Orgel og meir til

Share

I kveld vart eg sitjande å sjå på TV ganske mykje meir enn vanleg. Eg bytte mellom fleire kanalar og kom til slutt innom Gospel Channel, den islandske kanalen med kristne program. Klokka var 20:30, og plutseleg kom Diane Bish på skjermen. Ho er ein konsertorganist som har spesialisert seg på å produsere videoar med orgelmusikk. Ho spelar sjølv og har gjerne ein solist med seg på eit anna instrument eller ein songar. Ein halv time med utvalde stykke basert på kristne songar gjorde at eg vart sitjande å høyre på programmet.

**Hour of Power**
Dette programmet har eg stor sans for. Det er frå Crystal Cathedral i California, og då Diane Bish var ferdig med sitt program, dukka Hour of Power opp på skjermen. Til alt overmål med SKRUK og Per Oddvar Hildre som gjester.
http://no.wikipedia.org/wiki/SKRUK
http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Oddvar_Hildre

Dei song nydeleg, og då dei var ferdige, sa pastoren at han angra på at han hadde barbert seg i morges då han såg på det vakre skjegget til Prots.

Programma til Hour of Power er etter min smak både når det gjeld musikk og tale, så eg fekk ein fin time framfor TV. Så var det 10 minutt med nytt på NRK2 før Linda Eide dukka opp i reprise frå sist laurdag. Då feira eg mor sin 90-årsdag, så eg fekk ikkje sjå Norske attraksjonar. Då var det godt å få det i reprise, slik at eg kunne førebu meg til morgondagens program, som skal vere frå Valle, mellom anna. Eg hadde jo ein prat med Linda i radioen då ho var her og laga programmet, så det må eg få med meg, det er visst klokka 22:30, trur eg.

Alt i alt vart det ein interessant kveld framom tv-apparatet. At verdas lengste mann var av norsk avstamming, John Aasen, visste eg ikkje. Det kan ikkje ha vore lett å vere 2,73 høg. Du må lese om han på engelsk wikipedia, vi har ikkje nokon artikkel på norsk ennå.
http://en.wikipedia.org/wiki/John_Aasen

Sauesjåsending 2007

Share

Fredag 5. oktober

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Torleif Homme frå Valle kommune og Signe Sollien Haugå frå Setesdal Regionråd
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Open sending med Rolf Erik Homme

Eg hadde ikkje sjølv høve til å høyre sendinga, men vonar det var ei god opptakt til Sauesjået i morgon. Årets arrangement er endra ein del, og dersom veret vert lagleg, bør det bli ein triveleg dag både rundt Valle Motell, i sentrum og på Bygdekvinnelaget sin basar.

Laurdag kveld fekk eg ein epost frå Bjørgulv om kva og kven han hadde hatt med i sendinga:
*Sauehald – med Liv Gyro Brokke og Åse Ingebjørg Homme
*Jærsmalen – telefon til Hallvard Oftedal
*Folkelarmprisen – telefon til Kirsten Bråten Berg

I timen med gjester hadde han med
*Tor Hallvard Mosdøl som fortalde om Bykle mat og
*Tarjei Haugen som snakka om prosjektstillinga for Setesdal Vesthei som er utlyst no.