Mandal kirke

Share

I går var eg i Mandal kirke til Haydom-gudsteneste. Det var ei interessant oppleving. I tillegg til at det var seks barn til dåpen, av desse var det to tvillingpar, så var alle konfirmantane til stades. Grunnen til det var at det skulle vere trekking av premien frå konfirmantane sitt prosjekt til støtte for Haydom. Dei hadde vore rundt og prøvd å selje lodd for å skaffe pengar til ein ambulanse der ute.

Framme på veggen i kyrkja var det bilete av ambulansen på storskjerm, organist Tormod Lindland, som nettopp hadde vore ein tur til Haydom, fortalde frå den, og i talen sin fortalde sokneprest Per Ragnar Haraldstad om då han for halvanna år sidan var på Haydom i høve vigsling av kyrkje der og hadde opplevd at ein ambulanse er både buss, ambulanse og høve for pårørande til å vere med til sjukehuset. Å køyre der ute er ein kunst, vegane er ikkje som på Sørlandet, ikkje eingong dei dårlegaste vegane på Sørlandet.

I samband med kunngjeringane var det så trekking. Konfirmantane fekk eit lodd for kvar bok dei hadde klart å selje, og ein av dei hadde klart å selje 8 bøker. Han vart og trekt ut som den eine vinnaren, i tillegg var det ein annan gut som fekk turen.

Ja, for premien var ein tur til Haydom for å overlevere ambulansen. Dette skal skje i vinterferien, og det har vore stor rift om å få vere med. Dette opplegget har kyrkjelyden i Mandal hatt nokre år, det er svært populært hos konfirmantane.

Kyrkja var svært full, det er ikkje noko lita kyrkje, ho er godkjent av brannvesenet for 1200 personar, og det var sikkert 800 til stades. Eit ungdomskor song, det var ein solist som medverka, og organisten pendla mellom orgel og flygelet framme i kyrkja, i tillegg var det band med trommer og gitar. Ei stor oppleving, inga tvil om det.

Her er lenke til kyrkja: http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_kirke
og til Haydom http://www.haydom.no/Stiftelsen/index.htm

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *