Her kjem me, Jesus, dine små

Share

Julesalma på nr. 43 i Norsk Salmebok i nynorsk versjon av Elias Blix og nr. 42 i bokmålversjon **Her kommer, Jesus, dine små** av Hans Adolf Brorson vil nok på mange joletrefestar også i år syngjast feil. Jolesongar er nok noko av det som held seg lengst mot revisjonar, innsungne som dei er gjennom utallege rundar rundt joletreet på joletrefestar gjennom generasjonar. Og salma av Brorson med tittel **Her kommer dine arme små** ligg lett på tunga hos alle vaksne som var vande med bokmålsteksten.

Heile åtte vers måtte Brorson ha for å få sagt det han ville i salma, som er frå 1732, men som fyrst fekk melodi 54 år seinare, i 1786, av den tyske organisten og komponisten Johann Abraham Peter Schultz, som du kan lese om på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Abraham_Peter_Schultz Frå denne lenka kan du gå til teksten på salma og.

Eit brev i jolehelga minte meg om at melodien ofte vart nytta som salongmusikk, **Parafrase over Her kommer dine arme små** var alltid ein suksess på joletrefestar. Men komponisten av parafrasen visste eg lite om, inntil eg fann at han heitte Rudolph Magnus Forwald og var organist i Mandal i 10 år frå 1894 til 1904. Så no er det ein artikkel om han og på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Rudolph_Magnus_Forwald ikkje mykje biografisk stoff ennå, men det kan kome meir etter kvart. Det fine med wikipedia er at ein treng ikkje ha ein full artikkel i starten, den kan vekse over tid.

Eg trur eg vil prøve å få tak i Kjell Bækkelunds innspeling av pianoparafrasar over jolesongar. Om det lukkast, vil eg dele musikken med deg i Valle Radio over nyttår, når vi er tilbake på lufta att.