Norske attraksjonar

Share

I kveld starta programserien om norske attraksjonar som Linda Eide står bak. Ho var i Valle i vinter eller var det i fjor haust og gjorde opptak til programmet. Eg hadde eit intervju med henne i Valle Radio den gongen. Difor sette eg meg til rette framfor TV-en i kveld klokka 2230 for å sjå kva ho hadde funne til attraksjonar. Her er lenke til programmet hos NRK http://www.nrk.no/programmer/tv/norsk_attraksjon/1.3399900

Attraksjonane var
*Ofredalstunnelen – Noregs brattaste tunnel – http://no.wikipedia.org/wiki/Ofredalstunnelen
*Fridtjof den Frøkne – statuen på Vangsnes – http://no.wikipedia.org/wiki/Vangsnes
*Gollis – jolenissen på Lyngseidet – http://no.wikipedia.org/wiki/Lyngseidet
*Pløyekunst i Odal

Det var eit interessant program utanom allfarveg. Linda Eide er ein attraksjon i seg sjølv, ein fascinerande reporter med eit velklingande vossamål.

Av desse attraksjonane opplevde eg Fridtjof den Frøkne i haust då vi var på tur til Ålesund. Vi hadde overnatta i Vik i Sogn etter ein fin tur frå Valle. I staden for å sove på Voss, køyrde vi over Vikafjellet om kvelden, noko som i ettertid synte seg å vere svært lurt, for det kom snø på fjellet om natta. Då vi neste morgon la i veg nordover, høvde det slik at vi slapp å vente på ferja, men kunne køyre rett ombord. Dermed vart det ingen tur opp til Fridtjof denne gongen, elles har han gjerne fått eit besøk når vi er den vegen. Det var artig å sjå Linda stå der mellom føtene på den 22 meter høge skulpturen, ho vart lita der.