Norske attraksjonar sendt

Share

Så er programmet sendt, det var rart å sitje og sjå så mange kjende folk på TV. Sigurd Brokke gjorde seg godt som skodespelar, og sanneleg kom Niklos K. Besteland og syklande då dei fiksa Helle-skiltet slik at det skulle passe med sangen om Håvard Hedde.

Og Hans Petter på Joker meinte at det var langt til kommunehuset, eg tykte han sa 200 meter til høgre og venstre i staden for hundre meter over haugen. Det var og rart å sjå dei som var på møtet om ord, dei fleste av dei har vore i Valle Radio, og her vart dei altså medverkande til Norske attraksjonar.

Duellen mellom Linda Eide og Sigurd gjekk som det måtte gå: Når ein målmedviten dialektbrukar tek fram dei spesielle orda frå kommunen vår, må ein vossing sjå seg utkonkurrert. Eg tykte i grunnen ho var tøff som hoppa i Otra den haustdagen, dukka under gjorde ho og.

Eg fekk nett dette brevet frå Britta Lise Homme:

Du har kanske alt sett det, men muleg noko for bloggen din …

Det var eit morosamt innslag.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/290571

Mykje kjent og noko ukjent i programmet. Det gjev ein god miks og gjer at me gleder oss over det som skjer. Eg trur ikkje ivelendingar tenkjer over kor mykje ein dusj kostar om ein reknar det om til Voss-pris på vatnet. Slike små innspel gjer at ein plutseleg tenkjer over kor godt ein har det i landet vårt, nok vatn til rimeleg pris.

Før Linda kom på skjermen, sat eg og lo av Løvebakken. http://no.wikipedia.org/wiki/L%C3%B8vebakken_%28TV-serie%29 Det programmet er ein norsk variant av eit utanlandsk programkonsept. **Norske attraksjonar** verkar originalt.

Takk til Britta Lise for lenka til programmet.