Gratis barnehage

Share

Det er ikkje sikkert at alle som høyrde på kommunestyremøtet i Valle Radio onsdag 28. november, fekk med seg den sensasjonen det eigentleg var som skjedde i møtet der:

Etter framlegg frå Liv Tanche-Larsen i kommunestyremøtet vedtok kommunestyret i Valle å gje gratis barnehage til ungar i Valle. Vedtaket gjeld frå 1. desember 2008, det er altså ikkje slik som ein lett kunne få inntrykk av på nyhetene i dag at det skal gjelde heile 2008. Her er protokollen frå kommunestyremøtet når det gjeld denne saka:

**Tenesteområde C: Barnehagar**

**Framlegg frå Liv Tanche-Larsen: Valle kommune vil gje alle barn i barnehagane i kommunen eit gratis barnehagetilbod på 45 t/v frå 1. desember 2008. Ordninga gjeld som ei prøveordning på 2 år. Kostnad og finansiering: Inndekking av foreldrebetaling for desember månad kr 85000: Likviditetsreserven. Årleg auka rammetilskot og skatteinngang. Samrøystes**

Med dette vedtaket startar Valle kommune ein trend som det er på høg tid å gjennomføre. Staten har vedteke ny lov der skule og barnehage blir sett under eitt som samfunnet sitt arbeid med utdanning og oppseding. Skulen har i alle år vore gratis og pliktig, men fordi barnehagane har vore sett på som eit val, har ein vurdert det slik at då måtte folk betale. Med dette vedtaket gjer Valle kommune det einaste fornuftige og rette: Ser på barnehage og skule som to deler av same sak.

Regjeringa har arbeidd for å få til barnehageplassar til alle. Det har vi hatt i Valle i mange år. Men når no det vert gratis å ha barn i barnehagane våre, vonar ein å få småbarnsforeldre til å vurdere Valle som ein god plass å bu, og kanskje vil busette seg i kommunen. Lønna vil strekkje lenger når ein ikkje må bruke av henne for å betale barnehagen. Det naturlege vil vere at staten tek over finansieringa av dette, akkurat som dei i dag finansierer grunnskulen. Men det er nok litt langt fram. At Valle no går inn på ei slik ordning, vil gje konkurransefortrinn i kampen om arbeidskraft. Men det beste hadde nok vore om dette snarast vart gjennomført over heile landet.

Når barnehage og skule handsamast likt på denne måten, er det og naturleg at dei som arbeider der, vert handsama likt. Det vil seie at ein har same løn ved lik utdanning anten ein arbeider i skulen eller i barnehagen. Det kan vere neste mål å strekkje seg mot.

Gratulerer til Liv og resten av kommunstyret i Valle med eit viktig og framtidsretta vedtak.

Ein tanke om “Gratis barnehage”

  1. Fantastisk! Kan eit benkeframlegg (var det det?) få samrøystes vedtak i Valle kommunestyre, var dette friskt og spenstig. Det er i alle fall eit sterkt signal om at småbarnsforeldre er velkomne til kommunen vår.
    Så er det å vone at vi har arbeid til dei og greier finansieringa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *