Sang til førjolsfest

Share

Sundag kveld fekk eg spørsmål frå Ånund K. om eg hadde høve til å vere med på jolemøte i Valle pensjonistforening torsdagskvelden. Det svara eg ja til, og frå halv fem til åtte i kveld var eg der. Håvard Viki hadde andakt og eg las frå Ajax. Han har mange fine små stykke relatert til jol.

Ein fest treng ein song for høvet, så eg valde å skrive ein førjolssong vi kunne syngje i lag. Den vart vel motteken, og om lag 25 personar song den saman i kveld. Eg legg han ut på bloggen, så kan han kanskje verte til glede for deg som les bloggen også.

**Sang til førjolsfest**
**Valle pensjonistforening**

Melodi: Gjør døren høy

No stundar det mot jol igjen,
snart sola snur og stig om senn.
I Valle vakker adventstid
snart møter jolehøgtid blid.

Me jol har feira mange år,
for oss ho fast i minnet står
ei tid så kjær, til denne dag
med jolebakst av mange slag.

Frå barneår då gåver små
me gav og fekk, og heilt til nå
ei høgtid kjær det vore har
og best det var hjå mor og far.

I jola åt me nepespa,
song jolesong, var hjartegla’.
Den same mat er viktig enn,
men jolesongen, kva med den?

Lat oss den finne att på ny
og saman syngje høgt i sky
ein jolesong om fred på jord,
ja, lat oss syngje den i kor!

13. desember 2007 Harald Haugland