Heimesider

Share

Valle Radio sine heimesider var eit entusiastisk initiativ frå Hallvard Kjelleberg. Dei vart oppdaterte med ujamne mellomrom, særleg i samband med storsendingar som han stod for. Då tok han gjerne nokre bilete og skreiv litt på heimesidene på http://www.valleradio.com Men då Hallvard fall frå, vart det ikkje så mykje meir av desse sidene, dei har bare vore oppdaterte eit par gonger i det året som har gått.

Samstundes ser vi at teknologien utviklar seg mykje. No heiter det podcast og alle radioar med respekt for seg sjølv har eit tilbod der folk kan laste ned sendingar som podcast. Vårt tilbod er live streaming, og det er alltid triveleg når ein lyttar frå Sandnes eller Kristiansand eller Sirdal eller Nederland ringjer inn svar til Open sending.

Sjølv om det har vore periodar då live streaming ikkje har fungert, har eg inntrykk av at det i haust har vore høve til å høyre sendingane våre dei fleste gongene.

Vi har likevel diskutert om vi skulle prøve å få til eit betre opplegg, og vi hadde eit vedtak i styret på å gå vidare med det. Men så kom det inn eit tilbod som vi meinte var greitt. Diverre er det ofte slik at i dugnadsbaserte organisasjonar kjem saker ikkje lenger enn engasjementet rekk, så det har ikkje vorte noko meir av det til no.

Britta Lise har undersøkt litt og sendt framlegg til styret om det ho har funne, så det er å vone at vi snart kan kome attende og melde frå kva som kan vere aktuelt for å få til eit betre opplegg. Det hadde vore fint å få høve til å høyre program når ein ville og ikkje vere avhengig av å sitje ved PC-en når sendinga går. Men det får vi kome tilbake til.

3 tankar om “Heimesider”

  1. Hei!

    Når eg har høyred Valle Radio på nett i det siste så har det berre kome klumpvis, høyrer et minutt så stoppar det rundt ti sekund, trur alt kjem med, berre litt forseinka, men det er noko plagsomt å høyra det slik, men slik var det ikkje før, då høyrde eg heile sendinga utan problem meiner eg. Og om eg høyrer til dømes på nrk no som eg som regel gjer etter at program er slutt og går inn og høyrer i etterkant så fungerar det heilt fint.Så det hadde vore betre om det vart slik på Valle Radio att au.

    Helsing
    Per Randa
    Brusand

  2. Får ikkje inn Valle radio på internett.Får opp same feilmelding kvar gong.Kan ikkje koble til serveren osv.Det hadde vore så gama å høyrd på denne radioen, men blir skuffa kvar gong. Kva kan årsaka vere, er det noko de kan ordne?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *