Jolemessa på Rysstad

Share

To gonger har eg nemnt jolemessa på Rysstad i Valle Radio i haust. Fyrst snakka eg med leiaren i komiteen, Ragnar Aas på Evje. Grunnen til det var at eg møtte Tone Bjørgum i sentrum ein dag, og ho fortalde at dei hadde hatt komitemøte for å leggje siste hand på førebuingane. Det kunne Aas bekrefte, dei gledde seg og vonar nok å få inn 300.000 i år og.

Datoen er laurdag 17. november, og her i dalen er det ein eigen kultur for å gå på desse basarane. Det er stuvande fullt på Soknehuset på Rysstad det meste av dagen, tre møter med gode talarar og songkrefter. Og så er det tre trekkingar på åresalget kvar time. Dei har 300 kransekaker eller bløtkaker som fyrste gevinst, og sel 10 seriar kvar gong. To eller tre gevinstar ved kvar trekning, men når ein gangar det med 10, så vert det ganske mange vinnarar i løpet av dagen. Nesten kvart år er det nokre som dreg heim med mange kaker og store smil rundt munnen.

Men det krev ei tjukk lommebok, for det er lett å bli gripen av stemninga og då kjøper ein årer for femti eller hundre kroner kvar gong. Sjølv om kaffe og mat er rimeleg, kan det fort bli eit halvt tusen på eit par timar. Og så er det så hyggeleg at ein godt kan sitje meir enn eit par timar der.

I kveld hadde eg ein prat med han som skal vere hovudtalar i år. Han heiter Gunnar Hamnøy og er predikant for Misjonssambandet, basaren er jo til inntekt for dei. Hamnøy har spesialisert seg på å få næringslivet engasjert i utviklingsarbeid og misjonsarbeid i regi av Misjonssambandet. Særleg engasjert har han vore for Tanzania og Kenya, fleire gonger til året er han der nede med grupper som vil sjå på arbeidet. Han fortalde levande om dette og om tilsvarande engasjement for Mongolia. For ein del år tilbake laga han ei rekke program for Norea som vi sende i Valle Radio. Då fortalde han frå arbeidet og intervjua misjonærar.

Ettersom det er ei sterk interesse for Misjonssambandet sitt arbeid her i Valle og Bykle, har eg opplevd det meiningsfylt å ta med noko av stoffet Gunnar Hamnøy har laga, og eg har fått god respons på det. No tipsa han meg om at eg kunne lage meir stoff i samtale med Ragnar Aas, for han var med på ein slik tur til Afrika.

I tillegg til Gunnar Hamnøy kjem det eit kor frå Strand i Ryfylke for å vere med på arrangementet, så det er stor innsats frå arrangørane si side. No får vi vone at veret blir lagleg og oppmøtet godt, slik at dei og i år kan få gje eit godt handslag til misjonsarbeidet gjennom jolemessa.

Colours everywhere

Share

I programmet Møteplassen i kveld var Olav Mosdøl gjest. Han fortalde, som han alltid gjer, levande og interessant om diktning og bøker. Siste plata som vart spelt, var Deana Carter sin melodi Colours everywhere. Då måtte eg til engelsk wikipedia for å finne ut meir om henne: http://en.wikipedia.org/wiki/Deana_Carter

Ho skriv i sangen om korleis ho brukte å sjå alt i svart/kvitt medan ho venta på at livsens kjærleiksoppleving skulle kome inn i livet hennar. Ho trong nokon til å skru på fargane og hjelpe henne til å sjå alt det vakre som venta på henne. Så kjem ho i refrenget og fortel at

You…you put the blue back in the sky
You put the rainbow in my eyes
The silver lining in my prayers
And now there’s colour everywhere
You put the red back in the rose
Just when I needed it the most
You came along to show you care
And now there’s colour everywhere

Heile sangen finn du her: http://www.lyrics007.com/Deana%20Carter%20Lyrics/Colour%20Everywhere%20Lyrics.html

Å få setje fargar på livet til nokon er ei oppgåver vi ynskjer å ha i Valle Radio. Når eg har tysdagssendingane, er det noko av motivet. Difor var det hyggeleg å få ein epost med kommentar om den vakre songen.

**Kommentarar**
Det er hyggeleg å få kommentarar når du har høyrt noko som har gledd deg. Kanskje særleg då. Som ein amatørradio kan ein ikkje vente at alt går like problemfritt som dei profesjonelle gjer. I kveld var det ein slik kveld, på grunn av at ein ledning ikkje var kopla rett, gjekk det ein halv time ut i sendinga før vi kom på lufta. Takk til Jørund Georg Jore, teknisk sjef i Valle Radio, som hadde høve til å kome innom og fikse det i ein travel kveld.

Takk og til Niklos K. Besteland som alltid har konstruktive kommentarar til orgelmusikken eg finn fram til i Postludium. I kveld hadde eg litt blanda program, og han sette pris på det eg hadde funne.

Det starta med Franz List: Hosannah, spela på orgel og trombone av Patrick Wedd og Alain Trudel. Deretter kom Bergen Domkantori under leiing av Magnar Mangersnes og song motettane Hans navn og Jeg er Alfa og Omega av Kjell Mørk Karlsen. Så fekk vi Guilmants Chorale (Kirchenordnung Braunschweig) for trombone og orgel før Birgit Rike Lund song folketonen Dagen viker og går bort. Den salmetonen var grunnlaget for Magnar Åm sitt stykke med same tittel, spelt av Kåre Nordstoga på orgelet i Oslo Domkirke. Niklos minna om at melodien er ein variant av Folkefrelsar til oss kom.

Det er alltid ei glede for meg når eg finn noko han ikkje har høyrt før, og det var det i kveld. Eg kunne då fortelje at Åm og Karlsen sine stykke hadde eg funne på biblioteket i Valle si platesamling. Alle kan låne dei der.