Valle Radio i Sørlandssendinga

Share

Siste valgstudio i Sørlandssendinga vart halde i går kveld i Valle Radio. Dei skulle vore utanfor Hasla i Valle sentrum, men det bles så mykje at dei flytta ned i radiostudioet vårt. Der var atter ein gong Ørnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd i elden, no saman med Signe Sollien Haugaa i Setesdal Regionråd. Med Signe og Sigurd dekka dei heile dalen, medan Ørnulf hadde ferske inntrykk etter maratonsendinga torsdagskvelden.

Det vart ein heil times sending frå Valle der dei oppsummerte nokre av emna som har vore aktuelle i valkampen i Setesdal.

Etter mi meining har vi fått mykje ut av å ha Valle Radio i aktivitet i samband med valkampen. Vi har hatt mange lydarar som har fått med seg deler av programma våre om valet i år. I tillegg til maratonsendinga torsdagskvelden, hadde eg eit lengre intervju med fylkesordførar Oddvar Skaiaa veka før, og Ørnulf let fire av kandidatane til fylkestingsvalet få tre minutt til ein appell torsdagskvelden, så vi har prøvd å dekke både kommune og fylke.

**Forhåndsstemming**
Eg har og lyst til å gje ein bukett roser i alle partifargar til Velkomstsenteret ved Jorunn Tveiten og dei andre som arbeider der. Dei har teke mot forhåndsstemmer frå 10% av dei røysteføre i Valle. Venleg og effektivt har dei hjelpt oss som ikkje kan vere heime på valdagen med å sende røystene våre til heimekommunen også. Jorunn har og vore i radioen for å informere om valet, særleg har ho lagt vekt på at ein gjerne kan kome å stemme sjølv om ein ikkje har legitimasjon. -I Valle kjenner me alle, seier ho, og å vere kjend av folk som tek mot stemmer er nok for å få stemme.

**Stemme for første gong**
Sjølv har eg hatt gleda av å syne flyktningar som skal stemme for første gong i år korleis vårt system for val til kommunestyret er. Ved kommunevalet kan ein som har budd i Noreg i tre år, stemme, og fleire av flyktningane våre har budd lenger enn det i Valle. For fyrste gong har dei fått valkort og er med i manntalet. Vårt system for demokrati er annleis enn i mange andre land, så vi har hatt nokre rundar for å avklare spørsmål dei har hatt og finne ut korleis forholdstalsval fungerer. Ettersom kommunevalet er eit val på folk ein kjenner, har vi også gått gjennom listene for å sjå kven dei kjenner, og det er ganske mange etter kvart. Det har og vore ein interessant prosess.

Då er det bare å gå til urnene i morgon og måndag i Valle og gjere borgarplikta si.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *