Meir om Per Sivle

Share

I går skreiv om teksten til Ålgårdssangen av Per Sivle. Boka **Eit halvt liv** av Alfred Fidjestøl lånte eg på biblioteket i Valle i haust. På 380 sider har han teikna biletet av denne skalden som skreiv **Den fyrste song**, **Berre ein hund** og mange andre av tekstane som var ein del av oppveksten min.

Men korleis gjekk det for Sivle på denne festen i 1895, diktaren som heile livet sleit med alkoholen? Eg siterer frå boka side 307:

“Sivle blei sjølvsagt invitert til festen, diktet hans skulle syngjast under festmiddagen. Ola Stueland (fråhaldsleiaren som hadde skaffa hus Sivle kunne leige denne sommaren) åtvara Sivle på det sterkaste mot å reise, han frykta for alkoholserveringa på festen. Sivle trudde nok han skulle stå han av.

Grunnleggjaren Ole Nielsen var sjølv for sjuk til å delta, men 400 gjester var møtte fram for å heidre livsverket hans. Heile Sandnes flagga, Stavanger musikkorps spelte taffel. Halv tre gjekk gjestene til bords, bordsetet varte i timevis. Det blei ei endelaus rekkje med talar. Sivles ven lensmann Øverland var mellom festtalarane. Dei song Sivles kantate, og inspirert av stunda tok Sivle sjølv ordet og heldt ein spontantale der han las diktet “Erling Skjalgson” og knytte, ifølgje referatet i Stavanger Avis, “en stemningsfuld Sammenligning mellom Ole Nielsen og Erling Skjalgson: Som Erling havde gjort frie økonomisk selvstændige Borgere af sine Trælle på Sola, således havde Aalgaardsgubben givet sine Arbeidere Livsvilkaar, som bringede Frihed og økonomisk Velvære.

Kontorsjefen ved fabrikken heldt hovudtalen og avslutta med å “bede mine Damer og Herrer med mig løfte Glasset”. Sivle gjorde som han blei beden om. Han løfta glasset. Han skålte for fabrikken. Han drakk. Det gjekk som Stueland hadde frykta. Sivle gav alkoholen veslefingeren. Og alkoholen reiv heile mannen til seg. Sivle hamna på rangel igjen, han braut opp frå Hana og forsvann.

Ola Stueland visste ikkje kvar Sivle hadde teke vegen. Inntil han trefte han tilfeldig på gata i Stavanger. Då var Sivle sørpe full. ”

Heile livet sleit han med alkoholisme.

Du finn meir om Per Sivle på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Sivle