For mykje kristendom?

Share

Eg får kommentere Øyvind Jacob sitt innlegg på bloggen i dag tidleg. Han les i programmet og synest at tysdagssendinga har for mykje kristendom i programoppsettet. Det gjev meg høve til å gjere greie for noko her på bloggen som me som har vore med i Valle Radio frå starten av, kjenner til, men mange av dykk som les bloggen, ikkje utan vidare vil kjenne til.

Ei stund etter at Valle Radio starta, kom det eit spørsmål til meg om ikkje kyrkja ville engasjere seg i radioen. Det kunne vere ulike måtar å gjere det på, til dømes ved å overføre møter og gudstenester eller ved å ha andaktar frå studio. Dette vart diskutert, og ein valde å prøve å kome ynsket i møte.

**Tankar frå Bibelen**
På den eine sida starta vi opp programserien Tankar frå Bibelen, som har gått i alle åra sidan. Til å begynne med hadde eg ansvaret for desse andaktane, gjerne med ein gjest saman med meg. Sidan kom Håvard Viki, Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg med i arbeidet med dette. Då kunne eg trekkje meg ut og overlate opplegget til dei. Det er Håvard som organiserer det heile og set opp liste, og det går sin faste gang utan at me som elles har programansvar, treng å tenkje på det. For den einskilde programleiar, som har hatt sending halvannan time når Tankar frå Bibelen startar, er det godt med ein pause og høve til å gjere klart for det som skal skje seinare om kvelden.

Men dette opplegget gav ikkje høve til å sende overføring av gudstenester eller møteopplegg. Framleis var det eit ynskje om å kunne gjere det. Difor kom det opp forslag om å få ein annan dag til noko slikt. Dermed kunne ein sende opptak frå gudstenester og møter. Desse kunne ofte ta ein time, noko som vart for langt til å ha med i onsdagssendinga.

**Tysdagssending**
Vi valde å leggje dette til tysdagane. Før vi gjekk i gang, tok vi kontakt med Norea Radio og fekk vite at dei hadde eit tilbod til lokalradioar som vi kunne verte ein del av. Det ville gje oss stoff kvar veke som kunne bere ein del av programmet. Slik vart det og. Frå starten våren 1998 hadde tysdagssendinga eit mykje sterkare kristeleg preg enn den har no, for etter Over ein open Bibel og Noreamagasinet hadde vi gjerne misjonsinformasjon som vi fekk tilsendt frå Norea Mediemisjon. Då var eg ofte i kyrkja på sundagane og tok opp gudstenestene, opptaket vart så sendt tysdagskveldane.

I 1997 hadde vi hatt ein periode med stor aktivitet med orgelmusikk i kyrkjene, særleg var konsertane i Hylestad kyrkje i tilknytning til vegkyrkja om sommaren viktige. I samband med desse kom eg i kontakt med Niklos K. Besteland og oppdaga etter kvart kor stor ressurs han kunne vere med omsyn til kyrkjemusikk og orgelmusikk. Difor vart han med på laget, og vi la opp til programmet Postludium, som skulle formidle dette. Dette held vi framleis på med, sjølv om mangt har endra seg i bygda vår i så måte og vegkyrkja og konsertarbeidet no ligg nede.

**Frå kyrkjeradio til opnare profil**
Gjennom åra har opplegget endra seg frå å vere nesten utelukkande kristen radio til å verte meir allment. Eg likar å sjå på det som eit alternativ til onsdagens bygderadio, men likevel med ein trongare profil. Øyvind har heilt rett i det. Då Hallvard Kjelleberg var leiar i Valle Radio, var det klar beskjed frå han: Tysdagskveldane skulle ikkje ha program som det kunne vere naturleg å ha med på onsdagskveldane. Det la sjølvsagt rammer for det ein kunne ha med tysdagskveldane.

Difor har tysdagane fått ein profil med kristendom, mest klassisk musikk, men og noko folkemusikk, jfr. munnharpeprogramma som eg har hatt saman med Jon Melhus. Ein lang periode hadde eg og bokprogram saman med Lisbeth D. Homme. Etter at Bykle Radio tok til med møteoverføringar på måndagskveldane, droppa eg møteoverføring på tysdagskveldane. Sjølv om dei no har slutta med det, har ikkje eg teke opp att dette, mellom anna fordi eg ikkje lenger er i Valle i helgene, og difor ikkje så lett kan lage slike opptak.

Dette vart eit av dei lengste innlegga eg har hatt på bloggen. Men det var jo eit godt høve til å gå gjennom historia til Valle Radio, det har eg vel ikkje gjort på bloggen før.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *