Spinning til klassisk musikk

Share

Av og til får eg skrive om andre ting enn Valle Radio, og i kveld kjem det ein slik reportasje. Ettersom eg i november prøver ut ting eg aldri hadde tenkt å gjere nokon gong, har eg eit par gonger i veka vore med på spinning. Vi er ein gjeng på fire menn og fem kvinner, alle så store at vi set pris på klesbutikkar med mange x-ar i storleikane, som har det moro saman på spinningssyklar eit par gonger i veka.

Moro er jo relativt,då. Vi høyrer på musikk, og for det meste har instruktøren vår spelt eit program på 45 minutt med det eg vil kalle vrælande popmusikk. Eg har i mitt stille sinn lurt på om det er for å gjere det fælast mogleg for oss. Sist gong sa eg i ein pause i musikken at det var godt å få det stille ein augneblenk.

-Likar du ikkje musikken? spurte instruktøren.
-Nei, det gjer eg ikkje, svara eg
-Kva slags musikk ville du hatt?
-Klassisk musikk
-Kven då?
-Til dømes Johann Sebastian Bach.

I dag tok ho meg på ordet. Ho hadde funne ein CD med ein time klassisk musikk til spinning. Av dette hadde ho funne fram 35 minutt, no skulle vi få sykle til musikk som kunne kile øyrene mine.

Det starta med Brandenburg-konsertar av Bach, så vart det Mozart, Händel, Tschaikowskij, Bizet, Grieg, Strauss og eg veit ikkje kva. Og vi trødde. Å halde takta var ikkje noko problem, tvert om, ein trong ikkje noko tung bass for å få pulsen i musikken, det bare dansa av garde. Mykje fortare enn vi hadde gjort før. Etter to låtar sila sveitten på alle saman. Då tema frå Carmen kom, song vi og sykla, trødde for livet, du veit det temaet som ofte får teksten Jeg elsker Carmen, Carmen elsker meg, vi er forlovet, Carmen og jeg.

I spinning er det slik at vi vekslar mellom tunge og lette parti, så vi sette på trykk og trødde vidare, letta på trykket og trødde for livet, alt medan vakker musikk inspirerte oss til å ta i litt ekstra. Forrykande tempo.

Folka som gjekk i korridoren utanfor treningssalen vart inspirerte av musikken og kom for å sjå, smilande, dansande i døra. Dei såg ut som om dei hadde lyst til å kome inn og bli med, eller ta ein ballett for oss til inspirasjon.

Etter 35 minutt var vi glade og utslitne. Smilande gjekk vi av syklane og takka instruktøren vår og kvarandre for ei ny oppleving.