To år på blogg

Share

I dag er bloggen min to år. Eg hadde eit innlegg 31. oktober, men det var frå 1. november eg starta å skrive bloggen. I løpet av desse to åra har eg skrive 745 innlegg, det vert meir enn eitt til dagen. Ikkje alle har vore lange, mange av dei gjeld bare programmet for veka. Men til saman gjev dei eit bilete av eit mangfoldig programtilbod og mange medhjelparar for å få til dette tilbodet til folk i Øvre Setesdal.

Er det nokon som les det eg skriv?

Statistikken tyder på det. Det har vore 154.631 sidevisningar sidan starten. I oktober har det vore 5032 besøk og dei har sett på 16139 sider, seier statistikken. Det betyr eit snitt på 162 pr. dag, og kvar ser på 3,2 sider i snitt.

Ideen med bloggen er å skrive stoff som er relevant i høve til programma våre i Valle Radio. Men det blir jo noko anna og. Det er ein personleg blogg, og dermed kjem det og anna stoff som eg er interessert i.

I løpet av denne tida er det ikkje kome mange kommentarar. Eg trur det er eit trettital. Nokre har eg sletta etter kvart, men dei fleste kan du finne i lista over kommentarar. Sett over tid har eg kunna dekka ein del av det som er i eit offentleg rom i Øvre Setesdal og som ikkje er publisert andre stader. Difor vonar eg at det kan fungere som eit supplement til andre kjelder når soga om Øvre Setesdal i 2006 og 2007 skal skrivast.

For tida les eg biografien om Per Sivle (Eit halvt liv). Sjå http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14254&read=lang_omtale og
http://nn.wikipedia.org/wiki/Per_Sivle

Det er rart å tenkje på kor ulik situasjonen når det gjeld publisering er for meg og han, no og då. Han måtte gå vegen om aviser og forlag for å få på trykk det han ville fortelje. Eg kan publisere det på bloggen, og du får det i eposten din bare minuttar etterpå. Etter kvart fekk han gode opplag på det han skreiv, slik sett skil han seg frå meg, han kunne leve av det, for meg er det ein hobby.

I våre dagar er det mykje meir som kjem på trykk enn det var den gongen. I tillegg er det lettare å publisere utanom dei tradisjonelle kanalane, ettersom vi har fått Internett.

Takk til deg som les bloggen min. Utan deg hadde det vore lita meining i å skrive her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *