Diakoniens søndag

Share

Det har vore diakonivisitas i Valle siste veka. Det var prostidiakon Per Emanuelsen som laga eit opplegg for å inspirere til diakoni i prestegjeldet. Onsdagskvelden var det stor kulturkveld i Bykle kyrkje, mellom anna med ei utfordring til å tenkje på innflyttarar i Valle, ikkje minst flyktningane som bur i kommunane. Det vart ei fin markering, etter det eg har skjøna på nokre av elevane på Valle Vaksenopplæring, som var til stades.

Sundag var det gudsteneste i Valle kyrkje. Her var det og diakoni som var temaet, diakonisundag kalla dei det. Sjølv var eg i Mandal og måtte bare få det referert, men med 100 personar til messe tyder det på at det var mange som hadde late seg inspirere av temaet og drege på kyrkjeveg i dag, frå alle tre sokna i prestegjeldet.

Det har vore sett søkelyset på å syne omsorg for kvarandre. Når vi no går inn i ei ny veke, kan det vere ei utfordring til oss å ta vare på det perspektivet i det daglege.

I Mandal hadde eg høve til å få med meg den tradisjonsrike konserten som Mandal kantori held på Helgemessesundagen. Her hadde dei fleire verk av Bjarne Sløgedal på programmet, både En fest det skal blive, O du min Immanuel og Bud ifra Herren. Dei hadde og tre av Griegs fire salmer. Så hadde dei funne plass til tre songar av Henning Sommero og to Petter Dass-songar arrangert av Bjørn Andor Drage med melodi av Ola Bremnes. Det var noko for ein kvar smak her, og på kyrkjegarden lyste det frå faklar og lykter denne kvelden. Så kunne vi minnast dei som var gått bort og tenkje på det dei inspirerte til av kjærleik og gode gjerningar.