Still meg ei storvengja sorg overskygde

Share

Fleire har etterlyst dikt i Valle Radio. Onsdag hadde eg nokre kjærleiksdikt med og utan tonar. Ikkje alle var så gode, men det kunne vere eit høve til å minne meg sjølv om at dikt formidlar tankar som det ikkje er så lett å setje ord på. Kjærleik er eit vanskeleg tema, og mange har skrive dikt om dette. Etter mi meining er det ikkje det lettaste prosjektet ein kan gje seg ut på.

Ein av dei songane er spelte var frå den nye plata til Valkyrien Allstars: Å gjev du batt meg. Der kombinerer dei to vers, eit av Arne Garborg og eit av Jon Bjørgulvsson Rysstad:
1: Arne Garborg
2: Jon Bjørgulvsson Rysstad

1:
Å gjev du batt meg med bast og bende
Å gjev du batt meg så bande brende
Å gjev du drog meg så fast til deg
At heile verdi kom bort for meg

2:
Å va de venleikjen va de måle
Hell augnedjupi hell vilje ståle
De e dult for meg ko de va som drog
Å men noko va de og de va nog

Sjå http://www.valkyrienallstars.com/

Å skrive om sorg er heller ikkje lett. Men Olav Aukrust gjorde det på ein måte som har levd i meg i over 40 år, heilt frå eg las det på gymnaset. Diktet kom ut i 1930, sjølv døydde han hausten 1929. Det vert sagt at det byggjer på ei ekstatisk oppleving han hadde i ungdommen. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Aukrust

Her er diktet **Still meg ei storvengja sorg overskygde**
Lenke finn du her: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1125&id=2786

Av Olav Aukrust

Still meg ei storvengja sorg
overskygde.
Einsleg i mismods borg
stur eg drygde.
Løynlege gledurs tindrande
tusundfrygd
visna då voni den lindrande
burt var stygd.

Då, medan alt av ilt
leit seg, truddest ­
var det noko som stilt fyrebuddest.
Kva skal eg mimre, mæle
um stundi den
som fyllt av ei namnlaus sæle
eig meg enn!

Djupt i den høgste natt
fjetra låg eg.
Mang ein ugripeleg skatt
for meg såg eg.
Usegjeleg sælt var å leva
med alt i famn,
der tidløysa tottest meg gjeva
det namnlause namn.

Ljuvt i ein tonande storm
alt som stivna
fram steig i strålande form,
lo og livna.
Skiropne himlar hjala
og song for meg.
Alle ting liksom tala
frå sjølve seg:

«Lære, i heilag eld,
seg sjølv å kjenne:
einsleg, forrådd og seId ­
i Gud brenne!
Vera sitt eige salt ­
det er hiven!
Vera seg sjølv i alt!
Det er kniven.»

Evne som ned var lagd
djupt og løynlegt,
nådde si høgste bragd ­
blørnde røynlegt.
Det som i tingen trådde
upphavs-heitt,
bråforma, vann og nådde
sitt mål med eitt.

Stein vart til blømande torv
for augo mine.
Jamvel svaberg og skorv
tok te skine.
Det stråla i kvar ei kvorve,
i glap og óp. Og allting tottest meg horve
so sælt ihop.

Av fagert og sant og godt
gjenombåra
kvar åsyn og ham og hått
skein forklåra.
Varmt eg den elske måtte
som hata meg.
Med kjærleiken alt eg åtte.
Det kjende eg.

Sæl så eg ånd og ord
samanfalle.
Himmel og nyfødd jord;
alt og alle.
Lengslune bar ikkje lenger
ei pinsle svar:
motsetnad var ikkje lenger;
men einskap var.

Alle tings skurv og skam
brast og bråna:
frigjord steig guden fram, ­
æva blåna.
Alt i den eine såg eg.
Og ein i alt.
Svimren av sæle låg eg.
Det livet galdt.

Alt stod i nattleg sol
nådelauga.
Samstundes liv og symbol
såg mitt auga.
Andi slo upp ifrå ordi
og lyste veg.
«Som i himmelen, so óg på jordi.»
Det skyna eg.

*

No er min hugen glad
inn i dagen drivin.
Men du som i natti kvad ­
du er svivin.
Men endå strøymer det angar
or dulde spor, ­
løynlege etterklangar
frå englekor.

Natti er all i grav;
men minni eig eg.
Som upp or eit djupt hav
med perlur steig eg.
Som draup or ei ljoslaug reinar
enn her på jord:
livande lysesteinar ­
sanningsord.

Ljuvt som i barns draum
jolenatti
båra den tonestraum
eg fann meg att i.
Mjukt gjenom utesusen
all natti long
bar himmelharpune brusen
av stjernesong.

Eg røynde det var ein ljom
etter solarglad!
Det opnast ein heilagdom
utanfortid og stad.
Det fanst ikkje meir noko gruvlegt
og myrkt og kaldt.
Det var noko randfullt-ljuvlegt
av sol i alt.

No veit eg det, kven du er,
du som lyser
i myrkret som kvar i ser
og allting hyser.
No vågar eg namnet ditt skrive
et veit det visst.
Vegen, sanningi, livet.
Jesus Krist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *