ikkje hadde røysta på han. Det kunne skuldast at han hadde vore til sterk støtte for utbygginga i Brokke og ikkje i like sterk grad vore for å skaffe infrastruktur til området ved Bjørnevatn.

Slik ordninga er no må ein bruke ei anna liste om ein ikkje vil stemme på ein person på ei liste. Det kan ha ført til at folk ikkje tok Senterpartiet si liste, men fann ei liste til Høgre for å ikkje gje stemme til toppkandidaten.

Etter mi meining hadde kanskje Høgre fått fleirtal aleine om Bjørgulv Sverdrup Lund ikkje hadde gått så sterkt ut mot Steinar Kyrvestad i valkampen. Det var mange som meinte at han tapte på sitt sterke utspel i NRK-Sørlandet sitt program. Men det var før valet. Etter valet vil han nok kunne seie at det utspelet var medverkande til det gode resultatet.

**Høgrevind**
I Valle stilte ikkje Framstegspartiet liste, men i Bykle fekk dei inn ein representant. Om dei hadde stilt liste i Valle, hadde nok Høgre funne ein sterk konkurrent. No fekk Høgre heile høgrevinden i kommunen. Om Kristeleg Folkeparti får så mykje av brisen at Pål Dale vert varaordførar, vil Bjørgulv i alle fall få ein erfaren medspelar, Pål har vore i kommunestyret i 32 år og er den med lengst fartstid i så måte.

**Sykkelsti**
Det vert spanande å sjå om vi endeleg får sykkelsti mellom sentrum og skulen i Valle. I sendinga i Valle Radio gjekk Bjørgulv høgt ut og sa han ville om naudsynleg gje fri grunn til føremålet. Spørsmålet som fort kan kome til å melde seg er om kommunestyret er viljug til å ekspropriere jord for å få til ein sykkelsti.

Når det gjeld andre saker, trur eg nok at dei etter kvart finn fram til samarbeid og løysingar for å sikre næringsliv og sysselsetting i kommunen. Om dei finn nye måtar å auke folketalet i kommunen på, er nok meir usikkert.