Heimesider igjen

Share

I kveld har vi og fått ei melding om at det er problem med heimesider. Kommentaren er at det hadde vore gama å høyre Valle Radio, og den kom klokka 22:07, altså medan Opi sending med Rolf Erik Homme var på lufta. Eg sende meldinga frå Margit Bjørgum Støbakkvik vidare til vår tekniske sjef Jørund Georg Jore og vonar eg får svar frå han om kva som kan vere årsaka og om me kan ordne det.

I denne saka er det to element.

Det eine er at ein ikkje får inn streaminga når programma går eller at streaminga kjem med dårleg kvalitet, klumpevis, skreiv Per Randa i sin kommentar den 11. november.

Det andre er at ein ikkje har podcast, det vil seie at ein kan ikkje høyre programma når ein sjølv har høve til det. http://no.wikipedia.org/wiki/Podcast

Som eg har skrive tidlegare, har styret drøfta dette. Til no har ein ikkje konkludert, og av di eg ikkje kjem tilbake til Valle før i desember, det same gjeld andre i styret, så har vi ikkje fått ha styremøte for å fullføre den drøftinga. Men det som folk skriv som kommentarar til bloggen, syner at det er eit behov for dette, og vi bør prøve å løyse det om det er råd innanfor ei forsvarleg ramme når det gjeld teknologi og økonomi. Eg er jo litt spørjande til om det vil føre til meirarbeid for nokon, ettersom vi er ein dugnadsradio, er det ikkje like lett å finne ressursar til nye element i denne dugnaden.

Eg vonar likevel at vi kan finne ei løysing i nær framtid.

Onsdag 21. november 2007

Share

Program VALLE RADIO
onsdag 21 nov-07

Programansvarleg : Britta Lise Homme
Teknikar : Inga Flateland

18.00 Aktuell time
19.00 Kommunal informasjon: Helse
19.30 Tanker frå Bibelen: Torleif B.Harstad
20.00 Munnharpe
Sigurd Brokke,Folke Åmlid,
Bjørn Sigmund Nomeland,
Knut Tveit og Hallvard T.Bjørgum
21.00 Opi sending Rolf Erik Homme

Britta Lise skriv i brev til meg måndag 19. november:

Moro å fylgje med på det du skriv på bloggen. Var inn på nett-tv no og såg innslaget frå Mandal, men du hadde løynt deg godt… 🙂

Du etterlyste programoversikt til sendingane, så difor sender eg det.

Her går livet sin vante gang. Idag er det nydeleg sol og 4,6 grader. Hadde arbeidshelg,men var likevel med på jolemessa (steikte 2 bytter vafler). Der var det som vanleg mykje liv og røre:)

Som du skreiv i bloggen er det jolemesse i bedehuset, Valle til helga. I den forbindelse skal eg bort til Åse Rike idag (måndag) for å gjere opptak om dette. (ho kunne kje møte opp onsdag…)

Var på munnharpekurs ihop med Sigurd Brokke, Folke Åmlid og Bjørn Sigmund Nomeland. Så reiste vi til Knut Tveit slik at gutane skulle få sjå korleis han lager munnharper. Tala også med Hallvard T. Bjørgum der han fortalte historiar rundt div. slåtta dei hadde spela.

Jaja då må du ha det rektig godt så lenge og LYKKE TIL med dine gjeremål!
No lyt eg opp til Homme for å røyke kjøtet eg har hengande i røykstoga («badsstoga») der.

Takk til Britta Lise for ei hyggeleg melding. Lukke til med programmet i morgon kveld. Vonar at du får mange som høyrer på det du har og det Rolf Erik skal ha i Opi sending.

Onsdag 14. november

Share

Øyvind Jacob skreiv i brev til meg i dag:

Onsdag var eg stand in for Ørnulf. Eg hadde alliert meg med Ingvar Nes som ville samtale om Kulturskulen, og Rune Mikkelsen om planutvalget sin kontrovers med villreinnemnda (jfr. siste Setesdølen).

Det blei eit greitt opplegg med info, prat og musikk. Kulturskulen ligg jo nesten brakk inntil nyttår, då har dei håp om å få tilsett eit allsidig og dugande menneske.

Det kom ingen til andakt og kommunen informerer, men det gjekk musikk.

Frå kl 20 til 21 hadde eg Lidia Gavoura på besøk. Ho fortalde frå sitt liv som flyktning og opplevingar frå Tadsjikistan. Egentleg lova eg å kome attende med fleire av kommunen sine tilflytte frå framande land for å presentere breidda i miljøet. Lidia spillte russisk musikk i norsk oversetting. Veldig fint!
Ø

Eg legg til ei lenke til Tadsjikistan, slik at du kan surfe litt rundt og gjere deg kjent med området: http://no.wikipedia.org/wiki/Tadjikistan

Open sending stod Rolf Erik Homme for, kjenner eg han rett var det trivelege og morosame kommentarar rundt rebusane denne kvelden.

Vår Gud han er så fast en borg

Share

I kveld var eg i Oddernes kirke og høyrde Ian Richards spele til Vest-Agder Kammerkor, som framførte kantate nr. 80 Ein feste Burg ist unser Gott av Johann Sebastian Bach. Det vart ei stor oppleving. Fyrst framførte Ian fleire stykke av Bach med presentasjon av melodien av songarar før han så presenterte Bach sitt stykke. Det var innsiktsfullt og vakkert. Så kom sjølve kantaten, som er i åtte deler med kor, ariar, resitativ og duettar. Bryan Breidenthal dirigerte frå kyrkjeromet, medan koret stod på galleriet for å vere nær orgelet. Det vart ei stor oppleving. Denne kvelden var det og ganske mange folk på konserten, så det var ekstra hyggeleg.

Konserten vart framført i Farsund fredag. Her er omtale i avisa Agder:
http://www.avisenagder.no/artikkel.asp?Artid=1744

Det var eit stort intervju med Ian i Fædrelandsvennen laurdag. Det er ikkje lagt ut på nett endå, men det var interessant å lese, så finn fram avisa frå laurdag og møt ein entusiast.

**Her er programmet for konserten: **

Preludium i D-Dur, BWV 532

Kyrie, Gott Vater in Ewigkeit; Christe, aller Welt Trost; Kyrie, Gott Heiliger Geist, BWV 669-671

Allein Gott in der Höh sei Ehr, BWV 676

Orgelkoral over «Ein feste Burg ist unser Gott», BWV 720

Kantate nr. 80: «Ein feste Burg ist unser Gott»

Sjå og http://www.kristiansand.kirken.no/index.jsp?page=15695

Då vi kom i kyrkja, fekk vi eit fint programhefte med heile teksten til kanta. Dei song på tysk, og då var det greitt å ha teksten slik at ein kunne fylgje med. Det var og ei omsetting av Ragnar Grøm, så det var greitt å forstå og for dei som ikkje kan tysk. Slik auka innsikta i verket.

Takk til Ian og Bryan for ein fin sundagskveld.

Jolemesse

Share

Det er jolemessetid. I dag har det vore jolemesse på Rysstad. Resultatet får du i Setesdølen tysdag. Men eg var på jolemesse i Mandal. Det var Gunnar Prestegård som var hovudtalar, og han er ein sjeldan person når det gjeld å kjenne folk. Helsar på dei fleste og kjenner att folk sjølv om det er mange år sidan sist ein hadde kontakt.

Jolemesse er eit høve til å prate med kjente, og eg fekk ein prat med Bjarne Christensen, som ville vite nytt om folk i Valle. Den pensjonerte krinssekretæren i Indremisjonsselskapet (no Normisjon) hadde mange spørsmål og eg prøvde å svare etter beste evne. Han ba meg helse til alle kjende, det gjeld til dømes dei tre andaktshaldarane i Tankar frå Bibelen, Håvard, Torleif og Bjørgulv. Men og andre var i tankane våre der vi sat.

Jolemesse i Valle er ei kunstform, i Mandal tek dei etter. Det var ertesuppe og risengrynsgrøt i god stil, billeg og godt, slik at ein kan ta lodd. Rundane med årer var ikkje så gjennomførte som dei pleier å vere på Rysstad, men dei kom tettare, og det er ikkje dårleg.

Neste helg skal Normisjon ha jolemesse i Valle, og plutseleg så er desember rett rundt neste sving. Viktige arrangement for å få inn pengar til eit friviljug arbeid. I år vart det visst over 350.000 på to dagar i Mandal, det er pengar som kjem godt med for å drive eit stort arbeid ute og heime.

Kva skjedde onsdag?

Share

I avisa tysdag var det ikkje noko program for kva som skulle vere i Valle Radio onsdagskvelden. Etter lista var det Ørnulf som skulle ha programmet, så eg sende ein epost til han for å få informasjon som eg kunne legge ut på bloggen.

Eg fekk til svar at han hadde måtta overlate kvelden til Øyvind, då han sjølv var på møte i Kristiansand heile dagen. Dermed sende eg spørsmål til Øyvind for å få vite programmet, men han har ikkje lese eposten sin eller hatt det for travelt til å sende meg eit oversyn. Ettersom eg er i Mandal og ikkje hadde høve til å høyre på Valle Radio den kvelden, har eg ikkje kunna skrive noko om kva som var på programmet onsdagskvelden.

Eg hadde likt om dei som steller program, sendte meg ein kopi av sendeplanen, så vi kunne ha eit oversyn her på bloggen, men ettersom det er eit dugnadsprosjekt vi driv, må vi nok slå oss til ro med at det vert eit hol her og der.

BROKKE derimot, dei er flinke til å sende brev med alt som skjer i bakken. Du kan melde deg på nyhetsbrevet deira og få vite at der har 20 snøkanonar gått for fullt heile siste veka, også onsdagskvelden. Nyhetsbrevet deira er eit godt supplement til det som stod i Setesdølen i dag, så du kan gjerne abonnere på informasjonen deira. Du som les dette, veit vel at du og kan abonnere på bloggen her og få melding i epostkassa di kvar gong eg har skrive nokre linjer. Det kan vere greit å få det, så slepp du å gå innom for å sjå om det er noko nytt.

Om Øyvind eller Rolf Erik sender ein mail om kva som skjedde onsdag, skal eg prøve å få lagt det ut på bloggen så fort eg kan.

Passar best på radio

Share

I dag var det eit innslag på SørNytt frå Sørlandet Sykehus Mandal om rehabiliteringsprosjektet som dei har der. Innslaget varte eit par minutt (eg såg det ikkje sjølv, men kona hadde sett det og meinte det varte så lenge). For å lage innslaget var ein journalist frå NRK Sørlandet til stades på sjukehuset frå klokka 0915 til klokka 12. Ho filma frå ein undervisningstime som Vegard Nilsen hadde for gruppa, og deretter frå ein treningstime gruppa hadde.

To minutt på TV og eit innslag i Sørlandssendinga på radio set litt i perspektiv alt arbeidet som ligg bak det vi høyrer og ser i massemedia. Sjølv har eg for lenge sidan funne ut at eg ut at eg passar best på radio, så eg gjorde mitt beste for ikkje å verte med på opptaket, sjølv om eg var til stades då det skjedde.

