Gravferd

Share

Fredag vart Ellen Lien gravlagd i Valle, i dag vart Knut O. Nomeland gravlagd i Hylestad. På kvar sin måte har dei gledd Valle radio sine lyttarar. Eg hadde gleda av å ha Knut O. med til samtale om livet i heia i nokre program for år tilbake. Det var ei stor oppleving å sitje og høyre han fortelje. Ellen Lien var ofte på telefonen for å vere med i Open sending på onsdagskveldane. Ho løyste rebusar og var ei stemme frå Telemark som vi sette pris på å få inn i studio og slå av ein prat med.

Sigurd Haugsgjerd hadde skrive fine minneord om begge i Setesdølen for fredag 19. oktober. Bileta han teikna av dei, stemte med det biletet eg har hatt etter desse åra i kommunen:

**Ellen Lien**, som var busett i Liarheim i Tveitebø i Valle, døydde den 11. oktober nær 81 år gamal. Med henne er eit arbeidssamt, gildt og velmeinande menneske gått bort.

**Knut O. Nomeland**, ein kjend mann langs riksvegen i Setesdal, døydde på alders- og sjukeheimen tysdag 16. oktober – og endå ein fargerik setesdøl har gått ut or tida.

Me vil lyse fred over minnet deira.