Gang- og sykkelveg

Share

14 år etter at forslaget om gang- og sykkelveg frå Valle sentrum til Valle skule kom opp, er det blitt vedteke i kommunestyret. Det var vedteke etter eit forslag frå ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, noko som ikkje var unaturleg, sidan han i Valle Radio i valkampen gjekk hardt ut for den saka. Han lova om så var gratis grunn på sin eigedeom for å få realisert prosjektet.

Forslaget vart samrøystes vedteke, og det vart sett av fire millionar kroner til det. I følgje Setesdølen i går skal ein no velje om ein skal lage separat gang- og sykkelveg, eller om det skal byggjast eit opphøgd fortau. Landar ein på separat gang- og sykkeleveg, må kommunen drifte den, skriv avisa, men om det vert opphøgd fortau, må fylke og stat stå for drifta. Så må det utarbeidast reguleringsplan for vegen og så skal grunneigarane inn på banen. Difor spørs det om det ikkje kjem til å gå både vinter og vår før sykkelvegen står der.

Høgre fekk støtte frå Pål Dale og Kristeleg Folkeparti i saka alt før forslaget kom til kommunestyret, og dei to partia har fleirtal i kommunestyret i denne perioden. Så då var det ikkje særleg grunn for Arbeidarpartiet og Senterpartiet til å stemme mot. Difor vart det samrøystes.

Bloggen vil fylgje opp denne saka og sjekke om det bare vert store ord. Om vi for å gjere det lett, seier at vedtaket vart gjort 1. desember, skal vi prøve å sjå kor mange månader det går før det skjer noko meir i saka. Vi vil prøve å hugse å ha ein omtale av saka den fyrste i kvar månad og oppdatere lesarane på situasjonen. Skulle vi gløyme det, vonar vi at nokon minner oss om saka, slik at vi kan halde henne varm i tida framover.

Tregdevegen i Mandal treng og gang- og sykkelveg. Politikarane i Mandal snakka varmt om det i valkampen. Nesten like varmt som Valleordføraren. Eg lurer på om dei klarer å få prosjektet i hamn før Valle, trafikken, særleg om sommaren, er mykje større på Tregdeveien enn i Valle. Akkurat som vegen i Valle er Tregdevegen nasjonal sykkelrute. Om målet om meir sykling og mindre bilkøyring skal realiserast, må det vere sikrare vegar for mjuke trafikantar.