Takk til Knut Olav Uppstad for lenke til den nye foreninga Kostreform ved overvekt og sukkersykdommer. Eg sperra opp augo då det i dag kom ein ny artikkel på wikipedia om det same temaet: http://no.wikipedia.org/wiki/Foreningen_Kostreform_ved_overvekt_og_sukkersykdommer I den artikkelen kjem det fram at foreninga arbeider for endring av kosten som ei motsetning til Norges Diabetesforbund, som er meir oppteken av at pasientar skal få insulin og medisinar på blå resept. Den mest profilerte i den nye foreninga er nok Fedon Lindberg http://no.wikipedia.org/wiki/Fedon_Lindberg

Så langt eg kan finne ut, er dette mykje av det same som dei meiner på Sørlandet Sykehus Mandal, der ein fokuserer på sunt kosthald og fysisk aktivitet for å ta kontroll over eigen diabetes, eiga overvekt og eige liv.

Diabetesdagen

Share

I dag, 14. november, er det diabetesdagen, les eg i avisa. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Diabetes

I fjor bestemte FN at dagen skulle gå inn i det som kallast United Nations Day, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_FN-dager

At dei gjorde det, tyder på at dei godkjenner diabets som eit trugsmål mot global helse og vil vere med å kjempe mot auken i diabetes i verda. Ved å setje diabetes på lista over merkedagar vil FN setje fokus på sjukdomen, som i stor grad skuldast livsstil. I år er barn og unge med diabetes tema.

Om du har sett noko i avisene om dette i dag, er altså grunnen at det var ein spesiell dag der ein skulle fokusere på sunt kosthald og god trening som hjelpemiddel for å redusere diabetes 2. Det er om lag 200 barn under 14 år som kvart år får sjukdomen diabetes-1 og som treng støtte og hjelp for å ta kontroll over sjukdommen frå foreldre om miljøet dei er i.

Det er fleire nettsider enn dei eg har synt til som kan gje informasjon:

http://www.diabetesinfo.no
http://www.diabetes.no
http://www.accu-chek.no

Jolemessa på Rysstad

Share

I samband med jolemessa i år har eg hatt to innslag i Valle Radio. Fyrst intervjua eg primus motor Ragnar Aas frå Evje, og så fekk eg tak i Gunnar Hamnøy og hadde ein god prat med han. I dag kom annonsen i Setesdølen:

Jolemesse i Setesdal
I soknehuset på Rysstad
laurdag 17. november 2007

Kl. 11.00 Opning
Kl. 13.00 Møte – Tale av Gunnar Hamnøy
Kl. 16.00 Song og familiemøte ved Strandakameratene og Valle og Hylestad Barnekor
ca. kl. 18.30 Avslutningsmøte ved Gunnar Hamnøy og Strandakameratene

Mellom møta blir det

SAL av handarbeid, lefse og flatbrød
LOTTERI med gevinstgaranti
UTLODNING av mange fine ting
ÅRESAL – 300 kaker: kransekaker, marsipankaker, kringler, ostekaker og sjokoladekaker
KAFETERIA med mykje god mat: lapskaus, kaffi, brus og heimebakt

Det vert sett opp private turbilar.
Ynskjer nokon å bli henta, ring tlf 379 30258/
950 73917 Roald eller
379 30840 Egil
VELKOMEN
Norsk Luthersk Misjonssamband

Eg vil ynskje lukke til.

Inga tysdagssending denne veka heller

Share

Heller ikkje denne veka blir det tysdagssending i Valle Radio. Om du ynskjer å høyre Noreaprogramma, kan du gå inn på sidene til norea, der er det råd til å spele av program som dei lagar. http://www.norea.no

Men onsdag vert det sending. Kalenderen syner at det er Ørnulf som har ansvaret for den fyrste timen, og så er det Rolf Erik som kjem og har open sending. Torhild skal vere teknikar, og Jorunn har ansvar for telefonen. Meir informasjon finn du i Setesdølen tysdag 13. november.

Eg rekk ikkje å skrive meir i kveld, men helsar dykk alle med ynskje om ei god veke. Sjølv har eg no fått på vinterdekk på bilen, men eg vonar at det vert ei stund til snøen kjem enno.