Brokkedilten

Share

33 personar var med på Brokkedilten i år. Det er mange år sidan så mange har vore med i dette løpet, som går frå vegkrysset ved Riksveg 9 til krysset med Haugelandsvegen i Brokke. Då er ein møyr i føtene. Arild Aabø vann i år som fleire år tidlegare, denne gongen på 12.01 minutt. Det er halvanna minutt før bestetida hans, men det var akkurat nok til å slå Jon Atle Helle, som bruka 12.06.

Det nye i år var ein eigen klasse for dei som bare ville vere med i mosjonistklassen. Her var det flest deltakarar, heile 19. Slik fekk dette harde bakkeløpet nytt liv.

Å springe frå Nomeland til Haugelandsvegen er ein kraftprøve av det sjeldne. Dei færraste vågar seg på å gå turen, folk som bur i Gardane grendelag, kan gjerne gå ned, men dei fleste set pris på å verte køyrde opp att. Men i Brokkedilten prøver folk seg kvart einaste år. No har det vore få deltakarar i mange år, så over 30 deltakarar var eit godt resultat for Valle IL.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *