Motorferdsle i utmark

Share

I avisa Setesdølen fredag 5. oktober var det eit oppslag om at Valle mållag refsar Valle kommune for språket i uttalen til Ny lov om motorferdsle i utmark. Mange veit ikkje at dei kan gå inn på sidene til Valle kommune og finne informasjon om uttalen der. På nyhetssidene ligg uttalen som formannskapet vedtok midt i september, og den er nesten lik det som kommunestyret vedtok sist i september, det er bare hengt på litt til etter forslag frå ordføraren.

Eg gjekk inn og klipte det ut frå kommunen si side, slik at du som les bloggen skal få høve til gjere deg opp di eiga meining. Er dette dårleg nynorsk?

**Nytt regelverk for motorferdsle i utmark – høyringsuttale**
Forslag til nytt regelverk for motorferdsle i utmark vart handsama i formannskapet 12.9. Forslaget vart samrøystes vedteke, og kommunestyret handsamar saka i neste kommunestyremøte. Les høyringsuttalen nedanfor
Snøscooter

1. Bakgrunn for høringsuttala:

Valle kommune har 1333 innbyggarar og om lag like mange kvadratkilometer utmark. Av dette framgjeng at utmarka, og utnytting av denne, har hatt og har stor betyding for busetnad og innbyggarar i Valle Kommune. Dette høve seg som del av primærnæring, utøving av jakt og fiske, ressurs for reiselivsnæringa etc. Utmarka og bruk av denne er på slik måte ein av dei viktige pilarane for eksisterande busetnad og for det kontinuerlige arbeidet med å auke tilflyttinga til kommunen.

I seinare tid har kommunen vidare gjort ei strategisk satsing på å nytte utbygging av fritidsbustader som eit av satsingsområda innanfor næringsutvikling, og det byggast i dag om lag 100 nye einingar i året. Det er ei målsetting at dette talet skal aukast, og innaføre strategiske arealplanar (juridisk bindande og ikkje juridisk bindande planar) er det lagt opp til ei ekstensiv utbygging med eit potensiale for 4 – 5 000 einingar. Langt dei fleste av desse ligg med direkte kontakt med veg, men ein del har ikkje bilveg og ein andel av desse igjen ligg meir enn 2,5 km frå brøyta veg. I tillegg ligg eit forholdsvis stort tal av eksisterande fritidsbustader med lik eller større avstand som det overnemnde.

I ljos av det overnemnde er det heilt klart at Valle Kommune sine interesser for bruk og vern av naturverdiane i utmarka, omfattar svært krevjande interesseavklåringar og krevjande faglege vurderingar. Ein ser i slik samanheng viktigheit av gode og tydelege styringsverktøy gjennom eit sterkt lovverk og nasjonale interessedefinisjonar. Likeeins er det viktig at forvaltning og avgjerslemynde leggast til eit lokalt plan.

Motorferdsle i Valle kommune handlar i stor grad om bruk av snøskuter. I tillegg har det i seinare tid blitt meir aktuelt å sjå på tilhøva rundt bruk av firehjuling. Utanom i samband med skogsdrift, er anna motorisert ferdsle nesten fråverande.

Bruk av motoriserte framkomstmiddel i Valle kommune har slik ein ser det fire aspekt, beroande på brukergrupper og areala som blir nytta.

1. Lokale brukarinteresser.

2. Transport til eksisterande og nye fritidsbustader i felt.

3. Reiseliv og næringsføremål.

4. Ferdsel i verna område.

Utdyping av desse fire punkta samt drøfting av forvaltningsnivå og forvaltningsprinsipp, dannar grunnlag for denne høringsuttala.

2. Utdyping av tema:

2.1 Forvaltningsprinsipp og nivå.

Langt den største delen av Valle Kommune består av utmark og nytt regelverk vil då gjørast gjeldande for store delar av dei areala innbyggarar og tilreisande i Valle disponerer. Dette forsterkast ytterlegare dersom ein oppfattar snødekt innmark som utmark. Regulering av motorferdsle må av dette sjåast som ein del av den heilskapelege arealforvaltninga i kommunen, på lik line med anna arealbruk. Kommunens reiskap i slik samanheng kan være overordna arealplanar, og ulike temaplanar som vedtakast av kommunestyret. Etter slik metode vil ein kunne fange opp verdiar og ulemper, sett i ljos av og opp mot all anna arealbruk i kommunen. Slik vil ein kunne gjere ei god og heilskapeleg vurdering av krevjande interesseaveiningar og eventuelle faglege konfliktar.

Valle kommune understrekar vidare at avgjersler etter lova må forankrast nær brukarane. Dette for å underbygge det lokale sjølvstyret, og for å oppnå forståing og dempe potensiale for konflikt med innbyggarane i dei einskilde kommunane.

