Ein allsidig kveld

Share

Allsidig kan ein nok kalle kvelden i går i Valle Radio. Det starta med at Øyvind snakka med elevar på Valle vidaregåande skule. Dei har ei **elevbedrift som rensar smykke for folk**, og dei fortalde om det og mangt anna rundt det å vere elev på sylvsmedlinja i Valle den fyrste halvtimen.

Deretter kom Liv Tanche-Larsen i studio og for å snakke om vedtaket i kommunestyret om å innføre **gratis barnehage i Valle frå desember 2008**. Liv er gruppeleiar for Arbeiderpartiet i denne kommunestyreperioden og fekk heile kommunestyret med seg på dette vedtaket i budsjettmøtet.

I **Kommunen informerer** var det Lisbeth Homme som var gjest. Ho snakka om Valle barnehage, der ho er styrar og om barnehagane generelt. Barnehagane i Valle er fleirkulturelle, nærare ein tredel av borna har foreldre frå andre land enn Noreg.

Så hadde Håvard Viki programmet Tankar frå Bibelen.

Deretter bytta ein programleiar, for frå klokka 20 var det Ørnulf som var radiovert. Han snakka fyrst med banksjef Vidar Homme i **Valle sparebank om Terra-skandalen**. Banken eig 0,47% av Terra, og er altså ein av dei 78 eigarane til finanskonsernet. Det er særleg når det gjeld IT-løysingar ein liten bank som Valle sparebank treng å vere ein del av eit større fellesskap, men og bankkort og forsikring får Valle sparebank gjennom Terra.

Rådmann Arne Tronsen kom så i studio klokka 20:30 for å snakke om Konsesjonsgrense 0, som har blitt eit aktuelt tema i kommunen. Ei sak om dette skal opp i kommunestyret 19. desember etter at ho hadde vore i formannskapet 5. desember. Det har jo og vore fleire innlegg i Setesdølen om dette.

Frå klokka 21 var det Rolf Erik som var radiovert. Han hadde med seg Kjell Olav Uppstad som makker og rebusane var henta frå Setesdølen tysdag. Folk ringde frå fjern og nær, så tida til 22:30 gjekk fort for Bitte og Ingun, som sat ved telefonane, og for Gudrun, som hadde teke over for Torhild som teknikar. Sjølv fekk eg vere flue på veggen ein triveleg radiokveld og nyte Bitte si nydelege sjokoladekake til kaffien denne desemberkvelden.