Konsesjon

Share

Eg fekk ein telefon frå Olav Mandt, som er styreleiar i Bykle Radio. Han kunne fortelje at frist for å søke konsesjon for ein ny 7-årsperiode er 20. januar, så plutseleg vart det hastverk. Vi må få til eit møte like over nyttår for å diskutere dette saman med dei.

Han kunne fortelje at det hadde vore eit initiativ frå Radio Loland som vil gå saman med Lindesnes og Søgne og få profesjonalisert med ei stilling for å selje reklame, og då ville dei gjerne ha med Bykle og Evje. Olav Mandt syntest ikkje det var nokon god ide, det gjorde ikkje eg heller. Vårt opplegg ville drukne i deira.

Send meg mail på harhaugl@gmail.com om du har idear til saka.