Slik tanke ligg til grunn for dei forvaltningsmessig prinsippa ein utøver ved arealforvaltning etter Plan- og bygningslova (Plb). Valle kommune meiner regelverk for motorferdsle bør leggast opp etter dei same prinsippa, der forutsigbar planlegging, konsekvensutredningar og medverkad frå lokale interesser og overordna organ står sterkt. På lik linje med planprosess i Plb bør overordna mynde kunne gripe inn (med motsegn) i dei tilfelle nasjonale eller regionale interesser er skadelidande. Dette kan t.d. omhandle omsyn til nasjonalt viktig viltbestandar, sårbar/sjeldan flora og nasjonalt viktige landskapsrom/lansdskapsområde. Ei slik vurdering må da knyttast til konsekvensane av spesifiserte tiltak vurdert mot definerte naturverdiar. Til dømes vil barmarkskjøring då kunne vurderast med anna utfall enn kjøring på snødekt mark.

Ved ei lokal vurdering vil det være lettare å vurdere konsekvensar (positive og negative) for ulike interesser, som t.d. ulike former for satsing på turisme og reiseliv. Motorferdsle kan i så høve verke veldig forstyrrande for ein del av næringa, samstundes som det kan være ein viktig del av andre greiner av slik næring. Til saman må dette foreinast i løysingar som er til gode for utvikling av bygda Valle, og som tek omsyn til dei naturverdiane kommunen skal forvalte.

Valle kommune vil presisere at heilskapeleg og lokalt forankra forvaltning er særs viktig i kommunar med sterke brukarinteresser.

2.2. Lokale brukarinteresser.

– Innbyggarane i Valle sin bruk av motorisert framkomstmiddel (i hovudsak snøskuter) på eigen eigedom, ved transport til eigne driftsbygningar og fritidsbustader og som verdifult rekreasjonselement.

Brorparten av innbyggarane i Valle er grunneigarar med større eller mindre eigedommar på heia. Desse har ein sterkt forankra bruk av utmarka, med grunnlag i tidlegare tiders driftsformer og utnytting av ressursane. Dette er etter Valle Kommune si oppfatning utøving av lokalt friluftsliv, som ved rett gjennomføring ikkje treng å skape konflikter med andre brukarinteresser eller konflikt med verdifullt dyreliv og naturressursar.

Valle kommune forfektar sjølvsagt ikkje at også slik køyring må underleggast omhyggeleg vurdering før løyve, men slik vurdering kan med fordel gjerast, som understreka tidlegare i uttala, i samanheng med løypeplanar og som del av ein heilskapeleg planmessig arealforvaltning.

2.3 Transport til eksisterande og nye fritidsbustader i felt.

Valle kommune har fritidsbusetnad i felt med større avstand enn 2,5 km til nærmaste brøyta veg, og ein ser her i dag ein utstrakt bruk av snøskuter. Felta har i stor grad sumarvegar, og motorferdsle på barmark er derfor ikkje aktuelt å problematisere i høve til desse. Leigekjøring med skuter, slik DN skisserar, kan i noko omfang være høveleg ved transport til desse felta. Ein ser likevel vanskar med å gjennomføre slik ordning, grunna dei store sesongmessige variasjonane. Ein ser det som lite sannsynleg at leigekjørar kan klare å dekke behova i periodane med stor belastning, typisk då vinterferiane og påska, og samstundes ha næringsgrunnlag for resterande deler av sesongen. I så fall må det innførast andre økonomiske incentiv for å bygge opp under næringa.

Valle kommune er klar over utfordringane som ligg i at mange hytteigarar disponerer eigen snøskuter, og potensialet som då oppstår for ulovleg kjøring. Ein er likevel av den oppfatning av at ulovleg kjøring med snøskuter må motverkast med andre tiltak.

2.4 Reiseliv og næringsføremål

Regelverket må differensierast slik at ein kan finne løysingar for naturbasert reiseliv og nye næringsvegar som supplement til tradisjonelt jordbruk. Sjølvsagt med same grundige vurderingsgrad som nemnd sist i pkt. 2.2 og tidlegare i uttala.

2.5 Ferdsle i verna område.

465,5 kvadratkilometer av Valle kommune er omfatta av Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsverneområde. Valle kommune ser at det her er gjort grundige vurderingar av nasjonalt viktige område, og stillar seg bak ein restrektiv og omhyggeleg praksis for forvaltning av desse og andre verna område.

2.6 Høve til uttale frå USS

Ein syner til sist til uttale frå USS. Valle kommune stør denne uttala i si heilhet, og uttala gjeve ovanfor må oppfattast som ein utdyping av USS sin utale, i høve til lokale forhold i Valle.