Jolemesse

Share

Det er jolemessetid. I dag har det vore jolemesse på Rysstad. Resultatet får du i Setesdølen tysdag. Men eg var på jolemesse i Mandal. Det var Gunnar Prestegård som var hovudtalar, og han er ein sjeldan person når det gjeld å kjenne folk. Helsar på dei fleste og kjenner att folk sjølv om det er mange år sidan sist ein hadde kontakt.

Jolemesse er eit høve til å prate med kjente, og eg fekk ein prat med Bjarne Christensen, som ville vite nytt om folk i Valle. Den pensjonerte krinssekretæren i Indremisjonsselskapet (no Normisjon) hadde mange spørsmål og eg prøvde å svare etter beste evne. Han ba meg helse til alle kjende, det gjeld til dømes dei tre andaktshaldarane i Tankar frå Bibelen, Håvard, Torleif og Bjørgulv. Men og andre var i tankane våre der vi sat.

Jolemesse i Valle er ei kunstform, i Mandal tek dei etter. Det var ertesuppe og risengrynsgrøt i god stil, billeg og godt, slik at ein kan ta lodd. Rundane med årer var ikkje så gjennomførte som dei pleier å vere på Rysstad, men dei kom tettare, og det er ikkje dårleg.

Neste helg skal Normisjon ha jolemesse i Valle, og plutseleg så er desember rett rundt neste sving. Viktige arrangement for å få inn pengar til eit friviljug arbeid. I år vart det visst over 350.000 på to dagar i Mandal, det er pengar som kjem godt med for å drive eit stort arbeid ute og heime.