Gratis barnehage

Share

Det er ikkje sikkert at alle som høyrde på kommunestyremøtet i Valle Radio onsdag 28. november, fekk med seg den sensasjonen det eigentleg var som skjedde i møtet der:

Etter framlegg frå Liv Tanche-Larsen i kommunestyremøtet vedtok kommunestyret i Valle å gje gratis barnehage til ungar i Valle. Vedtaket gjeld frå 1. desember 2008, det er altså ikkje slik som ein lett kunne få inntrykk av på nyhetene i dag at det skal gjelde heile 2008. Her er protokollen frå kommunestyremøtet når det gjeld denne saka:

**Tenesteområde C: Barnehagar**

**Framlegg frå Liv Tanche-Larsen: Valle kommune vil gje alle barn i barnehagane i kommunen eit gratis barnehagetilbod på 45 t/v frå 1. desember 2008. Ordninga gjeld som ei prøveordning på 2 år. Kostnad og finansiering: Inndekking av foreldrebetaling for desember månad kr 85000: Likviditetsreserven. Årleg auka rammetilskot og skatteinngang. Samrøystes**

Med dette vedtaket startar Valle kommune ein trend som det er på høg tid å gjennomføre. Staten har vedteke ny lov der skule og barnehage blir sett under eitt som samfunnet sitt arbeid med utdanning og oppseding. Skulen har i alle år vore gratis og pliktig, men fordi barnehagane har vore sett på som eit val, har ein vurdert det slik at då måtte folk betale. Med dette vedtaket gjer Valle kommune det einaste fornuftige og rette: Ser på barnehage og skule som to deler av same sak.

Regjeringa har arbeidd for å få til barnehageplassar til alle. Det har vi hatt i Valle i mange år. Men når no det vert gratis å ha barn i barnehagane våre, vonar ein å få småbarnsforeldre til å vurdere Valle som ein god plass å bu, og kanskje vil busette seg i kommunen. Lønna vil strekkje lenger når ein ikkje må bruke av henne for å betale barnehagen. Det naturlege vil vere at staten tek over finansieringa av dette, akkurat som dei i dag finansierer grunnskulen. Men det er nok litt langt fram. At Valle no går inn på ei slik ordning, vil gje konkurransefortrinn i kampen om arbeidskraft. Men det beste hadde nok vore om dette snarast vart gjennomført over heile landet.

Når barnehage og skule handsamast likt på denne måten, er det og naturleg at dei som arbeider der, vert handsama likt. Det vil seie at ein har same løn ved lik utdanning anten ein arbeider i skulen eller i barnehagen. Det kan vere neste mål å strekkje seg mot.

Gratulerer til Liv og resten av kommunstyret i Valle med eit viktig og framtidsretta vedtak.

Meir om Knut Rygnestad

Share

Etter at eg skreiv om Knut Rygnestad i går, fekk eg ein e-post frå Knut K. Homme i dag. Han skreiv:

Hei Harald.
Det er gama å lese dei små stykki som du skriv på Valle Radio-bloggen. Du er oppteken av så mangt.

På bloggen i dag skriv du om Knut Rygnestad. Morsyster Kristi var gift med bror hans Knut, Hallvard (eller Hadvår, som me seier), som var bonde i Uppistog Rygnestad. Knut var prest i Trondheim det meste av tidi, men han var sterkt bunden til Valle og tradisjonane i dalen. Han skreiv ei doktoravhandling, men plent no minnest eg ikkje innhaldet. Var det ikkje om haugianismen, tru?

Det fekk meg til å gå inn på sidene til Nasjonalbiblioteket. Dei har ein database som heiter Sambok, der skal det meste av bøker som er kome ut i Noreg vere registrerte. Eit søk på Knut Rygnestad fortel at han var fødd 4. november 1909 og døydde 23. august 1977. Det syner seg at han skreiv fleire bøker. Doktoravhandlinga hans var

**Dissentarspørsmålet i Noreg frå 1845 til 1891** : Lovgjeving og administrativ praksis. – Oslo Lutherstiftelsen , 1955 – 390 s. -Avhandling (doktorgrad)

Her er ei oversikt over andre bøker han skreiv (utanom Slik var Setesdal):

**Ved evighetens kyst** . – Oslo : Indremisjonsforl. , 1939 – 20 s. –
**Veien mot Glitretind** . – Oslo : Indremisjonsforl. , 1940 – 130 s. –
**Kledt i botsdrakt** [Biografi over Christian Høy Müller]. – Oslo : Lutherstiftelsen , 1953 – S. 3-79.
**Det gode ord** . – Trondheim : Globus-forl. , 1961 – 59 s.
**Varsel og gravferdsskikkar** – Trondheim : (Brun) , 1963 – 20 s. – (Det kgl. Norske videnskabers selskab. Skrifter ; 1963: Nr 6)
**Biskop J.C. Heuchs syn på kvinnesak, målsak og totalisme** Trondheim : (Brun) , 1965 – 12 s. – (Det kgl. Norske videnskabers selskab. Skrifter ; 1965: Nr 1).
**Johan Christian Heuch : Apologet og stridsmann.** – Trondheim : Globus-forl. , 1966 – 217 s.
**Jord og himmel : Artikler og betraktninger.** Snøfugl – Melhus – 99 s. -ISBN 82-7083-027-5
Innhold:
Grunntonen var glede.
Overaktivitet i vår tid.
Livet har en mening.
Geistlig stil og form.
Presten og pietisme.
Vår folkekirke.
Forkynnelse og forkynnere.
Sjeleføde.
Gullmunnen har ordet.
Olsokarven.
Menn jeg møtte.
Evighetens sommer.

Eg tek gjerne mot meir informasjon om Knut Rygnestad. Send ein epost til harhaugl@gmail.com

Knut Rygnestad: Slik var Setesdal

Share

Boka som er nemnd i overskrifta kom ut i 1949 på Lutherstiftelsens forlag. Det er ei interessant bok. Han har samla stoff i tre bolkar:

Dalen og dølen
Det syng frå Setesdal
Frå det religiøse livet i Setesdal

Det gjev mange gløtt inn i historia, og dermed forstår ein kanskje noko meir enn før. Han går gjennom ei rekke av steva i dalen i kapitlet Det syng frå Setesdal og fortel om stevdiktarane med eksempel på stev dei har laga. Det er eit interessant kapittel.

Kapitlet om det religiøse livet trekkjer linjer tilbake til tida før haugianarane og fortel om prestar og lekfolk, særleg i Valle.

Ta turen innom på biblioteket i Valle i morgon. Dei har ei avdeling med lokal litteratur, og der finn du nok boka og kan kose deg med lokalt lesestoff i førjolstida.

Program veke 48

Share

Tysdag 27. november
Inga tysdagssending denne veka

Onsdag 28. november
Teknikar: Gudrun Rysstad

18:00 Kommunestyremøte

Sakspapir til kommunestyremøtet kan du normalt finne på heimesidene til Valle kommune. Sjå http://www.valle.kommune.no/Modules/politics.aspx

Då eg var inne på dei sidene i kveld, var det feil i databasen, men du kan jo prøve å gå inn i morgon og sjå om dei fungerer. Om dei ikkje gjer det, kan du sende ein epost til velkomstsenterert i kommunen, så får du tilsendt heile sakskartet på epost, velkomstsenter@valle.kommune.no

Heile dalen 7. desember frå Evje Radio

Share

I kveld fekk eg ein epost frå Kjell Omland i Evje Radio. Dei har eit førjolslotteri som skal starte fredag 7. desember, så dei lurte på om vi kunne finne ei ordning med deling av kvelden eller om dei kunne få ha heile kvelden. Eg sa at eg måtte kontakte Helge Dahle, som er sett opp til å ha ansvaret for denne kvelden.

Så fann eg mobilnummeret hans, og plutseleg var eg i Amerika.

-Vi er utanfor Kansas City, vi har med opptakar og lagar nokre opptak når vi er her, det er eg og Edvin Brottveit, sa han på ei linje som var like klår som om han skulle ha vore i Valle.

Eg la fram ynskjet frå Evje Radio, og han var samd med meg om at det var greitt at dei fekk heile kvelden. Opptaka skulle han nok finne plass til.

-Men vi må snakke saman om når tid eg kan ha sending, for eg jobbar i Korea no, sa han.

Då tenkte eg at verda er blitt lita no og at ein finn setesdølar alle stader, men det sa eg ikkje i telefonen. Eg helsa han ein god dag i USA og la på.

Men då er situasjonen den at fredag 7. desember – handledagen – går sendinga frå Evje Radio. Inga var sett opp som teknikar og Ingebjørg Ellinor som telefonvakt, dei får og fri den kvelden. Men sendinga onsdagskvelden 5. desember går etter oppsett plan om ikkje dei som er sette opp har bytta noko innbyrdes.

Mandal kirke

Share

I går var eg i Mandal kirke til Haydom-gudsteneste. Det var ei interessant oppleving. I tillegg til at det var seks barn til dåpen, av desse var det to tvillingpar, så var alle konfirmantane til stades. Grunnen til det var at det skulle vere trekking av premien frå konfirmantane sitt prosjekt til støtte for Haydom. Dei hadde vore rundt og prøvd å selje lodd for å skaffe pengar til ein ambulanse der ute.

Framme på veggen i kyrkja var det bilete av ambulansen på storskjerm, organist Tormod Lindland, som nettopp hadde vore ein tur til Haydom, fortalde frå den, og i talen sin fortalde sokneprest Per Ragnar Haraldstad om då han for halvanna år sidan var på Haydom i høve vigsling av kyrkje der og hadde opplevd at ein ambulanse er både buss, ambulanse og høve for pårørande til å vere med til sjukehuset. Å køyre der ute er ein kunst, vegane er ikkje som på Sørlandet, ikkje eingong dei dårlegaste vegane på Sørlandet.

I samband med kunngjeringane var det så trekking. Konfirmantane fekk eit lodd for kvar bok dei hadde klart å selje, og ein av dei hadde klart å selje 8 bøker. Han vart og trekt ut som den eine vinnaren, i tillegg var det ein annan gut som fekk turen.

Ja, for premien var ein tur til Haydom for å overlevere ambulansen. Dette skal skje i vinterferien, og det har vore stor rift om å få vere med. Dette opplegget har kyrkjelyden i Mandal hatt nokre år, det er svært populært hos konfirmantane.

Kyrkja var svært full, det er ikkje noko lita kyrkje, ho er godkjent av brannvesenet for 1200 personar, og det var sikkert 800 til stades. Eit ungdomskor song, det var ein solist som medverka, og organisten pendla mellom orgel og flygelet framme i kyrkja, i tillegg var det band med trommer og gitar. Ei stor oppleving, inga tvil om det.

Her er lenke til kyrkja: http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_kirke
og til Haydom http://www.haydom.no/Stiftelsen/index.htm

Britta Lises kveld 21. november

Share

Britta Lise skreiv ein mail til meg i kveld med informasjon om kva som var i Valle Radio onsdag 21. november:

Programansvarleg: Britta Lise Homme
Teknikar Inga Flateland

Kl 18.00 Aktuell time

Åse Rike: Jolemessa i bedehuset til laurdag og Fjellblomen 25 år.
Gunvald Mosdøl: Mus
Randi Myrum: Joleverkstad
Anne N. Helle: Spitekafeen
Olav K. Rike: Redaktør i Vegleiaren

Kl 19.00 Kommunal informasjon v/ Hanne T. Straume
Kl 19.30 Tanker frå bibelen v/ Torleif B. Harstad
Kl 20.00 Munnharpe
På munnharpekurs med Sigurd Brokke, Bjørn Sigmund Nomeland og Folke Åmlid
Frå hobbyromet til Knut Tveit. Korleis han lager munnharper…m.m
Tlf til Hallvard T. Bjørgum som sat i NRK-studio og spelte inn plate. Han fortalte historien rundt diverse slåtter og reklamerte for festen på Sylvartun til laurdag.

Kl 21.00 Opi sending
Rolf og Leif hadde bluegrass musikk som tema i rebusane og reklamerte for konserten med Jonas Fjeld og Co til fredag.

Tlf.vakter: Gudrun Nomeland og Jorunn L.Harstad

Radiokruset: Angjerd Mosdøl
Radio sekken: Angjerd Uppstad
Gratis bilett til Jonas Fjeld konserten: Else Gyro Rysstad

Vinteren nærmar seg

Share

Fleire dagar i det siste har eg måtta få frontrute og anna glas fritt for snø før eg kunne setje meg i bilen. Kona har bilen i garasje, så ho slepp det problemet når ho skal ut om morgonen, og når vi diskuterer ny bil, seier ho alltid at ho vil ha ein bil som er så liten at ho får han inn i garasjen og slepp å skrape is.

Etter nokre dagar med kulde her nær sjøen, har temperaturen gått opp att, men i staden ligg det mørke skyer over oss. Vinteren er få dagar borte, sjølv om vermeldinga for neste veke tyder på mildare att.

For ein som ikkje er så glad i vinter og snø er det likevel triveleg å få nyhetsbrev frå Brokke med gledesmeldinga: Det snør, det snør. Det er mest så vi høyrer …tidelibom… i bakgrunnen:

Det snør, det snør, tiddelibom
Det er det det gjør, tiddelibom
Nå snør det mye mer enn før
Tiddelibom og huttemegtu!

Ein forsiktig start på sesongen i dag med von om å få opne ordentlig neste helg. I lang tid har dei arbeidd med å få lagt ein såle av kunstsnø i bakken. No er den på plass, og så kom det 20 cm i natt og supplerte det heimelaga.

