Jula er over

Share

Eg ville prøve å få tak i plata Glade jul der Kjell Bækkelund spelar pianoparafrasar over kjende jolesongar. Etter kvart fann eg ut kven som hadde gjeve ut plata og tok ein telefon til dei:

-Det er frå Valle Radio. Eg skulle gjerne ha plata Glade jul med Kjell Bækkelund.
-Hos oss er julen over nå. Dessuten er det en gammel plate, så vi kan ikke sende den gratis til deg nå.
-Eg tenkte ikkje å få den gratis, vi ville kjøpe den.
-Når tid trenger du den til.
-Onsdag etter nyttår.
.Jeg skal se hva jeg kan gjøre og sende den til deg med faktura.
-Tusen takk, og framleis god jol og godt nyttår.

Så la eg på. Vonleg får eg plata slik at du kan høyre Bækkelund spele på nyåret.

I dag var eg i butikken, eg har ikkje trødd ned dørene der i jola. Julestjerne 10 kroner, stod det på ein stor plakat med det same eg kom inn.

Jo, jula er over. Og eg måtte til dansk wikipedia for å finne artikkelen om julestjerne:
http://da.wikipedia.org/wiki/Julestjerne

Gled deg over det du finn der så lenge.