Mot vinter

Share

Hauststormane er over oss og det går mot vinter med glatte vegar i innlandet, seier dei i NRK Sørlandet. Det er vel tid å få på vinterdekka og førebu seg på at snøen nærmar seg, same kor mykje dei snakkar om varmare klima.

Sjølv har eg fått meg ein månad haustferie og kan ikkje fylgje Valle Radio så tett som eg hadde ønska. Som mange av oss har også eg kome i rullane til Sørlandet Sykehus, og dei kalla meg inn til eit opphald på Mandal Sykehus. Der driv dei rehabilitering av pasientar som strevar med hjarte, lunge og vekt og relaterte sjukdomar. Så no er eg med i ei gruppe som prøver å få til ei betring av helsa i november. Det er interessant og lærerikt, men eg saknar dei vanlege dagane i Valle. Her er ei lenke til Mandal sykehus på Sørlandet sykehus sine nettisder: http://www.sorlandetsykehus.no/showitem.php?selectedItem=124&item=200304221228433839050 og her er ei lenke til ein liten artikkel om sjukehuset på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_sykehus

Det er frustrerande å lese i avisa at ein vurdrer å leggje ned eit tilbod som fungerer godt og hjelper pasientar, sjukehuset i Mandal har hatt mange økser over seg dei siste åra. Difor vonar eg at det får leve, det er eit godt tilbod som etter det eg skjønar har eit års ventetid for pasientar som ynskjer plass. Så eg er heldig som har fått dette høvet.

Med vinterdekk på bilen vonar eg likevel at det dreg ut før snøen kjem. Det er rett nok lysare i november med litt snø på bakken, men erfaringa syner at det som regel er ein periode der snøen kjem og går att, og det er ikkje særleg lyst, etter mi meining. Men veret kan ein gjere lite med, så ein får bare tilpasse seg og sjå komande dagar i møte med friskt mot. Snart snur sola, og så går det mot lysare tider att.