Debutant bak mikrofonen

Share

Olav Jan Tveiten debuterte i studio i Valle Radio onsdagskvelden. Det var fyrste gongen han var med i Open Sending. Rett nok har han vore med på telefonen, men denne gongen laga eg rebusar frå geografien i Midt-Vesten, der han og sonen Knut Olav var eit par veker tidlegare i haust.

Olav Jan hadde gjort noko som eg sjeldan tek meg tid til når eg er på tur: Han hadde skrive notatar frå kvar dag heile turen. Difor hadde han med seg god hjelp til programmet, ikkje bare frå eigne notatar, men og frå oversikta frå reiseselskapet han var med i. Med så mykje godt stoff var det ikkje vanskeleg å få eit innhaldsrik program. Gode innringarar farga og programmet, mellom anna fortalde Birgit Rike Lund om då ho for snart 25 år sidan var med 20 setesdølar over dammen for å markere Setesdalslaget sitt 75 års jubileum for 24 år sidan. Det minna oss om at no er det snart hundreårsjubileum.

Olav Jan gjorde det godt i radioen. Han fortalde levande frå turen og ein kunne lett få inntrykk av at alt er stort over there. Guiden på bussen dei reiste med fortalde om ein kalkunfarm som hadde ein million kalkunar og ein annan farm med fire tusen mjølkekyr. Og når han fortalde om traktorar og reidskap, kunne ein ikkje anna enn verte imponert: Ei harv som var 22 meter brei, til dømes. Den hadde Knut Olav fått prøve å kjøre med.

Varmt hadde det også vore der borte i september. Med over 35 grader hadde det helst vore farleg å vere ute i sola. Men gode bussar med aircondition hadde gjort det mogleg å reise rundt utan å lide særleg naud.

Takk for innsatsen, velkommen tilbake ein annan gong, Olav Jan.

Skulle det vere ein annan som har lyst til å bli med på Open Sending i Valle Radio, er det bare å ta kontakt. Du kan maile meg på harhaugl@gmail.com eller ringe meg på 9763 1408.