Nyhetsbrevet frå Brokke kan du melde deg på her, så får du bilete og tekst med ujamne mellomrom som fortel om livet i løypene og rundt heisane. http://brokke.com/

Spinning til klassisk musikk

Share

Av og til får eg skrive om andre ting enn Valle Radio, og i kveld kjem det ein slik reportasje. Ettersom eg i november prøver ut ting eg aldri hadde tenkt å gjere nokon gong, har eg eit par gonger i veka vore med på spinning. Vi er ein gjeng på fire menn og fem kvinner, alle så store at vi set pris på klesbutikkar med mange x-ar i storleikane, som har det moro saman på spinningssyklar eit par gonger i veka.

Moro er jo relativt,då. Vi høyrer på musikk, og for det meste har instruktøren vår spelt eit program på 45 minutt med det eg vil kalle vrælande popmusikk. Eg har i mitt stille sinn lurt på om det er for å gjere det fælast mogleg for oss. Sist gong sa eg i ein pause i musikken at det var godt å få det stille ein augneblenk.

-Likar du ikkje musikken? spurte instruktøren.
-Nei, det gjer eg ikkje, svara eg
-Kva slags musikk ville du hatt?
-Klassisk musikk
-Kven då?
-Til dømes Johann Sebastian Bach.

I dag tok ho meg på ordet. Ho hadde funne ein CD med ein time klassisk musikk til spinning. Av dette hadde ho funne fram 35 minutt, no skulle vi få sykle til musikk som kunne kile øyrene mine.

Det starta med Brandenburg-konsertar av Bach, så vart det Mozart, Händel, Tschaikowskij, Bizet, Grieg, Strauss og eg veit ikkje kva. Og vi trødde. Å halde takta var ikkje noko problem, tvert om, ein trong ikkje noko tung bass for å få pulsen i musikken, det bare dansa av garde. Mykje fortare enn vi hadde gjort før. Etter to låtar sila sveitten på alle saman. Då tema frå Carmen kom, song vi og sykla, trødde for livet, du veit det temaet som ofte får teksten Jeg elsker Carmen, Carmen elsker meg, vi er forlovet, Carmen og jeg.

I spinning er det slik at vi vekslar mellom tunge og lette parti, så vi sette på trykk og trødde vidare, letta på trykket og trødde for livet, alt medan vakker musikk inspirerte oss til å ta i litt ekstra. Forrykande tempo.

Folka som gjekk i korridoren utanfor treningssalen vart inspirerte av musikken og kom for å sjå, smilande, dansande i døra. Dei såg ut som om dei hadde lyst til å kome inn og bli med, eller ta ein ballett for oss til inspirasjon.

Etter 35 minutt var vi glade og utslitne. Smilande gjekk vi av syklane og takka instruktøren vår og kvarandre for ei ny oppleving.

Novembermørke

Share

Då me budde i Vesterålen, var den perioden av november som me no er inne i, noko av den vanskelegaste tida på året. Etter kvart valde me på Hadsel Folkehøyskole å lage ei Høstens Hadseluke der vi laga aktivitetar som kunne få oss til å gløyme at det var mørkt det meste av døgeret, med bare litt grålyst nokre timar midt på dagen.

Veret dei siste dagane har minna meg om tida i nord for Lofotveggen, og det til tross for at me bur 1500 km lenger sør. Valle Radio kan vere eit lysglimt i mørketida, sjølv om det bare er sending ein gong i veka no. Truleg vil det nok vere lurast å sjå om ein kan finne aktivitetar som kan skape lys og varme når sol og blå himmel er gøymt bak regn og mørke skyer.

Mat kan vere eit slikt lyspunkt, særleg om det er grønsaker og frukt, til dømes salat. Det minner om tida når ein dyrkar desse gode produkta, altså sol og sommar. I november i år har eg nok fått i meg meir frukt og grønt enn nokon gong før, og skilnaden frå tidlegare er mellom anna at eg ikkje er så trøytt som eg har brukt å vere i desse mørkaste vekene av året. «

Så får det våge seg at den songen eg nynnar mest på for tida er Setesdal Roots Band sin Stiv og støl. Den var lenge på Sørlandstoppen, eg har vore på leiting etter ei side på Internett som hadde teksten, men har ikkje klart å finne den. Dermed blir det bare til at eg seier Stiv og støl, og det er kanskje like godt, for resten av songen kan etter alt eg veit handle om ting som er mindre relevant i livet mitt. Her er heimesida til Mona Ida:
http://www.monaida.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=18