Kantina på Valle skule

Share

I går var eg i kantina på Valle skule. Det var ei positiv oppleving. Vi kom ned i Matstoga under Storstoga midt i matpausen til elevane. Det var mange bord, folk sat og åt og hadde det triveleg. På bord midt i salen stod brød, smør, kvit og brun ost, skinkepålegg, majones, syltetøy, tomat og agurk og frukt. I luka inn til kjøkenet var det vatn og melk. Ikkje problem å stille hungeren der, nei.

Om kvelden kom rektor Leif Kvinlog i Valle radio og fortalde om prosjektet, som varer ut 2007 om politikarane ikkje forlenger det inn i budsjettet for 2008. Hans inntrykk er at det har fungert godt, dei fleste borna er med på det. Sjølv trur han at mange synest det er godt å sleppe å smørje mat til mange born om morgonen og minnest tida då han hadde fire born som skulle ha matpakkar med seg på skulen. Ein annan effekt er at det er mindre søppel i klasseroma no, sa Leif.

-Tilbodet er å få mat til sjølvkost, løn til den som steller maten, tek kommunen, sa han og meinte at ein trong eit par hundre tusen kroner på budsjettet for å halde fram med tiltaket.

Birgit Anette Helle, som ordnar maten, fortalde at det er små problem med tiltaket. Det er lite å rydde, det verkar som om elevane trivst med å ha ein pause og få seg mat.

Så spørs det kva politikarane seier når budsjettet skal saumast.

Her er lenker til relatert stoff:
http://www.budstikka.no/sec_nyheter/article143125.ece
http://www.rb.no/meninger/kommentarer/article3043461.ece
http://www.skolematensvenner.no/page?id=1141&key=46346

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *