For mykje kristendom?

Share

Eg får kommentere Øyvind Jacob sitt innlegg på bloggen i dag tidleg. Han les i programmet og synest at tysdagssendinga har for mykje kristendom i programoppsettet. Det gjev meg høve til å gjere greie for noko her på bloggen som me som har vore med i Valle Radio frå starten av, kjenner til, men mange av dykk som les bloggen, ikkje utan vidare vil kjenne til.

Ei stund etter at Valle Radio starta, kom det eit spørsmål til meg om ikkje kyrkja ville engasjere seg i radioen. Det kunne vere ulike måtar å gjere det på, til dømes ved å overføre møter og gudstenester eller ved å ha andaktar frå studio. Dette vart diskutert, og ein valde å prøve å kome ynsket i møte.

**Tankar frå Bibelen**
På den eine sida starta vi opp programserien Tankar frå Bibelen, som har gått i alle åra sidan. Til å begynne med hadde eg ansvaret for desse andaktane, gjerne med ein gjest saman med meg. Sidan kom Håvard Viki, Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg med i arbeidet med dette. Då kunne eg trekkje meg ut og overlate opplegget til dei. Det er Håvard som organiserer det heile og set opp liste, og det går sin faste gang utan at me som elles har programansvar, treng å tenkje på det. For den einskilde programleiar, som har hatt sending halvannan time når Tankar frå Bibelen startar, er det godt med ein pause og høve til å gjere klart for det som skal skje seinare om kvelden.

Men dette opplegget gav ikkje høve til å sende overføring av gudstenester eller møteopplegg. Framleis var det eit ynskje om å kunne gjere det. Difor kom det opp forslag om å få ein annan dag til noko slikt. Dermed kunne ein sende opptak frå gudstenester og møter. Desse kunne ofte ta ein time, noko som vart for langt til å ha med i onsdagssendinga.

**Tysdagssending**
Vi valde å leggje dette til tysdagane. Før vi gjekk i gang, tok vi kontakt med Norea Radio og fekk vite at dei hadde eit tilbod til lokalradioar som vi kunne verte ein del av. Det ville gje oss stoff kvar veke som kunne bere ein del av programmet. Slik vart det og. Frå starten våren 1998 hadde tysdagssendinga eit mykje sterkare kristeleg preg enn den har no, for etter Over ein open Bibel og Noreamagasinet hadde vi gjerne misjonsinformasjon som vi fekk tilsendt frå Norea Mediemisjon. Då var eg ofte i kyrkja på sundagane og tok opp gudstenestene, opptaket vart så sendt tysdagskveldane.

I 1997 hadde vi hatt ein periode med stor aktivitet med orgelmusikk i kyrkjene, særleg var konsertane i Hylestad kyrkje i tilknytning til vegkyrkja om sommaren viktige. I samband med desse kom eg i kontakt med Niklos K. Besteland og oppdaga etter kvart kor stor ressurs han kunne vere med omsyn til kyrkjemusikk og orgelmusikk. Difor vart han med på laget, og vi la opp til programmet Postludium, som skulle formidle dette. Dette held vi framleis på med, sjølv om mangt har endra seg i bygda vår i så måte og vegkyrkja og konsertarbeidet no ligg nede.

**Frå kyrkjeradio til opnare profil**
Gjennom åra har opplegget endra seg frå å vere nesten utelukkande kristen radio til å verte meir allment. Eg likar å sjå på det som eit alternativ til onsdagens bygderadio, men likevel med ein trongare profil. Øyvind har heilt rett i det. Då Hallvard Kjelleberg var leiar i Valle Radio, var det klar beskjed frå han: Tysdagskveldane skulle ikkje ha program som det kunne vere naturleg å ha med på onsdagskveldane. Det la sjølvsagt rammer for det ein kunne ha med tysdagskveldane.

Difor har tysdagane fått ein profil med kristendom, mest klassisk musikk, men og noko folkemusikk, jfr. munnharpeprogramma som eg har hatt saman med Jon Melhus. Ein lang periode hadde eg og bokprogram saman med Lisbeth D. Homme. Etter at Bykle Radio tok til med møteoverføringar på måndagskveldane, droppa eg møteoverføring på tysdagskveldane. Sjølv om dei no har slutta med det, har ikkje eg teke opp att dette, mellom anna fordi eg ikkje lenger er i Valle i helgene, og difor ikkje så lett kan lage slike opptak.

Dette vart eit av dei lengste innlegga eg har hatt på bloggen. Men det var jo eit godt høve til å gå gjennom historia til Valle Radio, det har eg vel ikkje gjort på bloggen før.

Jolemessa på Rysstad

Share

To gonger har eg nemnt jolemessa på Rysstad i Valle Radio i haust. Fyrst snakka eg med leiaren i komiteen, Ragnar Aas på Evje. Grunnen til det var at eg møtte Tone Bjørgum i sentrum ein dag, og ho fortalde at dei hadde hatt komitemøte for å leggje siste hand på førebuingane. Det kunne Aas bekrefte, dei gledde seg og vonar nok å få inn 300.000 i år og.

Datoen er laurdag 17. november, og her i dalen er det ein eigen kultur for å gå på desse basarane. Det er stuvande fullt på Soknehuset på Rysstad det meste av dagen, tre møter med gode talarar og songkrefter. Og så er det tre trekkingar på åresalget kvar time. Dei har 300 kransekaker eller bløtkaker som fyrste gevinst, og sel 10 seriar kvar gong. To eller tre gevinstar ved kvar trekning, men når ein gangar det med 10, så vert det ganske mange vinnarar i løpet av dagen. Nesten kvart år er det nokre som dreg heim med mange kaker og store smil rundt munnen.

Men det krev ei tjukk lommebok, for det er lett å bli gripen av stemninga og då kjøper ein årer for femti eller hundre kroner kvar gong. Sjølv om kaffe og mat er rimeleg, kan det fort bli eit halvt tusen på eit par timar. Og så er det så hyggeleg at ein godt kan sitje meir enn eit par timar der.

I kveld hadde eg ein prat med han som skal vere hovudtalar i år. Han heiter Gunnar Hamnøy og er predikant for Misjonssambandet, basaren er jo til inntekt for dei. Hamnøy har spesialisert seg på å få næringslivet engasjert i utviklingsarbeid og misjonsarbeid i regi av Misjonssambandet. Særleg engasjert har han vore for Tanzania og Kenya, fleire gonger til året er han der nede med grupper som vil sjå på arbeidet. Han fortalde levande om dette og om tilsvarande engasjement for Mongolia. For ein del år tilbake laga han ei rekke program for Norea som vi sende i Valle Radio. Då fortalde han frå arbeidet og intervjua misjonærar.

Ettersom det er ei sterk interesse for Misjonssambandet sitt arbeid her i Valle og Bykle, har eg opplevd det meiningsfylt å ta med noko av stoffet Gunnar Hamnøy har laga, og eg har fått god respons på det. No tipsa han meg om at eg kunne lage meir stoff i samtale med Ragnar Aas, for han var med på ein slik tur til Afrika.

I tillegg til Gunnar Hamnøy kjem det eit kor frå Strand i Ryfylke for å vere med på arrangementet, så det er stor innsats frå arrangørane si side. No får vi vone at veret blir lagleg og oppmøtet godt, slik at dei og i år kan få gje eit godt handslag til misjonsarbeidet gjennom jolemessa.

Colours everywhere

Share

I programmet Møteplassen i kveld var Olav Mosdøl gjest. Han fortalde, som han alltid gjer, levande og interessant om diktning og bøker. Siste plata som vart spelt, var Deana Carter sin melodi Colours everywhere. Då måtte eg til engelsk wikipedia for å finne ut meir om henne: http://en.wikipedia.org/wiki/Deana_Carter

Ho skriv i sangen om korleis ho brukte å sjå alt i svart/kvitt medan ho venta på at livsens kjærleiksoppleving skulle kome inn i livet hennar. Ho trong nokon til å skru på fargane og hjelpe henne til å sjå alt det vakre som venta på henne. Så kjem ho i refrenget og fortel at

You…you put the blue back in the sky
You put the rainbow in my eyes
The silver lining in my prayers
And now there’s colour everywhere
You put the red back in the rose
Just when I needed it the most
You came along to show you care
And now there’s colour everywhere

Heile sangen finn du her: http://www.lyrics007.com/Deana%20Carter%20Lyrics/Colour%20Everywhere%20Lyrics.html

Å få setje fargar på livet til nokon er ei oppgåver vi ynskjer å ha i Valle Radio. Når eg har tysdagssendingane, er det noko av motivet. Difor var det hyggeleg å få ein epost med kommentar om den vakre songen.

**Kommentarar**
Det er hyggeleg å få kommentarar når du har høyrt noko som har gledd deg. Kanskje særleg då. Som ein amatørradio kan ein ikkje vente at alt går like problemfritt som dei profesjonelle gjer. I kveld var det ein slik kveld, på grunn av at ein ledning ikkje var kopla rett, gjekk det ein halv time ut i sendinga før vi kom på lufta. Takk til Jørund Georg Jore, teknisk sjef i Valle Radio, som hadde høve til å kome innom og fikse det i ein travel kveld.

Takk og til Niklos K. Besteland som alltid har konstruktive kommentarar til orgelmusikken eg finn fram til i Postludium. I kveld hadde eg litt blanda program, og han sette pris på det eg hadde funne.

Det starta med Franz List: Hosannah, spela på orgel og trombone av Patrick Wedd og Alain Trudel. Deretter kom Bergen Domkantori under leiing av Magnar Mangersnes og song motettane Hans navn og Jeg er Alfa og Omega av Kjell Mørk Karlsen. Så fekk vi Guilmants Chorale (Kirchenordnung Braunschweig) for trombone og orgel før Birgit Rike Lund song folketonen Dagen viker og går bort. Den salmetonen var grunnlaget for Magnar Åm sitt stykke med same tittel, spelt av Kåre Nordstoga på orgelet i Oslo Domkirke. Niklos minna om at melodien er ein variant av Folkefrelsar til oss kom.

Det er alltid ei glede for meg når eg finn noko han ikkje har høyrt før, og det var det i kveld. Eg kunne då fortelje at Åm og Karlsen sine stykke hadde eg funne på biblioteket i Valle si platesamling. Alle kan låne dei der.

Veke 44 – 2007

Share

**Tysdag 30. oktober**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Salmekveld
18:55 Møteplassen
19:30 Noreamagasinet
20:00 I berget det blå. Dikt av Svanhild Londal Lervik
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 31. oktober**
Teknikar: Inga Flateland
18:00 Kommunestyremøte

Vintertid

Share

Ikkje lett å omstille seg til vintertid, sjølv om det er det som er normaltid, i alle fall i fylgje wikipedia: Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Normaltid Der kan du finne ut at det var omsynet til jernbanen som var grunnen til at ein starta arbeidet med å få ei sams tid over eit heilt land. Etter kvart vart det viktig å få det til for større deler av landet, og sist på 1800-talet vart systemet teke i bruk, fyrst i Japan, sidan i andre land.

Det er altså slutt på sommartid. Sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Sommartid Det var Benjamin Franklin som fyrst foreslo å etablere eit system med sommartid, men det vart ikkje gjennomført i hans levetid. Han døydde i 1790, og Tyskland, som var det første landet til å iverksette sommartid, gjorde det i 1916.

Eg har undra meg på korleis det er med dei som arbeider nattevakt den natta ein stiller klokka. Det fann eg og svaret på i den nynorske artikkelen på wikipedia, for der står det at ein må arbeide den ekstra timen gratis, ein arbeider den timen to gonger, heiter det.

Noreg har hatt sommartid sidan 1980, men vi hadde det i kortare periodar før og, heilt tilbake til 1916. Men no er det fast, vi fylgjer EU i det og. USA har hatt sommartid, og i år har dei utvida den, så dei har sommartid lenger enn i Europa. Det er ikkje fordi det er så mykje meir sommar der, men dei har rekna ut at dei sparer energi ved å ha sommartid.

Eg tok turen til Valle ganske tidleg i kveld. Og no skal det bli godt å leggje seg, gammal klokke er eitt no. God natt.

Draumar 2

Share

**Olav H. Hauge: Diktet “Det er den draumen”**

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Etter at eg skreiv i bloggen i går, kom dette diktet til meg. Det er eit dikt som kan syngje i hugen når det noe går mot vinter. God sundag.

Draumar

Share

Eg fekk ein førespurnad for ei tid tilbake: Kva er draumane dine, Harald?

Eg måtte tenkje på den då eg i kveld høyrde Robert H. Schuller http://en.wikipedia.org/wiki/Robert_H._Schuller frå Crystal Cathedral tale på Gospel Channel. http://en.wikipedia.org/wiki/Crystal_Cathedral Den har ikkje artikkel på norsk wikipedia enno, så du får klare deg med den engelske.

Han fortalde om draumen sin om å starte ein kyrkjelyd med positiv kristendom som fokus og korleis det har gått. Samstundes fortalde han om ein student frå Sør-Korea som han hadde studert saman med og som hadde ein draum om å få til ein skule i heimlandet og korleis kyrkjelyden Crystal Cathedral hadde hjelpt med prosjektet.

Mange draumar har vore drøymt rundt mange prosjekt. At Valle Radio er i drift, skuldast ein draum om å få til ein lokalradio for Valle. Det er mange år sidan den vart drøymt fyrste gongen, men for ti år sidan lukkast det å få det til. Våren 1997 hadde vi prøvesending, frå hausten var vi i gong.

-Eg har ein draum, sa Martin Luther King. Alle unge les om han og draumen hans om å få eit land fritt for rasisme og slaveri. Men det er ikkje nok med draumen, arbeid må og til. Ein byggjer ikkje katedralar utan draumar, og kampen mot rasisme må kjempast kvar einaste dag.

Eg likar å sjå på Hour of Power fredagskveldane. Songen og visjonane gjev ein fin inngang til helga. http://en.wikipedia.org/wiki/Hour_of_Power Det er humor og forkynning i programmet. Positiv kristendom, det gjer meg glad.

