Ei innhaldsrik helg

Share

I kveld skriv eg blogg som bare delvis er relatert til Valle Radio, mest handlar det om fyrste helga i haustferien. Men eg kan jo til innleiing nemne at eg ikkje har tysdagssending i haustferien. Det er heller ikkje onsdagssending, men me kjem sterkt att fredagskvelden. Då skal Bjørgulv T. Berg ha sauesjåsending for heile dalen, og open sending skal Rolf Erik Homme stå for.

**Suleskarvegen**
Fredag ettermiddag la eg vegen over fjellet i det flottaste sommarveret ein kunne ønske seg. Sulskarvegen, altså. Den er ikkje brei, og denne fredagen vart det ei nokså hakkete kjøring over vestover, for dei fleste bilane på vegen skulle austover, og dei var mange. Grupper på tre til seks bilar kom i lag mot meg, då var det i grunnen bare til å stoppe og vente, og så heller ta ein liten bit til før neste gruppe kom. Ved gjetarbua ved Roskrepp stod det mang sauer i ei grind, og lenger vest kom ein stor dyretransport, så dei heldt vel på med ettersanking, men elles var det mange som skulle tilbringe helga i Setesdal.

Vi har jo hatt vegen som tema i ganske mange sendingar, og fleire vil det nok bli. Eg tenkte då eg drog over heia at mange stader skulle det vore ganske lett å utvide vegen litt og få to felts veg utan store kostnader. Det hadde vore betre nesten kor lite det var. Heldigvis berga eg meg over utan at nokon spegel vart knust.

**90 år**
Grunnen til at eg drog over fjellet fredag var at me skulle feire mor sin 90-årsdag laurdag. 70 gjester var innbedne, vi starta med konsert i Ålgård kyrkje klokka 14 med barn og barnebarn i elden. Dei hadde fått forsterkning med svigerbarn og svigerbarnebarn og, og ein full time var det song og spel til glede for kven som helst, det heitte lunsjkonsert og var ope for alle, men mest for mor og familie og vener.

Deretter var det mat og prat på Ålgård Bedehus, slik sett var det nesten symbolsk, for mor sitt liv har vore langs den aksen i stor grad. Far var kyrkjetenar i Ålgård kyrkje http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85lg%C3%A5rd_kirke i ei tid då det var heilt naturleg for kyrkjetenaren å ta med lunka dåpsvatn heimanfrå heller enn å varme det i kyrkja, og mor vaska og stelte dåpshanddukane i alle år. Det andre store engasjementet til far og mor låg på Ålgård Bedehus. Då eg vaks opp, heitte det Betel, sidan vart det bygd nytt bedehus utan at det fekk bibelsk namn. Her hadde dei sin faste gang, kyrkja om føremiddagen, bedehuset om kvelden. Så vi tykte det var heilt som det skulle vere å leggje festen til Bedehuset. Mor heldt ut til siste bord var rydda, så var det heim til ein liten prat, før me la i veg mot Mandal om lag klokka 2230. Med ny veg forbi Kvinesdal går turen no på litt over to timar.

**Kor og orgel**
I Lyngdal har dei ein konsertserie i år som heiter Orgel i 100. Grunnen er at orgelet i kyrkja der er hundre år gamalt. Siste sundag i kvar månad er det konsert med det gamle instrumentet i fokus, men gjerne med noko attåt. Denne sundagen var det Margaret Standal Volle Haugland som spela. Ho har vore spelt i Postludium ein gong for snart to år sidan. I tillegg var det slagverk og saxofon, og så fekk eg gleda av å vere med i eit kor som song litt på konserten. Det vart ei stor oppleving. Vi song Som den gylne sol frembryter på ein folketone arrangert av Henning Sommerro http://no.wikipedia.org/wiki/Henning_Sommerro, det var som taket løfta seg. Margaret spelte Mozart, http://no.wikipedia.org/wiki/Mozart
CPE Bach http://no.wikipedia.org/wiki/Carl_Philipp_Emanuel_Bach og gamle Bach http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Sebastian_Bach i tillegg til samspel med dei andre i folketonearrangement og meir moderne stykke. Ståande applaus frå publikum gjorde at musikarane kvitterte med ekstranummer før alle fekk eit glas orgelbrus å leske seg med innan vi tok kveld og drog heim att.

Det vart ein innhaldsrik start på haustferien.