Heile dalen 7. desember frå Evje Radio

Share

I kveld fekk eg ein epost frå Kjell Omland i Evje Radio. Dei har eit førjolslotteri som skal starte fredag 7. desember, så dei lurte på om vi kunne finne ei ordning med deling av kvelden eller om dei kunne få ha heile kvelden. Eg sa at eg måtte kontakte Helge Dahle, som er sett opp til å ha ansvaret for denne kvelden.

Så fann eg mobilnummeret hans, og plutseleg var eg i Amerika.

-Vi er utanfor Kansas City, vi har med opptakar og lagar nokre opptak når vi er her, det er eg og Edvin Brottveit, sa han på ei linje som var like klår som om han skulle ha vore i Valle.

Eg la fram ynskjet frå Evje Radio, og han var samd med meg om at det var greitt at dei fekk heile kvelden. Opptaka skulle han nok finne plass til.

-Men vi må snakke saman om når tid eg kan ha sending, for eg jobbar i Korea no, sa han.

Då tenkte eg at verda er blitt lita no og at ein finn setesdølar alle stader, men det sa eg ikkje i telefonen. Eg helsa han ein god dag i USA og la på.

Men då er situasjonen den at fredag 7. desember – handledagen – går sendinga frå Evje Radio. Inga var sett opp som teknikar og Ingebjørg Ellinor som telefonvakt, dei får og fri den kvelden. Men sendinga onsdagskvelden 5. desember går etter oppsett plan om ikkje dei som er sette opp har bytta noko innbyrdes.

Mandal kirke

Share

I går var eg i Mandal kirke til Haydom-gudsteneste. Det var ei interessant oppleving. I tillegg til at det var seks barn til dåpen, av desse var det to tvillingpar, så var alle konfirmantane til stades. Grunnen til det var at det skulle vere trekking av premien frå konfirmantane sitt prosjekt til støtte for Haydom. Dei hadde vore rundt og prøvd å selje lodd for å skaffe pengar til ein ambulanse der ute.

Framme på veggen i kyrkja var det bilete av ambulansen på storskjerm, organist Tormod Lindland, som nettopp hadde vore ein tur til Haydom, fortalde frå den, og i talen sin fortalde sokneprest Per Ragnar Haraldstad om då han for halvanna år sidan var på Haydom i høve vigsling av kyrkje der og hadde opplevd at ein ambulanse er både buss, ambulanse og høve for pårørande til å vere med til sjukehuset. Å køyre der ute er ein kunst, vegane er ikkje som på Sørlandet, ikkje eingong dei dårlegaste vegane på Sørlandet.

I samband med kunngjeringane var det så trekking. Konfirmantane fekk eit lodd for kvar bok dei hadde klart å selje, og ein av dei hadde klart å selje 8 bøker. Han vart og trekt ut som den eine vinnaren, i tillegg var det ein annan gut som fekk turen.

Ja, for premien var ein tur til Haydom for å overlevere ambulansen. Dette skal skje i vinterferien, og det har vore stor rift om å få vere med. Dette opplegget har kyrkjelyden i Mandal hatt nokre år, det er svært populært hos konfirmantane.

Kyrkja var svært full, det er ikkje noko lita kyrkje, ho er godkjent av brannvesenet for 1200 personar, og det var sikkert 800 til stades. Eit ungdomskor song, det var ein solist som medverka, og organisten pendla mellom orgel og flygelet framme i kyrkja, i tillegg var det band med trommer og gitar. Ei stor oppleving, inga tvil om det.

Her er lenke til kyrkja: http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_kirke
og til Haydom http://www.haydom.no/Stiftelsen/index.htm