Frå Brokke til Kaputiei

Share

Laurdag var det eit boligbilag til Fædrelandsvennen frå ABCenter. Ettersom eg ikkje skal ha meg ny bustad, pleier dei avisene å gå i søpla, men eg kom til å bla i den, det er alltid interessant å sjå om det er nokon eg kjenner som skal selje huset.

På side 2 i den avisa var det ein reportasje kalla **Klasserom i gave**. Der stod det: Mellom korsang og aking på snø fra Brokke overrakte ABCenter årets julegave til Strømmestiftelsen: Et klasserom på Kaputiei-sletta i Nairobi, Kenya. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kaputiei

Dette førte til at eg las den artikkelen, og lærte noko nytt. Strømmestiftelsen arbeider saman med ein mikrofinansorganisasjon, Jamii Bora, i Kenya om å bygge ein by om lag så stor som Mandal for folk som kjem seg ut av slummen i Nairobi ved eigen innsats innan finansiert med mikrofinans. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jamii_Bora som og har lenker til andre stader, mellom anna ei svensk side.

ABCenter køyrde eit lass med snø frå Brokke til byen for at borna skulle få litt jolestemning, og så overrakte dei ein sjekk på 30.000 kroner til Strømestiftelsen for å finansiere eit klasserom på skulen som skal byggjast i den nye byen. Etter det ein kan forstå vil også Agder Energi gjere tilsvarande, og kanskje andre firma og vil vere med på dette innanfor ramma av Strømme Business Service.

Slik vart det knytt ei lenke frå Brokke til Kaputiei. Lenka er mest imaginær, snøen har alt smelta bort i Kristiansand. Men mikrofinans kan vere ein type alternativ jolegåve som kan gje svært mykje att for pengane. Mange hjelpeorganisasjonar har slike ordningar.