Jolemessa på Rysstad

Share

To gonger har eg nemnt jolemessa på Rysstad i Valle Radio i haust. Fyrst snakka eg med leiaren i komiteen, Ragnar Aas på Evje. Grunnen til det var at eg møtte Tone Bjørgum i sentrum ein dag, og ho fortalde at dei hadde hatt komitemøte for å leggje siste hand på førebuingane. Det kunne Aas bekrefte, dei gledde seg og vonar nok å få inn 300.000 i år og.

Datoen er laurdag 17. november, og her i dalen er det ein eigen kultur for å gå på desse basarane. Det er stuvande fullt på Soknehuset på Rysstad det meste av dagen, tre møter med gode talarar og songkrefter. Og så er det tre trekkingar på åresalget kvar time. Dei har 300 kransekaker eller bløtkaker som fyrste gevinst, og sel 10 seriar kvar gong. To eller tre gevinstar ved kvar trekning, men når ein gangar det med 10, så vert det ganske mange vinnarar i løpet av dagen. Nesten kvart år er det nokre som dreg heim med mange kaker og store smil rundt munnen.

Men det krev ei tjukk lommebok, for det er lett å bli gripen av stemninga og då kjøper ein årer for femti eller hundre kroner kvar gong. Sjølv om kaffe og mat er rimeleg, kan det fort bli eit halvt tusen på eit par timar. Og så er det så hyggeleg at ein godt kan sitje meir enn eit par timar der.

I kveld hadde eg ein prat med han som skal vere hovudtalar i år. Han heiter Gunnar Hamnøy og er predikant for Misjonssambandet, basaren er jo til inntekt for dei. Hamnøy har spesialisert seg på å få næringslivet engasjert i utviklingsarbeid og misjonsarbeid i regi av Misjonssambandet. Særleg engasjert har han vore for Tanzania og Kenya, fleire gonger til året er han der nede med grupper som vil sjå på arbeidet. Han fortalde levande om dette og om tilsvarande engasjement for Mongolia. For ein del år tilbake laga han ei rekke program for Norea som vi sende i Valle Radio. Då fortalde han frå arbeidet og intervjua misjonærar.

Ettersom det er ei sterk interesse for Misjonssambandet sitt arbeid her i Valle og Bykle, har eg opplevd det meiningsfylt å ta med noko av stoffet Gunnar Hamnøy har laga, og eg har fått god respons på det. No tipsa han meg om at eg kunne lage meir stoff i samtale med Ragnar Aas, for han var med på ein slik tur til Afrika.

I tillegg til Gunnar Hamnøy kjem det eit kor frå Strand i Ryfylke for å vere med på arrangementet, så det er stor innsats frå arrangørane si side. No får vi vone at veret blir lagleg og oppmøtet godt, slik at dei og i år kan få gje eit godt handslag til misjonsarbeidet gjennom jolemessa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *