60 år for Valle

Share

Tysdagskvelden skal Valle Bygdekvinnelag feire 60-års fest. Det skjer ved eit lagsmøte som er lagt til Bykle gjestegard. Denne kvelden skal dei sleppe å tene ved bordene, dei skal sjølv nyte eit godt måltid og hygge seg saman.

I 1986 redigerte Andreas Vevstad ei bok om Aust-Agder Bondekvinnelag, og i den står det om Valle at laget vart skipa 18. februar 1947 med Sigrid Aakre som formann. Laurdag 1. mars hadde dei så møte saman med Husflidslaget, og av referatet kan ein lese: **Bondekono kom som maure, ropa og sa: Skriv meg, skriv meg! Me vart 20 medlemmer den dagen.**

Sidan har laget stått for ei rekke utgjevingar av bøker om kultur i Valle, ikkje minst den flotte boka om mat som kom i fjor, var populær. Men og boka om korleis ein klær seg i bunad har vore til nytte. Sæbyggjen syng, og Sæbyggjen diktar og drøymer er og bøker som laget står bak. Mindre kjent er det at dei har dåpskjole til utleige for 10 kroner, at dei har stått for mange innkjøp av utstyr til forsamlingshus og kyrkje. I det heile har dei arbeidd til beste for bygda. Kursa dei har stått for er også viktige kulturformidlarar.

Basaren på sauesjået er vel det dei fleste møter når det gjeld Valle Bygdekvinnelag. Den er legendarisk og har vore eit viktig grunnlag for arbeidet, det er her dei har fått inntektene. Den har halde på sidan 1949, og er like populær i dag.

Til 50-års jubileet i 1997 fekk dei Valle kommune sin kulturpris. Åra etterpå har synt at det var eit svært godt val. I 2007, det året dei fyller 60, finn vi desse i styret:
Leiar: Randi Myrum
Nestleiar: Jorunn Lund Harstad
Skrivar: Lisbeth D. Homme
Kasserar: Ellinor (Nøste) Nyberg
Styremedlem: Torhild Sandnes

Gratulerer med dagen.