I neste veke er det diakonivisitas i Valle. Då kan vi få dele draumar med kvarandre. Tysdagskvelden er sett av til eit slikt opplegg. Diverre får eg ikkje vere med den kvelden, for då har eg mi diakonale teneste i Valle Radio. Men draumar kan vi dele i så mange samanhengar. Send meg gjerne draumen din på ein epost til harhaugl@gmail.com

Eivind Groven 2

Share

Niklos K. Besteland hadde sett saman eit interessant program for å presentere komponisten Eivind Groven tysdagskvelden. Han starta med korverket **Til Telemark** der Bergen Domkantori http://no.wikipedia.org/wiki/Bergen_Domkantori song under leiing av Magnar Mangersnes. http://no.wikipedia.org/wiki/Magnar_Mangersnes Teksten var av Per Sivle, http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Sivle og stykket vart laga til 80-årsjubileet i Telelaget i Oslo i 1963.

Med dette som bakgrunn presenterte han så denne store norske komponisten, son nok lever noko i skuggen. Han var sjølvlært som komponist, men med den store føremonen at han var ein dugande folkemusikar og spelte mange instrument.

Etter dette fekk vi høyre Knut Buen http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_Buen spele springaren **Håvard Gibøen** http://no.wikipedia.org/wiki/H%C3%A5vard_Gib%C3%B8en på nedstilt bas i tradisjon etter Johannes Dahle. Dette stykket har Groven nytta i **Symfonisk slått, opus 53 nr. 1 Faldafeykir.** Vi fekk høyre Stavanger Symfoniorkester under leiing av Eivind Aadland. http://no.wikipedia.org/wiki/Stavanger_Symfoniorkester
Det var betagande vakker musikk. Stykket var skrive til 200-årsjubileet for Musikkselskapet Harmoniens orkester i 1965, men vart ikkje framført før i 1967. Dette var det siste store verk som Groven skreiv.

Niklos let så Kjetil Løndal (fødd 1907) presentere hallingen **Sevliden**. http://no.wikipedia.org/wiki/Kjetil_L%C3%B8ndal
Opptaket var frå ein kappleik i 1964, og Løndal leverte eit medrivande spel til stor applaus frå publikum i salen. Dette stykket er det som er grunnlaget for den tredje slåtten i Groven sitt opus 53, og etterpå var det Stavanger Symfoniorkester sin tur. Dei spelar med stor glede og stort driv på BIS CD 13.12.16.02 TT, det var ei stor oppleving å høyre dette.

Takk til Niklos K. Besteland for eit interessant program.

Open sending 24. oktober 2007

Share

Dette vart ei triveleg sending der Helge Dahle hadde med seg Olav Straume i studio. Tema var førebuingar til vinteren, og parallellt med det snakka dei mykje om lafting. Det var og eit par innslag gjennom telefonen, mellom anna snakka dei med Thor Åmlid, som etter det eg fekk med meg skulle kome på skjermen seinare i haust. Eg fekk ikkje med meg datoen, men det skulle visst kome i Setesdølen og. Han har jo vore statist i Hotel Cæsar. http://no.wikipedia.org/wiki/Hotel_C%C3%A6sar

Elles var det ein interessant kveld. Helge valde å halde på til bort mot halv tolv, det var nok fleire som fann senga fort då han var ferdig. Premiane gjekk til

Angerd Mosdøl
Jorunn Lund Harstad
Gyro Trydal
Torhild Lunden
Solbjørg på Hovden, som fekk kruset

Gravferd

Share

Fredag vart Ellen Lien gravlagd i Valle, i dag vart Knut O. Nomeland gravlagd i Hylestad. På kvar sin måte har dei gledd Valle radio sine lyttarar. Eg hadde gleda av å ha Knut O. med til samtale om livet i heia i nokre program for år tilbake. Det var ei stor oppleving å sitje og høyre han fortelje. Ellen Lien var ofte på telefonen for å vere med i Open sending på onsdagskveldane. Ho løyste rebusar og var ei stemme frå Telemark som vi sette pris på å få inn i studio og slå av ein prat med.

Sigurd Haugsgjerd hadde skrive fine minneord om begge i Setesdølen for fredag 19. oktober. Bileta han teikna av dei, stemte med det biletet eg har hatt etter desse åra i kommunen:

**Ellen Lien**, som var busett i Liarheim i Tveitebø i Valle, døydde den 11. oktober nær 81 år gamal. Med henne er eit arbeidssamt, gildt og velmeinande menneske gått bort.

**Knut O. Nomeland**, ein kjend mann langs riksvegen i Setesdal, døydde på alders- og sjukeheimen tysdag 16. oktober – og endå ein fargerik setesdøl har gått ut or tida.

Me vil lyse fred over minnet deira.